Morgenstund har gull i munn

Godt mulig,men eg er dautrøtt.
Vakna tidleg…
Litt sånn uggen og fekk ikkje sove.
Sånn følelsen av at noko ikkje stemmer,men aner ikkje kva.

Er sånn dann og vann.
Så eg sto opp.
No sit eg her som eit tretal i sofaen og drikk kaffi og prøver våkne..
Her har vegen fått ny asfalt og eg har fått den kanten å forsere.
Litt skumle desse høge asfaltkantane..

No treng vegen min ny grus..så må nok invistere så eg kjem opp i same høgde…

Jaja…noko må ein irritere seg over..
Eksplosjon i danmark.Skatteetaten.
Nokon som har fått for høg restskatt…

Ute har myggen fellesfrukost.
Sikkert kos for myggen💜
Kanskje eg og skal finne meg litt mat.
Mulig det hjelper..

Ha ein super dag

5 kommentarer

Siste innlegg