God morgen:-)

Siste ferieveka og ferieveret er stabilt.
Haust
Men er vakker natur,regnklær har eg.Myggen er aktiv og jobber så godt den berre kan-
Ikkje noko fellesferie eller snakk om latskap derigården.
Eg har kjøpt meg felle,men det er ikkje den store forskjellen syns eg.

Har no fått rydda litt i diverse papir og styr.Fader kva eg samler på.
Har ikkje den store lysta eller forma til å gå på fjelltoppar fortida.
Frestar liksom ikkje.
Men får ta på meg regnklærne og rusle stripa mi.
Har liksom ei fast rute.Lite folk,men trafikk er der no.Smale vegar her,så grøfta er ofte tatt ibruk.Ikkje alltid desse store bilane tek like mykje hensyn.
Nokon gjer.Det skal dei ha.

Er så lite eg kan gjere med veret.
Ikkje det finaste ferieveret.Men sånn er det no.Kjem godveret,så får eg nyte det før eller etter jobb:-)Treng jo godver då og
Håper jo at dei som no har,eller skal på ferie får godver.
Fordelen med tidlegferie er lyse sommarnetter.Merker det no at sola har snudd

Skal ha meg ein liten tur i sivilisasjonen idag tenkte eg.Handle litt og hente frøkena mi som kjem med bussen

Gjer seg med litt sosialisering av og til.Eg er sær.
Norge ar opna oppatt for turistar.Vi kan reise ut,
Litt spent på kor det går med smittespreding og om vi får spredning og ny stenging av samfunnet.
Berre å prøve å vere så forsiktige vi kan.
Vaske hender og halde avstand.Lett å gløyme når alt ser ut som det er normalisert,og smitten er liten.

No skal gamla slutte å mase og gå seg ein tur ,tenkjer eg.Ut på utsikten.
Får no iallefall frisk luft om ikkje anna

Ha ein super tirsdag uansett sommarver:-)
I vest er det sydvest og myggfest:-)

1 kommentar

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg