Kanskje eg burde ha kattefilter

Ikkje alltid so kjekt å sjå heksa på sjermeb.
Men fantastisk oppfinning å ha i desse coronatider både til møte og privat.
Fordel med kamera.
Hatt meg ein koseleg prat med oslofrøkena.
Selskap sjølv om ein sit aleine og gjer godt for begge.
Else på tv,
Litt humor gjer seg.


Hatt morsdag idag eg.
Besøk av eldste barn og barnebarn.
Fastelavensboller
Må ta det mens eg har besøk så eg ikkje trykkjer i meg alle aleine..
Ikkje går eg på ski og ikkje på fjellet..
Men går etter flate vegen.
Veit eg burde vore litt sprekare,men gidd ikkje

Men,flott etter vegen og.
Gjeld å finne glede i dei små tinga i livet
Slepp stresset om å føle at ein ikkje strekk til.
Har vore nydelig vinterver no..eller til no.
Antar det var snøskyer som trua i horisonten..
No er eg ikkje så glad i smø eg..
Angrer på at eg ville ha mildare ver..
Heller sol og minus 14..
Men går no mot vår eingang
Berre å håpe at vekene fyk avgarde..

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg