IQ.test før jobb

Måtte pusse brillene for å sjå om det sto det som eg trudde.
Nedbemanning i lagera til coop ,og alle som skal jobbe på lageret på Gardemoen må ta IQ-test før tilsettelse.
Folk må vente til sommaren med å vite kven som er uten arbeid eller må flytte på seg, når dei flytter alt til Gardemoen…
Høyres veldig rart ut for meg…
Uff tenkjer eg.Er det slik vi vil ha det?Glad eg slepp IQ-test:-)
No veit ikkje eg meir enn eg ser på nett,men trur kanskje ein må få lov å stille litt spørsmål.

Er ikkje alt ein skal forstå antageleg.
Ute er det vorte vinter,og det snør litt.Kjenner det på temperaturen.
Men er jo januar,så er ikkje direkte uventa
Vind ute,så frester ikkje så veldig å gå ut må eg innrømme,men treng litt bevegelse.så må snart kle meg godt og trosse latskapen.
Blir veldig stiv uten iallefall….Men har eg lyst…Nei,,,
Fortsatt i sovemodus…

Fann eit gammalt Bilde og rekner med eg snart kan bygge meg ein ny.Det er i det minste morsomt:-)

Ha ein super mandag

Når kroppen treng kvile

Idag har kroppen min tatt fridagen sin
Ville berre ligge på sofaen og sove
Så då har eg gjordt det
Trengde det nok
Litt sånn slakk både i kropp og vilje.
Kun hatt meg ei runde og sjekka omgivelsane etter uveret.Bles heftig inatt

Nydelig på føremiddagen.
No kjem snø og vinter.
Er jo januar.
Farmen,og strikk før meir søvn.
Hjernen har ferie

Tid for innekos

Ruskete ute,men koselig inne
Godt med slike gode avslappande lørdagar,der eg surrer rundt i vid genser og joggebukse.

Fått stroke litt klær.
Støvsuga og slappa av
Ovnen er nermast rødglødande og breier ein god varme ut i rommet.

Ute gjer naturen alt for å skaffe oss fulle vassmagasin og billigare strøm.

Litt småforkjøla.
Er nok veret si skuld og ikkje korona håper eg.
Strikke og tv kveld.
Håper lyset held stand i uveret.Det er ganske heftig enkelte plassar.
Men har levande lys,batterilys og har lada opp telefonen.Best å vere på den sikre sida.
God lørdagskveld

Uver….

Idag gadd eg ikkje gå tur..
Rett og slett ufyselig ute
Så eg laga meg god middag.Åt for 4 og havna godt innpakka på sofaen.

Glømde ta inn ved mens det var lyst,så får berre vere.
Skrudde opp varmepumpa.
Straumrekninga vert nok stor,men orker ikkje fryse.

Sofaver.

Dyrke litt hobbyer og kose meg inne


Usunn mat men smaker berre lekkert
Går i hi til mandag

Det har skjedd eit under

Det er så eg nesten ikkje trur mine eigne auge
Etter fleire års venting er det endeleg kommen lys i gatelyset.
Ja her er berre eit ..Ingen luksus,men fantastisk nyttig.
No slepp eg å vere redd for å gå meg utfor når eg har vore hos naboen,vert litt sein,det er mørkt og telefon og lommelykt er heime.
For rekkverk her på smale fylkesvegar,det er ei stor mangelvare.
Går ein seg utfor ,så gjer det nok berre ein gang mange plasser.Gjeld og med bil. Er berre å håpe det går bra

Men glad og lukkeleg over lyset,og mindre glad over at snøen igjenn har gjordt sitt inntok.Ikkje så mykje endå,men får køyre forsiktig og i god tid…Ikkje berre berre å ha lys.Eg ser jo kva som skjuler seg i mørket:-)
Eg køyrer uansett ganske så seint…Men bruker å sleppe andre forbi…

Godt å ha når ein søv berre nokre timar.
Etter to dager med møte og kurs, trur hjernen min at den må jobbe med dette om natta.
Er visst veldig påkrevjande. I tillegg forbereder den seg til neste møte…såånn npr den først er igang

Så eg sto opp. Drittlei heile planlegginga. Trur eg har ei spalta personlegheit der.
Ein del tenkjer og den andre er lat og gidd ikkje det eingang

Katten har masa etter mat i fleire timar og endeleg fått servering.Eg har fått kaffi…av meg sjølv
Dagvakt,så kan likegodt prøve å vakne skikkeleg
Gjere meg klar til ein fin dag på jobb
Liker å ha god tid om morningen .Vakne i fred og ro. innrømme at særleg blid er eg ikkje i det eg står opp:-)
God fredag:-)

Fytti katta for eit ver:-(

Akkuratt no er eg glad eg har tak over hovudet.Fytti katta for ein vind og eit ver.
Lokalferja er innstillt ,ser eg, og det skjønner eg godt

Turen er avlyst og eg kjenner at eg er litt sånn småtufs .I dag så bles det rett og slett litt vel mykje.
Iallefall endå.Går ei grense for kva eg orkar:-)

Syns det har vore mykje vind i det siste eg altso.Toler flott nokre fine dager med sol og rolege vindforhald.
Kjenner eg vert smådeppa av heile greia.

Så idag vert det innedag før seinvakt.
Hadde strengt tatt vore fint berre å lagt i senga til det ga seg:-)

Men ,når kaffien får verke litt på humøret,og eg får eitpar timar til,så letter nok humøret mitt og.
Snart februar og vi nermer oss vår:-)
Ha ein fin torsdag:-)

Skal ikkje vere enkelt

Coronasmitte i langrennstroppen og ol i fare.
Syns synd i dei som har jobba fram mot eit mål og no får det spolert.
Ikkje greit,men lite ein kan gjere med det i etterkant.
Så kan ein spekulere i om dei var på rette plassen…
Etterpåklokskap er og ein klokskap

Her er det sånn jobb og møteveke…Gleder meg til fredag og frihelg
Skikkeleg pissever for å sei det som det er
Gleder meg til våren eg.
Lyse kveldar og meir energi:-)Lov å drøyme

Taliban på nyheitene…Skal la det forbigå i stillheit

Store lettelser i coronareglane neste veke…Spent på kva det er.Klart ein kan verte lei ein kvardag med munnbind.
Men,alt blir ein vane
Frys litt..Gidd ikkje hente ved i dette veret.Kan jo sette opp gradane på varmepumpa,men trur pledd får gjere susen.

Har vore på regnverstur i ettermiddag og.Berre for å få frisk luft.Direkte kjekt var det ikkje.
Hadde tatt feil joggesko.Var nemlig ikkje regn då eg gjekk.Vart temmeleg våt på beina kan ein sei.Ellers var det tørt:-)
Sånn er det når hjernecella har gått av vakt

Ha ein fin kveld:-)Her vert det tv og strikketøy

Nattens dronning

Sjølvtilliten er et ikkje noko i vegen med som de skjønner:-)
Men her sit eg att.
Seint møte og formykje kaffi er nok grunnen til at hjenen min jobber som vi skulle hatt ein stilling i Nato
Heilt utruleg kor den er fungerer no:-).Meir treg i starten og tankegangen når den skal vere påkobla

Sto likegodt opp ein tur.Skal nok legge meg att,men ingen hast og ingen vits i før toppetasien har tatt ro.
Hjelp ofte å stå opp litt og få tankane over på noko anna.

Hadde store planer kva eg skulle rekke på fridagen min,men vart igrunnen lite gjordt.Eit teamsmøte på dagen og møte på kveld.
Og slik gjekk no dagen:-)
Fekk skura av litt grønske på trappa ….var nesten verre enn is…glatt.
Men no er det endeleg utført.har tatt lang tid å planlegge.
Merkeleg dette fenomenet latskap…startvanskane er megastore,men når eg først får start på kroppen,så er det fort gjordt
Blir verre etter eldre eg blir..
Heldigvis seinvakt imorra,så eg kan sove litt lenger når eg først får det til
Til og med sett på Torpet på nett.-)Liker den gjengen iår eg.Litt underholdning må ein ha her i livet:-)
Kan ikkje berre lese krim

Kanskje eg skal prøve sove litt meir:-)
God natt

Vått ,grått og alt går smått

God morgen frå sofakroken
Snufsen og tung i topplokket,men håper det berre er litt forkjølelse

Håper på at eg kan prøve å drive fram litt tiltakslyst iløpet av dagen.Den er nemlig totalt fråverande for tida,
Jau då..Går på jobb.Men det er liksom det eg gjer.
Har ikkje ork eller lyst til nokon verdens ting.
Mulig det kallast vinterdeperasjon..Kan og velje og kalle det latskap.
Gidd ikkje.Må altså prøve å få letta litt på skrotten idag.
Ete gjer eg.Heile tida.Må prøve å snu litt på flisa
Det går jo mot lysare tider om ikkje anna

Er så mykje i politikken eg ikkje forstår fortida.Og det har igrunnen ikkje med kva parti eg stemmer på.
Heilheita gjer at eg stusser.
Alt er kjempedyrt
Straumprisane er megahøge.Kvifor og kven som har skulda ,det er er det ulike meiningar om.Men dyrt er det uansett.Det må gjerast noko med,tenkjer eg. Samtidig held vi på å både regne og blåse vekk.Skal no vere nok både regn og vatn til å prousere strøm i store mengder

Og det møte som no foregår i Oslo,skjønner eg og lite av.Dyrt er det og
Men er nok ikkje alt lille meg skal forstå.
Prøver etter beste evne,men glepp ofte i min logikk

Til og med strikketøyet og sudokuen skaffer meg hovudbry til tider.
Glad eg har fri,for nysinga og snufsinga idag bør nok ikkje delast med så mange,i desse tider

Skikkeleg trasig ver ute,så godt med innesysler.

Vurderer om eg skal begynne på denne,men bør vel først gjere noko som krev litt bevegelse.

Ha ein super mandag

Det laver ned

I natt har vinden ruska på.Tatt tak i det han føler han må
Eg må inrømme det at eg hadde glømt
å rydde vekk julekransen ,men no er det gjømt

Langt oppi bakken der ser eg den ligg
Sånn under det kvite og føler seg digg
Nordavinden har rydda for meg,kanskje den gjorde det også for deg

Ute der laver snøen ned
jammen glad eg kan sitte inne i fred
Nyte kaffien og tenkje på,at snart skal eg berre ut å gå
Har fri idag og skal kose meg,slepp rett og slett å bile meg

Skummelt på vegane når det er glatt.Når i tillegg det fyk vert ein ganske matt
Så glad eg har fri og kan tusle på
og sjølv velge om eg vil ut å gå

Må teste piggskoa hadde eg tenkt. Måke litt snø og finne ting som er gjemt
Sjå om vinden har rydda litt meir enn eg ser
Hender no ofte at det no skjer