Hjelpe meg kor det bles

Trøtt ,sliten og småsur på morgonkvisten.
Vinden har helde meg våken..
Ikkje at eg brukar å vere så opplagd om morningen.
Tvert imot.
Men ikkje bedre av lite søvn.
So gamla sto opp.
Ser ikkje så mykje ute endå.

Katten har fått frukost .
Ikkje min katt igrunnen,men mat må ein ha.

Eg har fått kaffi og håper det hjeloer
Tett i pappen.
Meir enn før🐒

Blir litt lei dette uveret.
Treng litt stabilt godver så det tørker litt opp ute.

Spår billigare straum..mager trøst,syns eg.
Grand prix vart kaos.
Likegreit å ha seinvakt å gå glipp av det,tenkjer eg

Nei,får drikke litt meir kaffi og prøve vakne litt.
Kjenner eg er forkjøla.
Ha ein super mandag.

God onsdag

I dag var gamla tidleg oppe
Fekk ikkje sove.
No er eg igrunnen søvnig og strengt tatt klar for senga.

Litt småtrasig ver.

Krona er lite verdt.
Sportsbutikkane slit og presidentkandidater har trekt seg.

Vinter med torden og ruskever i vente.
Verden går vidare.
Eg er småforkjøla og hovudet dunkar.
Hivd innpå paracet,så ordner seg nok.

Litt godt å kunne vakne litt etter litt her under pleddet ilag med god morgen Norge og kaffikoppen.
Heldigvis snart vår.
Glad for kvar dag det er lysare ute.
Mørketida og vintermånadane er ikkje mi greie.

Igår var det stor flo.
Idag er det litt snø.
Bør nok ut litt idag og..
Men ikkje no.

Ha ein super dag🌹

God morsdag til alle mødre

Hipp hurra for oss.
Vi gjer alle så godt vi kan.
Av og til er vi supermødre.
Andre ganger stikk motsatt.
Sånn er livet.
Kor ein snur seg er reva bak.
Mykje godt ungane mine er vorten sopass.

Brukar gå meg ein tur…
Ikkje idag.
Er eit helsikens ver for å vere ærlig.
Regn er einting.
Men det er sterk vind…
Er bedre i sofakroken.
Har jo morsdag.
Kan ikkje fyke vekk.

Mord og mysterier

Vox
Liker den serien.
Ikkje så glad i grand prix og hver gang vi møtes.
Her er det krim i sofakroken ,mens vinden ular utafor stoveglaset.
Vorten sofagris.
Venter fortsatt på energien.
Den er fråverande.
Jobbehelg.
LITT VEL ROLIG AV MEG.
GIdd ikkje eingang lese eller strikke.
Då er det krise.

ikkje så ofte vi har slike fine dagar.
Litt for sjelden..
Men kjem nok snart.
Eg ventar
God lørdagskveld

Uverskråke

Likar meg igrunnen i ruskever
Kjenne regne piske mot ansiktet

Rett kledd.
Regnklær og hue.
Skona mine er ikkje lenger det dei var.
Må nok unne meg eitpar nye..
Vart litt våt
Men gjorde godt for kropp og sjel
No har eg krope under teppe og var varmt drikke i kroppen
Gjeld å nyte øyeblikka og ikkje irritere oss over alt vi ikkje kan gjere noko med.
Slikt fører til stress og sure oppstøyt.
Ha ein super onsdagskveld

Sjelefred

Rusle rundt å la tankane fly
Treng heller ikkje søkje for veret ly
Regner litt,men gjer ingen ting
Gjer heller godt for kropp og sinn

Burde nok heller gått i fjell og li
Men er så forterande redd for å skli
Sånn skikkeleg pyse,det må eg sei
Men ellers kan eg vere både kjekk og grei.

Men no er heklenåla mi borte vekk.
Den kan no ikkje gå,så eg skjønner ikkje eit kvekk.
Trur nesten eg får finne fram støvsugaren min.
Det plinger i det minste visst den går inn

Er ganske så sur på meg sjølv og nåla
Er ei grense for tull ein kan frå seg sjølv tåla
Men no skal det ryddast slik at det held
Med 71 grader nord tek gamla kveld

Gjeld å gi bunn frå gass😍

Sa den glade skiløperfrøkena
Sett på stafett frå ski nm.
Har kosemeg i sofaen søndag.
Kan anbefalast.
Gjer seg inniblandt og følest bra

Litt snø er det og i lufta.
Første iår.
Ikkje så glad i snø på vegen,men ellers lyser den opp tilverelsen.

Har nett vore utom døra.

Sola viser seg innimellom.
Glad for at det alt er litt lysare kveldar.

Litt småplukk sysler eg og med…men ikkje heilt ånden

Ikkje eg som har strikka altso.
Eg berre skal hekle rundt..
Alle monner drar.
Åt litt mykje til middag som vanleg.
Kjenner det først etter ein halvtime..

Får sjå om eg kan ta meg ein luftetur om litt.
Gjer godt det og.
Daffe rundt litt.

Coronaviruset herjer i verden.Må vere veldig smittsomt.
Skummelt igrunn.
England er gått ut or eu
Endelig ,kan ein sei.
Om det var lurt er ei anna sak.

God søndag frå late meg🌹

Teke på…

Sliten
Nett klart å få i meg litt mat.
Sånn skikkeleg svolten og sær var eg
Sær er eg endå.
Sår i tannkjøtet etter behandlinga.
Bedøvelsen er ikkje ute endå heller
Men måtte til.
Tannkjøtbetennelse er noko skit.
Topploket er ikkje det det engang var.
Ikkje høyre eg og ikkje ser eg og hjernecella har tidvis ferie.

Energien er på eit bunn- nivå
Lyspunktet er..
Det lysner litt for kvar dag og vi nærmar oss vår.
Hoggormen har visst begynnt å krype or hiet..om det er eit lyspunkt….usikker
At han gidd i ruskeveret.
Kanskje han berre er svolten.
Håper energien kjem med lyset.

Må nok riste litt i meg sjølv i tillegg…
Men ikkje idag

Handball på gang

Semifinale
Eg er klar.
Krope godt opp i sofaen og tulla meg inn i slumreteppe.

Der fekk søren ta meg Croatsia mål…
Fyrt i ovnen og middag på gang.
Mat må ein ha
Tek på med handball.

Erna har rydda i rekkene.
Nye statsråder.Såg ut som dei gledde seg til jobben om ikkje anna.
Ser kor det går…vert nok ikkje verre.

Hatt meg ein tur på sykehuset idag…
Det vanlige..
Vert sliten av denne køyringa..
Kom tidleg heim,men har ikkje gidda gjordt nokonting…
Latskapen lenge meve.
Litt surt ute…Men er jo januar…

Kos med frihelg

Blomster frå meg til meg…
Med kort…Du er slett ikkje så verst🌹

Ha ein super fredagskveld

71 grader nord

Ingenting som slår å krype sliten opp i sofaen etter jobbehelg og sjå på Onkel p,Almås og gjengen.
Brokete forsamling på tur..Eg digga da.

Ete formykje…
Men litt for glad i mat og søtsaker.
Rekkjer litt oppatt på genseren kvar dag..
Går smått..men ein gang kan eg vel slutte å rekkje og starte å strikke.
Vert no ikkje trålaus om eg vert motlaus.
Ute rusker vinden som vanleg.
Inne har tulipanane lagt seg til å sove.
Ovnen brenn og gamla slapper av.
Heldigvis fri imorra