Brrrrrrrr….

Kva skal eg opp etter midt på natta,det lurer eg på.
Men sovna på sofaen igår,kolapsa kan ein sei.Er slik når eg prøver febrilsk å sove lite etter natt fordi eg har dagvakt idag:-)
Så kroppen er nok utkvild og eg frys:-)Går liksom gjennom marg og bein denne kulden.Treng nye glas i stova kjenner eg,for her er det temmeleg lite energisparande:-)
Kjem nok eingang.Men ikkje no.
Funne meg varm kaffi og pledd og gjer det beste utav det.
Stum mørkt,så ser ikkje om det bles eller snøen lavar.
Må ha litt tid før eg går på jobb til å få bilen isfri,antar eg.


Litt kos med stjerner og adventslys.Synd strømmen er så dyr:-)

Må prøve å gjere meg ferdig med baking og julegaver dei neste dagane.Har nokre eg mangler,og no i desse tider frester det lite med butikkbesøk.
Men mat må ein jo ha:-)
Skummelt med denne raske spredninga av corona.Stadig nye og meir smitsomme varianter.

Er å håpe at eg ikkje vert sjuk eller smitter andre.

Snart tid for at desse små skal sleppe ut or kasser og loft.
Har ikkje julepynta endå.Litt tidleg syns eg og eg er ikkje der heilt endå.
Litt fråverande julestemning iår hos meg. Kanskje den dukker opp,eller kanskje ikkje.Jul vert det no uansett:-)
Ha ein fin fredag.Klokka er snart 05:-)Berre to timar til eg skal på jobb:-)

4 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg