Bloggverden og verden utafor

Tidleg vaken og nyt kaffikoppen mens eg vakner.Ute er det flott vårsol.
Her inne hos meg er det blogglesing og innom diverse blogger.
Les forskjellige eg.Er imponert over skriveferdigheitene,og alle dei flotte bilda.
Mange er selvfølgeleg proppfulle av reklame.Lever jo av blogg,mens andre mest handler om dei andre som blogger.
Min handler om ingenting,somregel
Ikkje er eg flink og skrive,og skjønner igrunnen heller ikkje konseptet.Men skriv gjer eg uansett eg.
Sikkert mange som syns eg er heilt ute å køyre.
Men er det så farleg igrunnen?Det kjekke med livet og samfunnet her og ute i den vanlege verden,er jo at vi er ulike
Mangfoldet.Ingen er sterkare enn det svakaste ledd.
Så tar eg meg ein tur innom nettavisene,og høyrer på nyheiter.

No er det tid for lønnsoppgjer.Måtehold er visst tingen.Tjener ikkje all verden eg,men klarer meg.Andre bruker summen eg tjener i året berre på ein aldri så liten ferietur:-)

Men aldri vore misunneleg på andre sin økonomi.Men veit kva det vil sei og ha forlite.Alle burde hatt til mat og tak over hovudet.Ingen burde gå svolen til sengs.
Er heldig som bur her eg bur,der husleigene er til å leve med.
Fattigdom fins det overalt.

Koronalivet tek på mange.Oslo har vore nedstengt i månadsvis.Imponert over dei.Munnbindbruken er der noko som er ein normal ting,og no ser det ut til at dei endeleg får åpne opp litt.
Trur faktisk at vi som lever nesten som før,ikkje heilt forstår kor innskrenka dei har hatt det

Jada.Er selvfølgeleg annarleis her og.Og heimekontor og studie slit.
Inga normal studietid gjer livet vanskeleg.
Klart dei psykiske problema vert store.
Vi kan ikkje besøkje kvarandre som før.
eg et…og et…
Nokre vert hagemenneske og opptatt av naturen.Andre vert sittande inne og ete og sture.
Dei som ikkje klarer å bevege seg rundt vert sittande mykje for seg sjølv.Kva gjer ein når ein bur ein plass der ein ikkje kjenner ei sjel?.Ingen plasser der ein kan verte kjend.Nettet er der ein treffer andre,,om ikkje fysisk

Håper snart at ting vert meir normale.
At det vert sånn som før,det trur eg ikkje faktisk.Men vi kan jo håpe..
Men ser at tala flater ut og ikkje går ned.
I India er det heilt skrekkelig…
Nesten så ein ikkje klarer å forhalde seg til det.

Snart klar for ein ny dag her i vest.
Møte og så seinvakt..Men først skal eg vakne.Ta meg ein tur ut i frisk luft..
Men ikkje endå.

8 kommentarer
    1. Eg les ikkje mange bloggar. Men likar å lese det du skriv. For dei fleste av oss er kanskje dagane mykje fylte med ‘ingenting’ og det lever vi godt med. Difor kjenner vi oss att i det du kallar prat om ingenting, det er kvardagstankar for oss alle.
      Så synest eg du legg ut då mange flotte bilete frå vakre Vestlandet.
      Takk skal du ha!

    2. Du skriver jo mye. Jeg tror det er litt problem med bloggen din. Jeg skulle kommentere til siste innleggene, men det gikk ikke..ellers plages jeg også med søvn som deg. Tar sovemedisin ofte for å klare å fungere på jobb.
      Ha en god natt til deg.

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg