Kjerringa mot straumen

Volsomt så spreke folk er.Og i takt med månadane som går så aukar kondisen.
Stadig nye rekorder til toppane.
Dei går styggfort rundt meg,spør du meg.

Eg og set rekorder…men det går den andre vegen.
Men jo seinare ein går dess meir får ein følels med insektslivet.
Mygg,maur,klegg og fluger..
Rikeleg å ta av.

Seint oppe idag.
Kroppen slit litt på morningen.
Kaffi og krim var super aktivitet.
Vart vel ekkel denne boka.
Skoddevinden gjode at eg tenkte…
Sikkert greit å gå på Vardeheia idag..
Kor feil kan ein ta..
Ikkje så mykje som eit vindpust..
Men tok ein beslutning..
Pause på demningen..
Gjekk med det for auget..
Tørka svette,vifta bort innsekt og nådde målet..
Berre ei hake..
Det var opptatt..
Hjarte fauk opp i halsen og pulsen slo som besatt etter å neste kasta meg ned på ein hoggorm.
Gjekk rett i krisehandling..var ikkje aleine om det.
Den vart plutseleg klar til angrep

Hadde mest lyst å snu,men var på feil side av ormen.Fortsette framover
Vart berre varmare etter kvart.
Ikkje eit vindkast.
Nådde til slutt målet..
Ikkje vind der heller, men rikelig innsekt.

Vakkert.
Føltes som eg hadde gått 800 meter og ikkje 322..
Heilt pumpa..og nesten ny baklengs rekord.
Men er ikkje så viktig å vere raskast.
Trim,frisk luft og naturopplevelsane er det som tel…

Desse flugene eller kva det var ,var vel innpåslitne.
Så vandra fort nedover.

Kosa meg med bjørnebær.
Idag var dusjen etterpå det beste med heile opplevelsen.
Og heime var det fortsatt litt vind

2 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg