Som lyn frå klar himmel

Ut på tur aldri sur
Rett ut etter jobb.nordvest kuling..
Berre å kle seg godt.
Gjennom skogen er det slett ikkje så gale

Men alt har ein ende.
Traff ein trimmar frå Fjalersida.
Over grensa var det heftig med vinden.Ellers flott..Var vegmeldinga..
Etter ca 1500 meter vart det slutt på freden.
Nordvest kuling tek tak skal eg sei..Men eg ligg tungt i vegen etterkvart.
Ikkje så lett å blåse vekk.
Sånn omtrent som lyn frå klar himmel vart det svinglatt..Fekk meg ein liten sidelengs skru..Vart med skrekken
Subba meg framover..
Håpa på det skulle avta..Der tok eg skammeleg feil.
Så for ikkje å ende opp med lårhalsbrudd så snudde eg og subba meg heimover.

Traff fjalerbuen på veg opp bakken.
Litt forskrekka over kor fort det hadde frose på.
Godt det ikkje berre var meg som sleit.
Men,tilbake i skogen var alt berre velstand.

Berga..

Premien..
Fleskepannekaker og kaffi..
Mat og varme må ein ha..
Var steike godt..

Kalde føtter

fyttikatta kor eg frys på beina…Bokstaveleg talt ..Kalde føtter
Har sove litt,men altso…får ikkje kalde føtter av det…Frys ..Rett og slett ubehageleg
Kjem nok snø….det høljregner ute,men vi får sjå.
Bruker å fryse på beina når snøen lurer bak hjørnet…

Lite søvn inatt gjorde meg litt sånn trøtt gjennom dagen.
Etter regnverstur og fleskepannekaker,flata eg ut på sofen som eit slakt

Godt innpakka i tepper sovna eg midt i nyheitene…dei klokka seks:-)
Gjorde susen,så no er det tv og kos:-)Alle mot alle.
Artig program.Liker slike spørreprogram eg…Kan til og med håpe å lære noko:-)

Skremmer meg med all denne krigsopprustninga rundt oss.Føler ikkje at vi er så trygge i vesle Norge lenger.
Kjenner det går litt kaldt nedover ryggen…
Grøss og gru…Håper det ender bra

No kan forsvaret ta bilen din,står det …Tviler på at dei vil ha yarrisen min:-)Men kven veit.
Kjekk å ha på smale vestlandsvegar

Eg fekk melding om at strikkegarnet mitt var undervegs…I morra er det ikkje post,så mulig eg får det torsdag:-)
Har liksom ikkje heilt hekleånda fortida,så eit enkelt strikk trur eg hadde vore på sin plass.Litt bedre enn å gomle karameller:-)

Ha ein fin tirsdagskveld

Varulv:-)?

Fullmåne eller lakenskrekk,eller mulig eg er ein varulv?
Ikkje veit eg,men etter ein time var eg ferdigsoven:-)
Slitsomt,men sto opp
For når søvnen tek ferie så spinn tankane mine karusell og må på død og liv løyse alt nattestid
Vert rett og slett både frustrert og våken av heile tankespinnet

Så no sit eg her.Framfor dataen midt på natta som den skrulla eg er.Skal prøve sove meir om litt.
Må berre roe ned tankespinnet først

Koronatala stig i full fart..er vel eit spørsmål før dei flesta av oss har fått det.
Er å håpe at ein slepp,men då har ein nok og litt flaks.
Enn så lenge så får ein vere så forsiktig ein kan,tenkjer eg

Utruleg lyst ute og fasinerande kva ein fullmåne kan gjere både med menneskesinnet og for å lyse opp rundt seg
Fullmånen påvirkar søvnmønsteret mitt,men kvifor veit eg ikkje.
Må vel berre godta at sånn er det.
Tankespinnet er det verre med.
Så no får eg krype ned at i den varme gode senga og håpe at alle dei idiotiske tankane tek pause og søvnen får sleppe til

Smak og behag

Har no fått nok søvn for ei stund,for var ikkje så mange timane kroppen min ville ha inatt.No har eg gitt opp å sove,så har trekt på meg tjukk genser over pysjen og tjukke strikkasokker.Tulla pleddet rundt meg og sit og høyrer på veret..Mykje ver idag.Regn og vind og ..eg held meg inne ver:-)

Delfinalane i Melodi grand prix er starta opp.
Må innrømme at det eg huksa frå gårsdagns er flamingoane.
Totalt ellevillt,men stemmene var bra.
Ingen sang som virrer rund i topplokket idag.

Har bestillt meg meir tråd.Må ha noko anna å gjere på enn hekletøet mitt,men bør nok velge eit mønster eg klarer uten hjelp..Det er lov å leve i håpet.

Tett idag og.Lurer på kva det er eg reagerer på på soverommet.Har vaska og tørka støv,men noko må det vere.Kanskje eg må starte med zyrtec att,men vert så trøtt av den..Til natta er vel kanskje det erin fordel:-)

Hver gang vi møtes…Såg litt på den og,men syns det vert vel mykje om livet til den enkelte og mindre sang…Ikkje alt eg treng vite,men for nokon er sikkert det ein viktig del.Eg valde det vekk.
Enda opp med ein krim….

Syns verden er litt utrygg …Konfliktane skremmer meg og utfallet er usikkert.
Vi lever i ei skummel verd,og pandemien den er berre ein liten del av den.
Krigsfaren er nok større ein nokon gang i nabolanda våre…

Han Boris borte i England har rota det skikkeleg til for seg sjølv…Litt av ein type…Nesten så ein ikkje trur det ein les…

Her hos meg er det kun dårleg ver idag,og det er ein liten bagatell
Avslappingssøndag er heilt greit.
Turver er det ikkje ,iallefall ikkje no…
Kanskje eg skal lese litt og ta meg ein morgonstrekk på sofaen,mens nyheitskanalen surrer i bakgrunnen…

God søndag:-)

Nok søvn no,trur eg

Har meir enn mindre sove sidan eg gjekk av natt i gårmorgon.
Borte vekk.
Kroppen trengde det sikkert,,,
Vakna langt ut på føremiddagen idag.Potte tett.
Antar det er allergi…
Så etter kaffi og gjesping gjekk eg innom naboen .
Du veit du er lite utom døra når naboen ringer for å høyre om alt står bra til:-)


Er der liv er der håp tenkjer eg.Same gjer denne stakkaren:-)

Minner om ei svunnen tid,der ungane leika og klatra.Ser ikkje ut som denne er brukt på ei stund..Men eg kan ta feil”

Kunne vore ein fin plass.Men eg lurer på kva desse platningane gjer der..Mulig eg er litt treg.
Ikkje at eg har noko med det,men for meg ser det litt rart ut


Gjorde godt med litt frisk luft.Om ikkje anna så vakna no hjernecella:-)

Grå dag idag.Prøvde gå litt inngjennom skogen,men hadde låge sko,og det var litt for vått for det skotøyet.
Litt gråver gjer ingenting,så lenge det berre yrer litt

Funne fram heklet mitt og krølla meg opp i sofaen,mens eg er vitne til dramatikken til desse stakkars norske skiskyttarane…Litt trasig når nokon skyt på skiva di og du attpåtil må gå strafferunder.
Litt rart at slike ting skjer i ein verdenscup.tenkjer eg.Ikkje at dei hadde vunne uansett…

Vurderer om eg kanskje skal ned og rydde i fryseboksen.Finne ut kva eg har der.Kan vere lurt av og til:-)
Noko anna enn sofene bør eeg kanskje gjere på ein fridag.
Trøtt er eg iallefall ikkje

God lørdagskveld:-)

Alle skulle hatt ei strikkeflink veslesøster

No har det seg slik at eg likar å strikke
Trur det går greit uten nokon må flikke

Gjekk så det kosta til mønsteret starta
Trudde eg mestra det heilt til eg fatta
Det var så gale så det kunne verte
Kasta det til siden for alt var på tverke

Den har leie lenge og kosa seg i korga
Er ikkje åleine,men med andre fasonga
eg prøver jo alltid ,men går ofte på tryne
Trur eg berre vel å klage på synet:-)


Men så kom veslesysta på hytta ein tur
Det var då eg kjende eg var skikkeleg lur
Berre ga heile kaoset til systa mi, og no sit eg her fornøgd og bli

For tok ikkje nett så lang ei tid
Før gensaren var ferdig og eg vart bli
Så ei syster som kan strikke og fikser galskapen min’
varmer storssysta i sjela inn:-)

God fredag

Uverskråka

Regnet det piskar og vinden den bles
Å tenkje på tur vert berre eit pes

Men når eg først kjem meg ut og får kjenne på
Kor hærlig det er å rusle å gå
Å kjenne på vind og ruskever
Er berre hærlig med gode klær

Eg vart litt våt må innrømme da
For buksa mi er ikkje tett som den va
Men det gjorde godt og eg vart blid og glad
Uverskråka har ein fine dag

Det beste med turen er å komme inn
Og kjenne på varmen i kropp og sinn.
Finne litt varmt i eit stort flott krus
Og nyte at no er eg endelig i hus.

Skal ikkje stå på utstyret ,altso

Viktig å ha alt klart visst ein skulle få bruk for det.
Idag kom piggskoa:-)
Ikkje noko rusk.Så får det heller vere ok at vi no har pluss 8 grader og det er storm og umenneskelige vassmengder på veg:-)
Kan bli rasande glatt endå.Best å vere føre var

Ikkje nok med det.Kjøpt meg ny trenngsmatte:-)
Kjekt å ha i tilfelle eg får ånden over meg.
Har ei frå før.Den er så tynn og hard at eg like godt kan ligge på golvet. Ikkje rart eg ikkje trimmar:-)
Frå spøk til alvor..Eg treng trene litt rygg og magemuskler.
Må berre komme inn i ein god vane, nett som med gåinga. Den går av seg sjølv fortida. Rekk knapt nok henge meg på:-)

Men vert ikkje i dag eg prøver denne matta. Turen har eg gått. Gjorde godt for kropp og sjel:-)

Ha ein super tirsdagskveld. Kom nett på at eg har meldt meg på eit nettmøte klokka åtte….

Søndagsro

Sit her i stova med kaffikoppen og godt inntulla i pleddet mitt
Litt sånn pjusk på føremiddagen.
Vakna med dundrane hovudverk,men det går nok over.

Vert nok ein fin dag men vind ,så kjennes litt kaldt

Til og med fått fyr i ovnen.Skal ha meg ein kosemegdag,tenkjer eg.Må nok lufte meg litt

Bilder frå mi faste turløype etter vegen.Ikkje så mykje snø hos oss,og er meldt styrtregn:-)
Sånn vestlandsvinter
Varmen frå vedovnen er begynnt å bre seg i rommet.
må nok snart ut ein tur å hente meir ved om eg vil eller ei.
Lage meg ein god søndagsfrukost,og så er eg igang
Tek litt tid med meg om morningen.-)

Ha ein super søndag.
Ta verda med ro og nyt øyeblikka:-)

Kor ofte må ein sei det?

Eg er allergisk mot jod.Sånn utapå og inni…
Men kor ofte må ein sei det og kor mange avik skal ein tåle.tenkjer eg

Igår låg eg der på operasjonsbenken..Sjukepleiaren sa at ho hadde vaska med klorexedin..Allergi mot jod..
Legen mumla,dryppa auge og eg sa…Det svir–Tenkte først…Har dei skifta bedøvelsesmiddel…Så auge svei det.Går fort .Var snart ferdig…
Skyllt og tørka og ut på toalettet for å finne papir..Kjende auge rann og svei..

Der ser eg ei knallrød venstreside og eit rødt og gult auge,men siving av gul veske
Ikkje rart eg svei…Jod..

No trur eg at neste gang skal eg behalde brillene på,sjekke at dei ikkje har jodpreparat tilgjengeleg i armlengs avstand…
Dei er kjekke oppe på auge pool,men jod på auge svir heile dagen.Fortsatt er auge sårt og hovent …..Og eg er ein smule oppgidd

Men men…Lite ein kan gjere med det når skaden først er skjedd.
Ingen sa noko,men reknar med den stakkars sjukepleiaren merka det ,om ikkje før etterpå..
Skal sei frå neste gang…Glad eg slapp køyre sjølv igår.Hadde sikkert ikkje vore heime endå:-)

Alle kan gjere feil og nokon bør få seg nye briller og hørapparat:-)

Ellers har eg det bra:-)
Frihelg.
Nytt år og nye muligheiter.
Får besøk av barnebarna og livet er strenkt tatt heilt ok:-)
Ha ein super dag