Vinter


Fullstendig forvirra.
Klokka er skrudd fram ein time.
Mot sommar og sol
Naturen tviheld på vinteren med å sende ned mengder med kvitt.
Hadde den no endå jaga vekk coronaen.

Eg kom meg seint opp,såg ut og valde sofa.
Kan vere eg må ut å måke snø,men ikkje no.
Har det greit her eg er.

Kose meg inne er normalt no i desse tider.
Men det treng ikkje snø.
Treng sol og fine dager.

God søndag

Frisk luft gjer susen❤

Hadde planer om årets første fjelltur,men gadd rett og slett ikkje.

Rusla meg ein liten tur etter vegen istadenfor

Litt friskt ute.
Vår er vår.

Kapping av kvist med liten kvistkuttar kan ta på for nokon kvar.
Kjenner at tempermentet og blodtrykket får køyrt seg.
For dette vesenet stopper i tide og utide.
Temmeleg sart og tåler lite..
Men vart ferdig før det kom ei snøbyge

Dette grønne sarte greiene er kommen under tak.
Gamla har fått i seg altfor mykje middag
Svolten etter all denne friske lufta.

Sola skin att,men litt kaldt..
Trur rett og slett eg skal dusje .
Håret har fått rikelig ettervekst.
Ser ikkje ut,men er ikkje så nøye.
Skal vere inne…
Vert nok verre

Ha ein super lørdagskveld,med eller uten ettervekst

Stabilt skittver

Nattesøvnen min er det så som så med.
Og normalt sett,men når vinden truar med å flytte huset så hardner det til.
Regnet gjer sitt beste for å piske rein naturen.
Hadde det no endå vaska vekk koronasmitta som gjer liva våre til eit lukka samfunn der faren lurer når naboen nærmar seg.
Gjer noko med oss.
Einsemda vert merkbar for mange.
Ikkje alle er trena i dataverden.
Ein prøvelse for mange sambuarforhold og ekteskap.
Å vere oppåeinanna på få kvadratmeter og heile tida,det er vi ikkje van med.
Heile familien innadørs er ein prøvelse for nokon kvar.
No er eg på dei fleste områder glad eg bur aleine..
Men eg er på jobb.Ser og snakker med andre.
Slepp å kun snakke med meg sjølv.
Kan av og til vere greit med litt andre innspel i tankegangen.
Huks å ring nokon som treng det.
Handle til naboen når du alikavel skal.

Kva som skjer i morra veit vi ikkje i dag.
Eldre har fått eit nytt begrep.
Kortid er ein eldre?
Eg ligg tynt an..

Ha ein fin dag

Blåsbortdagen

Skal sei det ruskar godt rundt husnova.
Passer liksom til tilstanden ellers i landet.
Mange einsamme i desse krisetider.
Ikkje alle som har nokon rundt seg.
Å sitte aleine i veker er ikkje for alle sin psyke.
Ring ein venn
Ta vare på naboen og dei som ingen har.
Fortsatt forkjøla men ingen corona.
Takk for det.
Skremmande kor fort den sprer seg.
Og vi må ta den på alvor.
Plutseleg har vi fått den og då er det for seint.

Godt med frisk luft innimellom,men idag held eg meg inne trur eg.
Iallefall om det skal fortsette med denne vinden.
Våren er no heldigvis her
Lysare dagar og humøret aukar med lyset.
Ein må gjere det beste utav situasjonen.

Glad eg bur aleine igrunnen.
Slepp å gå på nervane til nokon.
Heldig å fortsatt ha ein jobb å gå til.
Familien held ein kontakt med på nett og telefon.
Liva våre er snudd på hovudet.
Vi må gjere vårt beste for å begrense denne Koronnaen så godt vi kan..

God mandag:)

Faren lurer overalt

Nett som spanskesykja seier dei gamle.
Ingen veit kva morgondagen bringer.
Her må ein så godt ein kan tenkje på alle rundt seg og seg sjølv.
Isolere seg så godt ein kan.
Omgås så få som mulig.
Handle til naboen når ein først må sjølv.
Ikkje hamstre så andre ikkje får noko.
Ikkje alle har råd å fylle handlevognene til bristepunktet.

Vi som jobber i helsevesenet gjer så godt vi kan,saman med andre som må vere på jobb.
Ingen er sikker på å ikkje verte smitta,men vi kan prøve vere forsiktige.

Gått meg ein tur.
Her er ingen å treffe,og gjer godt med frisk luft.

Tanker krefter før eg no har kolapsa i sofaen.

Strikke litt og følge med på rikets tilstand

Ha ein fin kveld

Fredag den 13

Passer på dagen idag.
Dyster stemning rundt om.
Folk hamstrer mat og uroa brer om seg.
Kva skjer?
Andre reiser på hyttetur som ingenting har skjedd.
Kvifor skal ein følge råd frå myndigheitene ..Har jo fri må vite.
Hensyn til andre betyr mindre så lenge ein sjølv har det bra.

Stengde grenser..
Nesten uvirkeleg og nytt for oss nordmenn.
Makteslaus..
Gjeld å ta vare på dei rundt oss som treng ei hjelpande hand,samtidig som ein held avstand.
No er eg ingen klemmetype..
Første gang eg føler det er ein fordel.

Men bur langt frå tettbefolka område.
Her er natur å vandre i.Kaldt men friskt.
Rikeleg strikkeprosjekt på gang.

Gjeld å gjere det beste utav det.god fredagskveld.🌹

Vakker begravelse

Sett på tv 2 og avskjed med Jan Teigen
Vakkert
Om ein kan sei det om ein begravelse.
Flotte taler og sang.
Fantastisk prest
Tårene triller sånn uten at eg vil det.
Kvil i fred

Kvinnedagen

Treng å verte minna på at sjølv om likestillinga er kommen langt i Norge så kunne den nok vore bedre.
Andre land heng langt etter.
Viktig å kunne få jobbe i 100 prosent syns eg.
Ikkje alle har økonomi til deltidsstillingar.
Valgfridom er viktig.
Men eg vil og ha valg til å ha ein stillingsprosent eg kan leve av.

Glad eg har den muligheita.
Hipp hurra for likestilling.

Feira dagen i eige selskap.
Utruleg kor vått det er overalt
Må ha regna for månedsvis.
Hadde vore godt med eitpar veker opphaldsver.

Fått hjelp til å fikse på feila på gensaren men er sur på den.
Så no har eg funne eit anna prosjekt.
Har mange🌹

Litt kos å sitte å sjå Farmen og 71grader nord…
Like kos begge deler

Søndaagskveld i sofakroken
Er ikkje å forakte

Jøss,her er jo komme nytt skilt

No er det ei stund sida nabokommunen mista grenseskiltet.
Litt usikker på kven som trengde det eller til kva.

Kanskje dei rett og slett var redd nabokomnunen skulle erobre nytt land.
Legge under seg ytre Fjaler.
Hadde vore noko,hadde det ikkje vore for desse vindmøllene dei skal sette opp på Lutelandet..
Vi er jo imot.Men no er skilte på plass

Har dreve og hersa med ein genser eg prøver å strikke.
Trur den er forheksa.
Eller nokon har kasta ein mindre god tanke i min retning..sikkert normalt
No fekk eg nok av heile skiten.
Bar den inn til naboen.
Reknar med ho har bedre karma

Iallefall skal ho hjelpe mec å rekke opp

Ha ein super lørdag:)

Skal sei det bles

Bles skikkeleg ute..
Ikkje anbefalt å reise på sjøen.
Merker det godt på husa.

Mett og god og trygt og godt i sofakroken
Fyr i ovnen og lys på bordet.
Kunsten å kose seg.
Koronnaviruset brer om seg og angsten for å verte smitta aukar.

Klart at når ein vert smitta av sjukehuspersonell så vert ein litt uroleg.
For dei fleste av oss er det nok trygt.

Skulle nok gjordt ferdig den andre gensaren eg har under arbeid…men etter å ha rekt meir opp enn strikka, så trur eg vi begge har bruk for ein pause..
Kan få strikkesperre av mindre

Før opprekking…
Ha ein fin lørdagskveld.

Frå stille til kuling