Julefreden har senka seg

Nyt siste dagen av senilveka.
Fordelen med å fylle 60.
Har gjordt godt for kropp og sjel.

Sport på tv.
Fyr i ovnen
Huset er så å seie julepynta
Pledd,strikk,kaffi og smågodt
Livet er ikkje så verst.

Tek familiebesøket og gavebytting i morra.
Mandag er eg klar for jobbejul.
I år er det min tur.
Er no min andre heim.

Er sånn å jobbe i turnus i helsevesenet.
Kjekt på jobb og.
Nokon må jo vere der og kosen lager vi sjølv.
Bruker vere travelt men kjekt.


Viktig å nyte kvar dag, har eg funne ut.
Så gidd ikkje stresse.
Vaske gjer eg om våren,slik at eg ser kva eg baler med.
Sånn er det å tape seg på synet.
Ja altso,eg dreg over golva og hender eg tørker støv med briller på.
Ellers så ser eg det igrunnen ikkje.

Han typen her er ikkje heilt å stole på.
Idag hadde han knabba brillene mine.
Har heldigvis fleire,for dei har det med å forsvinne..ser ut som han er stri på flaska og…
Men drikk nissen?
Månen er ein gul ost

Det går eindel tid i å leite etter diverse.
Juleputene dukka aldri opp.
Er vel ei meining med det og sikkert.

God lørdagskveld frå meg til deg

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg