Bob and Brad

Alderen kjem ikkje aleine heiter det
Men veit ikkje heilt om det er den eg skal skulde på
Ryggen har slått seg på tverka.
Skikkeleg kranglete fortida.
Ikkje berre det,men så set det seg jo vidare ned i hofter og lår.Krampe under føtene.Kjennes ut som eg er passert 100.
Vart mykje gremjing altso,men er no ganske normalt.Har det igrunnen ganske ofte,men no vart det litt heftig
Så gamlemor måtte til lege

You Tube:Bob and Brad
Sciaticca/Piriformis syndrom.

Høyres alvorleg ut.
Igrunnen er det øvelser for strekking av setemuskler og under beina
No har eg no gjordt desse øvelsane lenge ,skal eg vere ærlig.Ja altso den milde varianten.Uten You Tube og helt av meg sjølv.Men til og med eg skjønner at massasje hjelp når krampa tek ein:-)
Trur eg held meg til dei enklaste.
Men ryggen veit eg ikkje om syns at dette var det store.
Øvd meg i heile natt på å finne sovestillinga.Må no ha funne den ein gang og vakna av at eg hadde mista den.
Går nok over,må berre gi det litt tid.
Så har smurt meg inn med smertesalve,Var enklast
Drittveret og har ei medvirkning til kranglete kropp,trur eg

Men trur eg må søkje opp ryggøvelser som eg klarer uten å verte gal.:-)Har sikkert liggande plansjer i ei skuff..Men kor?Mageøvelsane idag førte til mykje banning:-)
Her må eg nok ta meg ihop antar eg.Trene litt meir regelmessig

Orker ikkje lang køyring for fysio endå,så får putle på for meg sjølv.
You Tube er tingen:-)Og tipsa er frå legen altso.

Kan jo vere greie innesysler i regn og oppblomstrande Korona.

Ting tek tid ,og går nok over.Treng berre litt tid:-)
Men ekstremt kjedeleg.
Må nok finne meg ei bok å lese i .
Blr fort lange dager.

No nyt eg God morgen Norge sine koselege proglamledere og gode tips.
Promillekøyring på sparkesykkel er lite lurt:-)Livsfarleg spør du meg

Ferdig strikka,men har eindel som må festast ender på.Kanskje det er noko eg kan gjere for å få dagen til å gå.

Ha ein super tirsdag.I vest må ein ha sydvest

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg