Uroleg verden

Er litt av ein verden vi lever i
Konfliktene og krigane aukar rundt oss.
Spenninga stig og eg må innrømme
Det gjer meg uttrygg
Krig har aldri løyst problem
Det berre skaper nye

For meg er det ikkje viktig kven som har rett og feil,men at uskyldige mennesker og sivile
vert drepne. Kva gale har ungane gjordt?

Her er vi midt i lønnsforhandlingane.
Kor mykje får kven og vert det streik
Det gjenstår å sjå når alt er over
Skulestrukturen er oppe og med minkande elevtal så starter krigen om linjene
Same kvart år.
Stressande for elevar og foreldre.Må vi pendle og bu på hybel?
Slik er det i distrikta

Eg for min del vurderer kortid det er lurt å gå av med pensjon
Kor mykje er det, og klarer eg meg på det?.
Skal eg jobbe til 67?
Ikkje billig å leve og ting skal gå rundt

Enn så lenge nyt eg kaffikoppen
Må få tatt nokre blodprøvar så får prøve passe tida:-)Tek si tid å komme seg dit og
Ikkje alltid hovudet heng med på morgonkvisten:-)

Ha ein super dag
Eg og Ingolf tek det med ro litt til:-)

Helgekos


Frisk luft gjer godt i all slags ver
Iallefall når belønninga er gode kollegaer og massevis av god mat

Kjende det gjorde seg etter gårsdagens husmorsysler..
Hender eg driv med det og
Idag derimot var det opplett og sol.Gamla har rusla rundt i nordavinden..
Ingwn varme akkuratt
Vår
Kjenner det gjorde heile meg godt.
Berre å nyte kvart øyeblikk

Sånn går no dagane:)

Er hos meg som hos dei fleste andre
Tida fyk og dagane går sin vante gang
Kvardagslivet har sine positive og negative sider
Ikkje dei store tinga som skjer

Frihelg og kjenner det er godt
Innever
Godt det og,så får eg kanskje unna nokre av dei tinga eg har det med å utsette
Ser på masterchef mens frukosten og kaffien intas
Viktig med ein roleg start på dagen:-)

Masteroppgaver er ikkje alltid det dei skulle vere
Blir mykje av dette i media no syns eg og tek litt av glansen med å ha ein master for dei som har jobba og slitt for den
Trist

Men,her hos meg er det ingen master anna enn i latskap
Snart prøve å moblisere litt viljestyrke til kvardagsaktiviteter:-)

Ha ein fin laurdag

Reine vårvasken…

Kjøre vene for eit drittver.Det høljer ned og det frå alle kanter,Vind
Innekosemegdag:-)

Så eg har funne kaffikoppen og satt meg under teppe i sofaen
Les om sjøbassert fiskemottak på Svalbard uten norsk kontroll.
Hytter ved militæranlegg
Fisken forsvinn i nord
Verden er skummel og det har vi vel visst om lenge
Vi lever ikkje lenger i vår eiga vesle boble

Men,held meg til dei små fine nyheitene eg

Vi får stolpejakt i kommunen frå 1.mai.Heier på grendalaget i Leirvik
Vert spennande å sjå om eg finn postane uten å rote meg vekk å måtte tilkalle Røde kors å leite:-)Fordelen med stolpejakta er jo at eg går på turer der eg normalt ikkje beveger meg:-)
Har søstre som er bitt av denne basillen og fekk med meg nokre stolper eg og ifjor
Eig ikkje retningssans
I ein liten kommune som Hyllestad så syns eg det skjer mange og positive ting
Mange flinke eldskjeler:-)
Er det nok mange plassar
Ting gjer seg ikkje sjølv

Funne fram heklegardina og krimboka
Skal nyte søndagsfreden innadørs og berre tanke krefter.
Kanskje prøve å legge inn ein liten innsats i operasjon bodrydding:-)

God søndag frå gamla og Ingolfen

Fyr i ovnen:-)

Har fyrt i ovnen på morgonkvisten eg
Syns det er sånn småkaldt
Frose på bilen,så direkte hett er det no ikkje ute heller

Første kaffien er inntatt og å sei eg er morgenfrisk og opplagd er ein overdrivelse
Men eg er oppe:-)
Fint ute enn så lenge,så målet idag er ein luftetur før det braker laus med regn og ukoseleg ver

Men ikkje endå
Nm i storslalom på tv.
Nokon som er opplagde på morgonkvisten

Tok fram att hekleprosjektet mitt igår.Går ekstrem seint.Kanskje like godt å prøve å få det ferdig .Snart imål med gardinkappe to av tre.Med litt meir innsats går det kanskje fortare:-)
Blir litt vel mange slike såkalla ufoa her hos meg.
Samler seg opp.
Så no har eg som mål å rydde både i dei og i resten av alle desse sakene eg har liggande i tilfelle eg kan få bruk for dei
Kan verte temmeleg fullt i eit hus med mange nok slike ting:-)
Prøver å rydde litt i bodane.
Går ikkje nett fort og blir nokre ventestasjoner undervegs, men eg er no starta:-)
Ryddig vert eg aldrig:-)
Ha ein super dag

Helg:-)

Is på fjorden
Is på bilruta
Men,nydeleg sol som gjer det beste for å få opp humøret og temperaturen

Og eg?
Tja
Stiv som ein stokk
Morragretten
Myser mot livet
Drikk kaffi og ser God Morgen Norge
Sukker og tenkjer
Det går seg nok til

Godt med fri
Få vakne i fred og ro
Sitte inntulla i teppet så lenge eg vil

Nyheitsbildet vårt er ikkje noko å rope hurra for
Blir berre tristare og tristare
Men skal bli varmare:-)
Har i det minste ikkje snø her hos meg
Noko berre det

Påska er over så på tide å rydde den vekk
Må berre vakne litt først
Men ikkje heilt endå:-)

Ha ein super fredag

Påskeferiedagen:-)

Må vere superheldig med påskveret på fridagen min
Når påskeferien er 1 dag,så er det viktig å maxe den ut vermessig

Idag var det nydelig
Frukost i sola med krimboka til dessert
Berre lata meg i solveggen og hatt kvalitetstid med dattera

Fordelen med ho er at ho får mora med ut i skog og mark.Forma mi er altså langt under pari og for å vere ærlig…Heilt elendig
Men ut på tur:-)

Tok si tid og godt med tolmodig fylgje
Men det er verdt det
Rett og slett fantastisk på toppen idag
Varmt og godt og sånn skikkeleg vårstemning:-)
Kjende formeleg fregnene sprette ut

Tusla oss frå varden på Bygdeheia ned til dagsturhytta Vidsyn
Der var det rett og slett nesten for varmt i solveggen.

Kvalitetstid

Kjennes ut som eg har gått fjell på 2000 og ikkje 260,men sånn er det når kondisen manglar
Tre dagvakter for tur…
Så er det å håpe at eg får sove:-)Litt opp og ned med den saken
Sol i morgon og ser eg og så er vi tilbake til normalen:-)Berre å nyte sola når den er her

Tilbake til kvardagen:-)

Fridagane er til ende og klar for jobb resten av påska:-)
Nokon må det og
Nyt fredagsmorgonen under teppe på sofaen og drikk kaffi
Ser ut på stille fjord,skya ver og ein balkong som er begynnt å ta form

Vert koseleg til sommaren. Nyte morgonsola og ikkje minst. Komme til å vaske stoveglasa på normal vis

Ingolf tek å verda med ro på morningen
Ingenting å stresse med
Vi treng det og
Ro i kropp og sjel for å møte kvardagen:-)Berre å vere .Uten noko vi skal eller forventnngar vi skal fylle
Eller trur vi må fylle.Ikkje alltid andre forventar noko frå oss i det heile. Vi berre trur det
Følelsen av å ikkje strekke til
Som regel er det vi gjer meir enn godt nok. Ingen er perfekte
Finns mange måtar å gjere ein ting på og alle kan vere like rette.
Vi løyser ting i livet utifrå vår eigen ståstad

Fortida får eg liksom ingenting unna. Men, men, det vert nok bedre tenkjer eg
Ingen fare for at ting forsvinn av seg sjølv heller.
Må nok rydde i eige rot:-)

Men det får vente til kvardagen kjem
No nyt eg resten av påska heime og på jobb
Ha ein super langfredag

Påskesnø:-)

Kva i alle daga,sa Ingolfen igårkveld
Vi har fått påskesnø

Brrrr..
Har vore ganske så kaldt så var vel å vente,og vi er i mars
Men eg vil ha tosifra plussgrader og vår eg
Då er eg liksom i modus

Ser at påskeharen kan få sine utfordringar idag…
Gamla får drikke kaffi og fundere på saken

Raspeballmiddag idag tenkte eg.Litt greit med fri når middagen tek litt lenger tid:-)
Kjekt med familietid.Vert ofte lite av den og i ein travel kvardag der alle har nok med sitt.

Nyheitsbildet vi har for tida seier mykje ..
Vert så makteslaus
Skal berre slappe av og nyte fridagen i fred og ro
Tusle rundt inne og berre vere
treng ikkje ski og påskefjell for å feire påske

Ha ein super onsdag:-)

Dei fine øyeblikka

Sliten fortida og kroppen kjennes ut som den er overkjørd av eit godstog
Arbeidskapasiteten er så som så ,men tusla meg på jobb

Kontordag idag og heldigvis med ei ung og sprudlande 🙂
Sånn utav det blå fekk eg gave fordi ho trudde eg trengde det:-)
Flinke kreative Ragnhild


Fekk meg heimestrikka påskehare med påskeskum…
Er faktisk med det beste eg veit:-)

Var meininga å dele,men trur ho fekk berre to
resten for på magisk vis ned i magen sånn uten at eg merka det:-)
Ikkje farleg å gå på jobb når ein har kjekke kolegaer.
Dei er det mange av…Like supre alle


Påskestemning.Kom heim til to dager påskefri og der dei tre gutane mine også idag jobba på balkongen min

To sønner og eit barnebarn i sving..
Idag sit igrunnen tårene litt laust
Eg er heldig:-)

Gamla har kolapsa i sofaen.Ikkje mykje arbeidslyst her i gården:-)
Kaffi,sjokolade og tv…
God påske:-)