Kor vanskelig er det igrunnen?

Mange ting eg lurer på fortida.
For meg så er det nesten ubegripeleg at ein ikkje skjønner at for å ha pendlarbolig så må du pendle.Er reglane over40 km?Ja så er dei det.
Uff.
Kanskje de er på tide å skjerpe inn tilsynet,tenkjer eg.Er jo berre nokre få som bryt lova,men det går jo utover alle
Politikarane på stortinget får dårleg rykte:-)
Pinleg spør du meg.Og skulle vere heilt unødvendig.Det verste er at det er på toppen det er verst.

Sjølv slit eg med å gjere ting ferdig.Eg går av og til plutseleg lei
I fjor hadde eg strikkedilla.Den kom plutseleg for 2 år sida og forsvann like fort i fjor haust..
Midt i mange strikke prosjekt
Besillte meg tråd til ein vest.Imens fann eg tråd i lageret og strikka ein.
Fekk tråd til vest og genser.
Så eg starta på vesten.Hadde kun att og strikke rundt hals og ermer.
Starta og på genseren og strikka bolen…
Då var det slutt på strikkelysta.Borte vekk

Så igår leita eg fram strikkeprosjekta
Vesten er snart ferdig

Usikker på om han passer lenger.

Tok fram genseren og.
No lurer eg på om eg får lyst å gjere den ferdig?
Er iallefall ikkje ver å vere ute i,og kveldane kan verte lange

Koronatala stig i full fart.
Skremmande .Håper vi ikkje får nok ei nedstenging.Presset på sjukehusa er stort.

Tung i hovudet her eg sit.Kanskje eg bør ta ein pille og litt meir kaffi:-)Går seg vel til

Ha ein superfin fredag

2 kommentarer
    1. Du blir sikkert lykkelig å de de ferdig strikkeprosjekter. Jeg har lyst til å strikke, men med vonde skulder og ledd er det umulig.
      Det er mye som gjør oss trist her i livet, men mye som gis oss gleder. Vi får satse på de siste:)
      Ha en fin dag:)

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg