Dra meg langsomt….

Idag tenkkte eg…no skal tapeten til pers..
Har hatt pause ei stund,for med vatn og skrape var det nyttelaust.
Men tapetfjernaren var på plass,så gamla fann fram bruksanvisninga og sette ihop.Enkelt:-)
Fylte opp med vatnog venta…Sto 15 minutt.
det gjekk 15…ingen reaksjon…ikkje vart vatnet hett og damp var det så aldeles ikkje.Einaste som vart hett var temperamentet mitt.Så eg sjekka ledningar.Alt som det skulle…Og venta ..og venta.
Sende i frustrasjon snapp til naboen om elendigheita..
Fann fram vatn og svamp og skrapa og sa nokre mindre pene ord…mens eg skulte på pokkerskapet:-)sto no der og jobba i mi eiga verd…Plutseleg banka det på glaset,…ikkje godt for sarte sjeler..
Skreik så dei antageleg kunne høyre meg kilometervis..Glad eg bur langt frå folk..
Men du veit…

Junior han berre sjekka ledningane og vips starta elendigheita som ingenting var hendt…
Reine julekvelden.
Så no er tapeten kommen av den eine veggen.
Imorra får eg ta neste.Mulig tapetfjernaren har eit personleg problem med meg..Skjønner den godt.
Men var i ferd med å verte gjensidig.
Men får vere nok for idag.
Har funne roen med tv og familiens ære:-)
Kan ikkje slite meg ut heller

Ha ein super fredagskveld

2 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg