Ein time lenger på puta

Litt godt å vakne utkvild og sjå att klokka berre var 08,15.
Kunne ligge å berre kjenne på følelsen av ei god natts søvn.
La meg igrunnen ikkje tidleg,men når ein får den bonusen at klokka vert stillt tilbake,så har ein liksom mykje meir att av dagen

Grå morgon ute,
Godt å kunne vere inne og vakne i fred og ro. Heia seinvakt:-)
I morgon er det november.
Går så fort ,syns eg.Rart at tida går fortare desse eldre eg blir..Føles slik..
Er liksom så mykje eg ikkje rekk

Er så ofte drap, knivstikking og vold i samfunnet syns eg.Skremmande.
Kva ein kan gjere for å unngå det, er eit vanskelig spørsmål.
Eg har ikkje løsinga.
Noko skyldast tøffe miljø. Andre sjukdom
Like tragisk uansett.
Er tøfft å vekse opp idag.


Noko må gjerast,men eg har ikkje løysinga

Syns det er vanskelig med utfordringane som gjeld det grønne skiftet og eg.
Kva er rett energi,korleis skal vi gripe det an.?
Først var vindmøller det nye store,før ein oppdaga at det var det ikkje
Før lenka ein seg og protesterte mot vannkraft. No hyller ein det same. Begge deler gjer jo store inngrep i naturen.
Kanskje vi berre må ned i levestander.Slutte å reise så mykje.Leve enklare.
Men det vil heller få av oss. Samtidig skal vi redde naturen…
Blir formykje for ei gammal dame.

Snart tid for vestlandsbunad og tur.
Frisk luft er godt for det meste:-)

4 kommentarer
    1. Her har det vært kjempefint vær i dag. Godt å være ute. Og det var naturen på sitt beste. Vi må jammen få beholde den, for det er balsam for sjelen å være ute i den 🙂

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg