Håper alle får ei koseleg jul

Skal sjå på grevinna og hovmesteren.
Tradisjon.
Høyrer til liksom
Koser meg meg juleknask og nyt kvelden.

Gleder meg til å feire julafta på jobb med hærlig kollega og dei som bur der.
Litt annarleis jul med munnbind på oss som jobber og ikkje privattøy iår.
Men lurt. Korona rundt oss overalt, og sjølv om ein er forsiktig så kan den slå til.


Kveldsturen gjekk i nydelig men glatt vinterver.
No snøar det.
Kvit jul iår

God jul

Pissver og juleutfart

Ikkje det helt store og passer ikkje så bra ilag..Køyr forsiktig.
Sjølv har eg berre hatt utfart på 25 kilometer til frisøren..ja,måtte jo heimatt og.
Slept
Sludder ute..

Fartsstripa er vekke og eg føler meg litt bedre.

Resten er like gale som før.

Smitten auker overalt..Nesten så ein vert folkesky.
Skremmande utsikter..
Kan bli tøffe tider i helsevesenet.
Er å håpe at ein ikkje blir så sjuk

Går med munnbind både på jobb og i butikker.
Ikkje lett å halde meteren

Men heime går det i pysj og koseklær…
Kanskje pålegg om munnbind heime hadde stoppa matinntaket..

Kosefaktoren er stor…

22 desember:-)

Sit her i pysjen ,med tjukke labber og pledd.
Prøver å vakne til liv og få litt arbeidslyst.
Ikkje det store eg har tenkt å gjere,men kunne no i det minste følt litt arbeidsglede.


Imens så koser eg meg og ser skrått ut på veret…Visst det skal fortsette slik til vi får minus 10 julafta,då frys det meste til is hos meg.
Sludder ute,med regn i bygene:-)
Vurderte å gå ein tur,men trur eg dropper det no på føremiddagen.
Heldigvis litt sein frisørtime.Høgst nødvendig ser eg på topploket.

Har eitpar pakkar eg ikkje har pakka inn.Resten får vere som det er.Er no ikkje så mange innom heimen uansett,og dei veit no korleis eg er:-)
Rydde litt og dra over golva.Ta vekk advendtstaken..Vart ikkje igår.Eg rir ikkje den dagen eg salar alltid.
Skal jo planleggast:-)
Skal ta det no før eg reiser til frisøren,så er det gjordt

No fyrer alle med ved,og asmatikarane dei slit då med lufta.Er ikkje enkelt dette her.
Den eines brød den andres død.Høyrdes felt ut…men er alltid nokon som er skadelidande.
Kom på at eg må hukse å ta ut aska or ovnen og hente ved før kvelden.
Har varmepumpe og den er på,men satt ned gradane litt.
Har frose nok i mi tid eg,men er ikkje glad i høge straumrekningar.
Dei prisane vil heller ingen ende ta,ser det ut som.

Kanskje på tide å dusje….dyrt men nødvendig idag,kjenner eg

Ha ein fin dag

Det er berre å søkje på stillingar hos oss:-)

Ser på sida til Hyllestad kommune at vi treng mykje folk
Sekretær,sjukepleiar,assistentar fagarbeidara ,ergo og fysioterapeut
Ser ut som alle er slutta,men så gale er det no heldigvis ikkje
Men nokon er det og,og det syns eg er trist.
Det positive er at vi no skal prøve sjukepleiar i stab,og helsefagarbeidara som avdelingsleiara.
Er jo ein ny måte å organisere oss på og noko må ein jo gjere når ein mangler fagfolk.
Men først må vi jo ha folk.
Som alle små kommunar så slit vi med det.
Kan nok vere mange grunnar …
Ikkje alle som syns at natur åleine er nok.
Å jobbe i eldreomsorga har vel ikkje akkuratt høgstatus.Men det burde det.
Fantastisk jobb:-)
Kva skal til for at folk skal ha lyst å jobbe her ,det veit eg ikkje
Trur vi er ganske greie,men er ikkje sikkert andre syns det.
Vi blir stadig ferre unge og meir eldre som meg…Ingen god prognose.
Her gjeld det å halde seg frisk å oppegåande.

Men er jo ikkje berre på bygda at vi slit med å få folk til å jobbe på sjukeheimar…
Så no krysser eg fingra for at det skal skje eit under.At vi får fleire unge i tjenesta,jadå…og voksne…

Trur kanskje ikkje lønn aleine er avgjerande,men det hjelpe på.
Men ein må jo og trivast på jobb og på fritida…
Dagens tankar

Har vore å henta jenta mi heim til jul idag.Fått handla siste resten til jula.Litt sånn inpulskjøp:-)
Ellers har eg rett og slett ikkje gjordt nokon verdens ting anna enn ete og slappa av og kosa meg i førjulstida.I julehelga skal eg jobbe,så nyt desse feriedagane før jul fullt ut.
I morra skal eg ta vekk fartsstripa på topploket:-)Så kan jula komme

Solsnu:-)

Endeleg.Vinterens høgdepunkt.Sola snur ,og for kvar dag er vi litt nærmare våren og sola er her litt lenger kvar dag:-)

Eg forbinder dagen med farmora mi.
Ho hadde nemlig bursdag den 21 desember:-)Så datoen er lett og hukse
Har tenkt eindel på henne no på morgonstunda.Kjekt å minnast

Vakna til kvitt landskap.Dvs er mørkt fortsatt men stakk nasa utom døra…
Brrrrr.
Er jo mange som ynskjer seg kvit jul..
Snøen er grei,så lenge det er fint å køyre.
Det er der eg slit mest…
Har ikkje tenkt å gjere noko idag skal eg vere ærlig.
Berre kose meg:-)

Vintersolverv er årets korteste dag. I Norge “snur sola” tirsdag 21. desember 2021, klokka 16:59, og dagene blir lysere fram til sommersolverv.

Greit å ha det klart for seg:-)Bør feirast kanskje.

Sola “står stille”
Selve begrepet solverv kommer fra det latinske ordet solstitium, som betyr sola står stille. På norsk sier vi også at sola “snur”, og noen kaller vintersolverv for solsnu. Dette henger sammen med at vi står på jordkloden og ser opp på sola. For det er jo ikke sola som beveger seg, men jordkloden som kretser rundt sola
Har henta meg litt faktaopplysing frå nettet;.)

Ha ein super dag.
Det lysner 🙂

Vakkert

på slike kveldar ser eg litt av solnedgangen heimafrå.
Utruleg flott.

Må berre stå og nyte.
Ser snøskyene snik seg innpå.
Vinter

Bygdenorge på sitt beste.


Slike dagar gir meg energi

Morgenstund

Slutt på milde dager,men vakkert kulden har tatt tak
Må hente ved å fyre i ovnen.
Straumprisane når nye høgder.
Skremmande.Og kaldt ver gjer det verre..
Men mat må vi ha og fryse kan vi ikkje.
Sparer så godt eg kan.
Og stromrekninga hadde dobla seg omtrent no,så no er det berre å vente på smellen.

Det meste stig i pris.
synd i dei med minst inntekt.
Eg går no i jobb..og så er det kaldt….

Fuglane må få påfyll av mat og eg må hente meg ved…Livet går sin gang

Ha ein fin mandag

Så tenner vi det 4.lys

Snart jul.Godt med ein roleg og fin søndag
Vore på grava til pappa.Litt kaldt om eg skal vere ærlig.Beit godt om nasa

Fin kirkegard.

Når ryggen er dårleg er det viktig å ha med stol.
Men var for kaldt og var ikkje kledd for kulden:-)

Er litt fint å sjå dei julepynta gravene.

Var godt å komme heim og inn i varmen
Fyr i ovnen,pledd og varm mat:-)
No er det kaffi og kos.
Litt sport og litt suduko
Har det slett ikkje verst:-)

Lyse natta;-)

Har du tenkt å sove no det er lyst og flott ute?
Hjernen min den lever sitt eige liv
Fullmåne antagelig på denne tida.Ikkje veit eg,men jaudå,,,Natta er lys og flott
Ikkje grått men heller flott
Har skallebank eg då.så tatt ein paracet og stått opp.Like greit,tenkjer eg.
Har fri,så kan ta meg ein lur på morgonstunda

No har hjernen min jobba med pasientreiseproblematikk,munnbind og sjukehusinnkallingar..
Kvifor må fuglane vite.Eg skal ikkje dit det eg veit,og drosje tek eg ikkje,
Er nok det at eg las at grunna korona,så sleit drosjane med kapasiteten og ba oss køyre sjølv..
Uff…men kvifor hjernen min skal blande seg oppi det er uvisst

Er igrunnen fredfullt å sitte oppe om natta.
Sove får eg når kroppen er klar.
Kanskje eg skal finne meg noko varmt å drikke

Truls Svensen og sambuaren sin sang vant i Mega Hit.Er flott syns eg,men merkeleg nok er det mange av sangane som set seg fast i hjernen om ein vil eller ei.
Rart fenomen.Tek meg i å nynne på fleire til tider.Ikkje det at alle er dei store sangarane,men det er vel heller ikkje tanken bak.
Har ikkje sett alle programma,men fekk med meg finalen:-)

Ikkje veit eg kva eg gjere feil,men slik skal nok ikkje kransekakestenger bli.
Jaja.Om ikkje anna har eg fuglemat.
Baking er ikkje mi sterke side

Restefest og lørdagskos

Hatt ein super familiedag med nokre av mine:-)
Kos med slike førjulstradisjoner:-)Pakkebyttedag.

No koser eg meg med resten av lasagnen:-)Ser tv og nyt tilverelsen:-)
Ikkje farleg om det er grått og vått ute når det er hyggeleg inne
Godfølelse i kroppen

Heldig å fått blomsterhelsingar til jul:-)Kjempestas
Syns det er triveleg med blomster:-)
Viktig å ta vare på dei gode øyeblikka i desse tider.Ja alltid då.
Vi har vel lett for å dyrke dei negative


Tulipanane har eg kjøpt til meg sjølv.Sånn til oppmuntring 🙂

Ha ein super lørdagskveld:-)