Ytre Fjaler på sitt beste

Flott i mange kommunar på kysten av vestlandet:-)Ellers og
Veldig glad i å gå tur i Ytre Fjaler
I dag gjekk eg den lengste vegen til Dagsturhytta
Igrunnen er det reine omvegen:-)Men er vel den som er lettast å gå visst ein er litt dårleg til beins
Skodda eller tåka låg lenge her idag.For meg spelte det sånn sett lita rolle..Eg var på jobb:-)

Men vart heilt nydeleg.Så gamla fann fram turskoa og sette seg i Larrisen.Grei sånn bilen.Den køyrer der eg bestemmer.



Er igrunnen ganske sutaløst å gå på skogsveg.Går liksom litt slakt oppover.Og denne går omtrent helt opp på fjellet.Supert sånn sett.Sikkert flott å jogge visst ein gidd det.Eg har meir enn nok med å gå.
Går nett ikkje så fort heller

Denne stakkaren har fått tre både under og ved sida.Skal berre sjå vi bokstavelegtala får ein trebenk om nokre år

Sakner igrunnen sauer som beiter .Eller kanskje geiter.Hadde vore bra for landskapet.Alt gror att.
Sånn er det jo mange plasser

Her skulle ein hatt besøk av mannen med ljåen:-)ikkje misforstå:-)


Er heilt magisk på toppen.Var berre nydeleg og rekreasjon for kropp og sjel.
Men litt langt,litt dårleg merka ,litt vått,flygemaur og svette:-)
Men gjorde ingen ting.
Skjønner godt eg klarde å gå meg vill oppå der,for stien ned til skogsvegen frå varden ,er for meg heilt ulogisk:-)
Idag gjekk eg opp og nedatt same veg.Måtte teste om eg fann fram.
Men kjem nok til å gå mest den stien eg har brukt til no:-)Gammel vane er vond å vende.
Men verdt å gå om ein ikkje har det travelt
No ser eg at siste bilde er frå Einingsfjellet,men ytre Fjaler:-)Så innafor No skal eg ete middag.Seint,men …mat er mat:-)

Trøtt i trynet

Kvifor ein må vere lys våken men fortsatt trøtt kl 06,er meg ei gåte.
Har til og med seinvakt
Men sto opp tilslutt.
Dagens og gårsdagens nyheit.
Kva Nordtug driv med treng ikkje store avisoppslag tenkjer eg.
Enkelte ting bør forbigå i stillheit.

Kjendislivet si bakside.

Småkaldt og høst ute.
Måtte finne meg jakke på morningen.
På tide å skru oppatt temperaturen på varmepumpa.
Gleder meg til at ferietida er over og kollegaene på plass.
Tilbake til kvardagen.
Men med aukande smittetal er det nok lenge til at livet vert som før.
Vi må berre vere flinke å følge reglane.
Alle kan vere uheldig å bli smitta,men vi kan prøve å unngå det

Ikkje greit for dei som bur på instutisjonar og familiane å forstå å halde ut desse reglane.Det skjønner eg
Men det er viktig.
Klart det er trist, og eg skulle ynskje vi ikkje hadde hatt korona i Norge..
Men det har vi.
Så får vi gjere det beste utav det.

Burde nok utnytta morgonstunda til noko fornuftig,men er ingen morgonfugl.
Skal ta meg ein luftetur om litt..
Men for tidleg.


Båtvasken er tatt .
Ikkje min båt,men visst vil får eg no sitte på av og til..
Men må vere blikkstille.
Eg er pyse.

God helg

Her går eg på magefølelsen

Av og til så skjer ting tilfeldig.
Hadde bestemt meg for at i ettermiddag skulle eg gå på Bygdeheia .Flott topp i Fjaler.
Men vart litt sein av ulike grunner.
Så fekk med meg på Facebook at nokon hadde rydda første delen av den tredje vegen opp på heia..
Tenkjer fortsatt med gru på sist eg gjekk den vegen.
Men det var frå toppen og ned.
Gjekk meg vill ,og vasa nedi ein granskog i timesvis..
Litt av eit syn..
Var ikkje tenkt å ta den vegen idag,men bilen stoppa nesten sånn av seg sjølv i vegkrysset..
Jaja..eg labba no i veg..

Her var eg ferdig med skogsvegen.
Den tok litt lenger tid enn dg hadde tenkt.

Den lengste men lettaste vegen til toppen.
Godt merkt første delen.Fann og fram den siste.
Masse fluger eller kva søren det var.


Svett og forkava

Vert svetten.

Rekreasjon for kropp og sjel.
Idag var eg på rett plass til rett tid.

Ha ein fin kveld❤

Jammen er eg heldig

Seinvakt,nydelig ver,sommer
Kva meir kan ein ynskje seg.
Gadd ikkje fjelltur som vanleg
Tok stripa mi etter vegen.
Kom meg no på Einingsfjellet søndag.
Passe høgt og verdens flottaste utsikt

So no lar eg humla suse og har sett meg på balkongen.
Ynskjer meg ny,men får gå så lenge.

Carpe diem

Frå myggver til kveldssol

Sov både lenge og vel..
Vakna tidleg og høyrde det plaska ned…
Drog dyna godt over hovudet og sovna att..
Kom meg no opp til slutt.
Retteleg kosa meg med lang god frukost.
Null stress ..yr bomma med veret..

