Kvit jul og medmenneskelege relasjoner:-)

God morgen frå meg til deg:-)
Kaldt …Glømde hente inn ved igår,så er litt husekaldt på morningen.Varmepumpa surrer og går
På nrk er det snekker Andersen no på morgonkvisten:-)

Litt trøtt ,men fekk ikkje sove så lenge,så her sit eg inntulla i pleddet mitt og drikk morgonkaffien

Heilt aleine i huset og stille morgenstund

Stumma mørkt ute,så om det snør eller ei det aner eg ikkje.Veit berre at det er minusgrader.
Skikkeleg kvit og flott jul iår:-)
Tenkjer på dei som ikkje har det så bra i jula.
Som ikkje har det trygt og godt rundt seg.
Som er engstelege og redde
Der vold og alkohol er den største faren

Der dei medmenneskelege relasjonane ikkje er som dei burde vere
Der forventningane til jula er så store,at dei ikkje har muligheit for å verte innfridd
Der stresset med å få til det perfekte gjer at det ender med eit smell
Vi kan ikkje ta ansvar for andre enn oss sjøl,men og ungane vi har rundt oss.
Dei er det viktigaste oppi det heile.

Må ikkje gløyme at relasjonane mellom menneska er det viktigaste.
Er lov å vere litt overberande og svelge nokre kamelar innimellom.
Skal mange feire jula ilag,er det eit gi og ta.
Men då må alle bidra,tenkjer eg.

Litt godt med fredelege juledagsmorningar i pysjen og:-)

ha ein fin dag

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg