Gjesp og god morgen

Funne meg ein kopp kaffi og sit no her og gjesper
Såg meg sjølv i spegelen på badet og tenkte at,,,Kjære vene..Pløsete og rynkete og såg knapt augene…Er litt bedre når eg har våkna til liv,men slett ikkje mykje….Her er det ikkje snakk om å lyge på alderen:-)

Eg er som eg er…Godt eg bur aleine…Skrukketroll er vel rette betegnelsen:-)

Tid for Førdetur og injeksjon på auget.Heile pakka idag..Heldig at eine sonen køyrer meg idag..Ser ut på veret og tenkjer at det jammen er greit. Vind og snø i lufta..Ikkje akkuratt det eg er glad i .
Strømpriser og corona er det som opptar folk flest for tida
Med heimekontor bruker vi og meir strøm.Når mange oppheld seg heile dagen i heimen, kan ein heller ikkje senke gradane til under frysepunktet.
Håper det endrer seg snar. For mange er dette noko som dei slett ikkje klarer å handtere.

Såg ein kommune hadde tatt vekk eigendomsskatten for å hjelpe situasjonen. Men det er jo kun for dei som eig og ikkje leiger.Dei er det vel like tøfft for..
Håper det kjem ei løysing på det snart.
Hos meg hadde det nok hjelpt mykje å skifte vindu,kjenner eg. Vel får eg eindel gratis gjennomlufting ,men gradestokken går ned…
Syns det trekkjer inn overalt.Ikkje rart eg må sitte med pledd…
Iallefall slike dager som i dag når det er vind …Ser ikkje kor mykje det snøar…Mørkt ute…

Må tusle meg i dusjen tenkjer eg.Kan ikkje både vere skrukkete og lukte vondt…Det er ikkje bra:-)

Ha ein super fredag og god helg:-)

8 kommentarer

Siste innlegg