Akkuratt ferdig til Hjertebladhagen åpna..Koselig butikk.
Har igrunnen tenkt meg inn der ei stund..Men to jobbehelger og andre ting har komme i vegen.
Morelletreet mitt hadde ikkje heit tolt frosten i mai..
Hadde håpa på eit nytt..
Men ikkje berre mitt som hadde slite med kulden.
Så eg kjøpte eit plommetre som får gulgrønne plommer sto det..

Kjøpte litt til..
Så gamla hakka og spadde i eit helsikens myggver..
Yra så håret mitt sto som ei glorie,regnkleda var full i jord og eg i jord og myggstikk
Men i jorda kom det.
Med kukompost..
Om det overlever..tja..Har no fått alt i jorda
Men då gamla var ferdig letta regnet..
Naboen ringde og inviterte på nystekte natronkaker..
Lykke🤩
Hadde med ei stripe etter vegen før eg fann ut at eg måtte støvsuge ut alle husdyra..
Såg ut på kveldssola,men middag og sport på tv vart for fristande..Mat veit de..
Burde nok gått på utsikten og fått med meg solnedgangen,men gadd ikkje.

Eg er lat ,så strikka litt..
No lurer eg på kor eg har armpinne nr6..
Borte vekk…
Strikkar med 5 pinna,men er litt masete…
Jaja..sikkert på ein lur plass..
Trur på sol og fjelltur imorra.
Hadde gjordt seg..Treng trimmen.

Regnvertanker

Regner snart vekk og renn inn i ein hekk
Ikkje rart eg samler formykje spekk
Er liksom perfekt å sitte inne å ete
Breie meg skikkeleg på sofa og sete
Kanskje eg burde tatt meg ein regnverstur
Før eg rekk å verte skikkeleg sur

Er sikkert mykje eg kunne finne på å gjere
Ikkje berre sitte og fundere i mi eiga svere
Men har eg lyst berre syte å klage
Gremje meg over min voksande mage
Sjå ut som gravid når ein er over 60
Er ikkje det minste kos eller seksi

Bør kanskje heller finne på noko kjekt
Gå meg ein tur eller besøkje litt slekt
Kanskje ta meg ein tur å handle
Ikkje at det er noko eg ser ut til å mangle
Treng ikkje alktid vere det store
Gamla er ikkje så vanskelig å more
Hjelp iallefall ikkje å syte over veret
Er berre bortkasta og overdreve

God lørdag

Kor vart det av sola,?

Syns so tydelig at det var meldt sol idag…
Kjem nok no..men..for seint altso..
Eg har ikkje kveldssol..
Jaja..
Etter å ha lagt på sofaen i to dagar.
Jobba nattevakt og ete døgnet rundt..
Så vart eg uvenner med badevekta..
Ikkje at eg trur ho lyg,men kunne tatt litt hensyn til ei sart sjel..
Så idag har eg prøvd å vere litt aktiv.
Ingen fjelltur..
Men gjekk no stripa mi etter vegen.
Fekk unna noko eg måtte gjere..
Så kanskje like bra sola held seg vekke.

Var kjempegodt med mat..
Er igrunnen trøtt,så har krope oppatt i sofaen.
Kanskje eg skal gå på fjellet imorra..
Får sjå.
No er det strekk ut på sofaen.

God fredagskveld

Kose meg inne dag

Må innrømme at idag passa det bra
Jaudå..ynskjer meg sol og sommarver eg og,men det styrer eg ikkje.
Og idag syns eg sofadag er topp.


Høstver

Skremmande med eksplosjonen i Beirut,og samtidig godt det er ei ulykke og ikkje påført.

Coronasmitten tek seg opp og vert nok snart meir bruk av munnbind i Norge og.
Sikkert lurt.
Ingen veit kven av oss som kan vere smitta ..ikkje alle vert sjuke

Er ei veldig spesiell tid.
Hurtigruta har påført seg sjølv litt dårleg omdømme, for å sei det pent.
Fort gjordt å trakke i salaten.
Starta oppatt på strikkeprosjekta mine.
Har eindel såkalla ufoar liggande.
Er sånn med meg..strikker eller hekler i perioder,og som lyn frå klar himmel er lysta vekke.
Då berre ligg det der..i ein haug.
Gjeld å passe på mønstera til lysta dukker oppatt.
Det kan ta tid.
No har eg mest lyst å sove
Godt med sovedager innimellom

God onsdag

Trøtt i trynet

Dette er ein sånn dag eg har lyst til å bli liggjande i senga med dyna over hovudet.

Er berre det at då stivner eg heilt til.
Liksom ikkje så mjuk å smidig lenger…
Litt surt,men sånn er det.
Har kravla meg inn i sofaen og får med meg nyheitene..
Corona og Brann.
Hatefulle ytringer på Facebook.
Og andre mediaplattformer.
Utruleg kva ein kan skrive på nett.
Der har vi alle eit ansvar.
Korleis ein vert kvitt det…
Ikkje enkelt.

Trur dette skal verte hovudbeskjeftelsen idag.
Fri💞og surt ute..
Bør nok vere litt husmor ser eg…
Men ikkje no.
Litt meir kaffi først.

Godt med slike rolige dager.
Morgenfugl har eg aldri vore.

Nyt dagen

Sommar og leselyst

Veit ikkje kvifor,men syns bøker og sommaren høyrer saman.
Trivst ute i sommarlyset med boka og kaffikoppen.
Ja når det er godver altso.
Ellers tek eg det inne.

Kva eg les er litt forskjellig.
Glad i krim,men les gjerne bøker som rører ved følelselivet.
Godt lys og ute om sommaren.
Vurderer å ta meg ein luftetur

Regkleda bør nok på.
Men friskt før jobb

Ha ein super søndag