Gamla på villspor i skogen

Totalt uten retningssans og på umerka stiar.
Det må jo berre ende i forferdelse.
stien fann eg då eg starta,og på slutten av turen.Trur eg var innom den eitpar ganger undervegs,men isåfall berre ein snartur
For det er så flotte hjortestiar på fjellet må vite.
Eg har brote meg igjennom einekave,krope under,sklidd ned berg,forsert overgrodd og tilvoksa steinur og klatra rett opp i intet.Ikkje spør Kvifor:-)Litt av ein tur skal eg sei
Når eg då igrunnen berre skulle ta meg ein svipptur,og hadde lagt att drikke og mat heime ,så vart eg svolten og sjelven.Vatn fann eg
Lite søvn etter nattevakta gjorde nok sitt

Men det eg ikkje har sett på fjellet idag,er ikkje verdt å sjå:-)Berre nevner det.
Fann alle dei vatna eg har lurt på kor er henne,og det heilt totalt utilsikta.Dei berre dukka opp or intet:-)Og dei ligg litt ifråkvarandre.vart litt småguffent då det kom ein snøbyge
Einaste trøsta var at mor mi har sagt at det går ikkje an å gå seg vill oppå der…Berre nesten:-)Skremde livet av nokre hjort.Har vel aldri sett eit menneske oppi den bratte fjellskrenten:-)

Men eg gjekk fort,så fekk fram svetten.
Gjorde nok godt på eit vis.Har ilt overalt no iallefall:-)
Men vart litt vel lenge.
Når ein igrunnen ikkje heilt skjønner kor ein er,så vert det ofte store omvegar for å komme heim:-)Men var igrunnen ein fin tur.
Ikkje alle plassar eg har tenkt meg tilbake til:-)Har vore der no…Held lenge og ikkje alt som eg anbefaler heller
Ikkje tatt bilde av dei verste plassane


Var veldig glad då eg fann stien frå Vardeheia.Der var og telefonen min tom for straum…Sjebnen antageleg…
Lenge sidan det har vore så godt med ein dusj.Kom akkuratt heim idet skittveret sette inn for alvor.
Mat,teppe,sofa og tv.
Eg har det berre lekkert
Trur eg skal halde meg til oppmerka stiar heretter.Vart ltt masete.

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg