Null i energi

Rett og slett sliten
Helt om dagen og helt om natta er det ingen som er.
Igrunnen er eg det ingen av delane,men om natta er søvnen omtrent borte vekk
Tankane kverner som dei skulle hatt betaling.
Har mange tanker om mykje for tida,og når hjernen jobber om natta,så går den litt tregare om dagen
Vore på dagvakt.
Glad i jobben min,sjølv om den og kan kreve problemløysing og kreativ tenking.
Av og til har eg mest lyst å berre slå av…Rett og slett.
Men det går fort over.Må berre lette litt på trykket av og til
Få ut litt av alt som sviv rundt.
og slett ikkje alt som egner seg på trykk:-)

Laga meg litt for sein middag og åt for både meg og andre
Så no verker eg i magen,nærmast kvalm,og angrer på heile middagslaginga.
I jakta på middag i frysaren fann eg sånn plutseleg ein uåpna boks med is.
Det er den altså ikkje lenger…
Trur eg har fått i meg nok kalorier for resten av veka

Nydelig ute,men her er det sofaen.Sovner eg så er det heilt greit ,tenkjer eg
Er berre meg og tven:-)
Trivst i mitt eige selskap,og har sine fordeler å vere aleine
Håper på litt varmare temperatur.Varmt om dagen i sola,men kaldt når den er vekke.

I morra må eg prøve å få fatt i meir mold,og så muligens få desse potetene i jorda…

I håp om at eg får meir igjenn enn det eg set ned..
Har ikkje den store lidenskapen for hagen.Men eg elsker blomster…Jaja..Er som eg er..

Trur eg må ha meg ein tur opp til denne imorra..I kveld gjekk eg etter vegen…Traff hoggorm..litt småhissig ungdomsorm….Og eg hadde ikkje gjordt den noko.Gjekk berre forbi…Ekle kryp….

Ha ein flott torsdagskveld

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg