Glad i heimepåske eg

Ikkje har eg hytte og ikkje bruker eg ha ferie.
Eg jobber i helsevesenet,og der jobber vi når andre har ferie.
Første gang eg tenkjer det er ein fordel.
Dessuten er ikkje påskeveret det store.
No ligg eg fulleten i sofaen og tenkjer på den tida matlysta var minimal og kiloa minus 20.
Ikkje er det så lenge sida heller..
Jaja.Ilag med etterveksten gjer det susen.,Madam Mim
Kjekt men travelt på jobb.
Lei meg for coronatider som gjer at familiane ikkje kjem inn på sjukeheimane og får besøke sine.
Ikkje så lett å forstå for alle.
Men vi får håpe på bedre tider,og litt varme så ein kan vere ute i hagen

Gamla har fri imorra og godt er det.
Skal hjelpe dei som ingenting gjere,trur eg.

Glad i våren der alt spirer og gror

Men ikveld er eg berre trøtt.
Lyst og fint ute og eg tenkjer at eg berre legg hovudet på puta ei stund

4 kommentarer

Siste innlegg