loddsalg og luftetur

Hatt meg ei runde til naboane og seldt lodd til inntekt for grendalaget

I tillegg så har eg sendt melding til mine håpefulle om dei ikkje vil ha lodd.Så må sei meg godt fornøgd med dagens fangst.
Var litt mørkt på rusleturen. Hovudlykt var tingen,så eg tok berre dei her i grenda.Får ta dei litt lenger vekke søndag, tenkte eg
Angra på at eg ikkje gjekk litt før,for var faktisk hærleg ute plutseleg.For det har nemlig blåse noko veldig før idag.Kortid det stilna veit eg ikkje:-)Men for seint å snyte seg når nasa er vekke
Ikkje så glad å gå aleine i mørket,sjølv om månen kom fram

Har hatt ein skikkeleg sprekk på sjokoladeinntaket denne veka eg har vore heime.Det er eg mindre stolt av.
Med nød og neppe eg fekk att buksa.Hjelp med joggebukse,men av og til er det greit å få ein realitetsoppdatering:-)Og den kan vere tøff.Har for mange bukser som gir etter 🙂


Starta på eine armen til gensaren.Det er eit håp.Iallefall til eg kjem til mønsteret:-)
Den tid den sorg

3 kommentarer
    1. Jeg tok også en liten reality-sjekk i dag, med bukse-skift. Måtte bare prøve. Gikk greit. Jeg snavler innpå sjokolade i mengder… Skal skjerpe meg en annen gang..

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg