Frå myggver til kveldssol

Sov både lenge og vel..
Vakna tidleg og høyrde det plaska ned…
Drog dyna godt over hovudet og sovna att..
Kom meg no opp til slutt.
Retteleg kosa meg med lang god frukost.
Null stress ..yr bomma med veret..

Akkuratt ferdig til Hjertebladhagen åpna..Koselig butikk.
Har igrunnen tenkt meg inn der ei stund..Men to jobbehelger og andre ting har komme i vegen.
Morelletreet mitt hadde ikkje heit tolt frosten i mai..
Hadde håpa på eit nytt..
Men ikkje berre mitt som hadde slite med kulden.
Så eg kjøpte eit plommetre som får gulgrønne plommer sto det..

Kjøpte litt til..
Så gamla hakka og spadde i eit helsikens myggver..
Yra så håret mitt sto som ei glorie,regnkleda var full i jord og eg i jord og myggstikk
Men i jorda kom det.
Med kukompost..
Om det overlever..tja..Har no fått alt i jorda
Men då gamla var ferdig letta regnet..
Naboen ringde og inviterte på nystekte natronkaker..
Lykke🤩
Hadde med ei stripe etter vegen før eg fann ut at eg måtte støvsuge ut alle husdyra..
Såg ut på kveldssola,men middag og sport på tv vart for fristande..Mat veit de..
Burde nok gått på utsikten og fått med meg solnedgangen,men gadd ikkje.

Eg er lat ,så strikka litt..
No lurer eg på kor eg har armpinne nr6..
Borte vekk…
Strikkar med 5 pinna,men er litt masete…
Jaja..sikkert på ein lur plass..
Trur på sol og fjelltur imorra.
Hadde gjordt seg..Treng trimmen.

Regnvertanker

Regner snart vekk og renn inn i ein hekk
Ikkje rart eg samler formykje spekk
Er liksom perfekt å sitte inne å ete
Breie meg skikkeleg på sofa og sete
Kanskje eg burde tatt meg ein regnverstur
Før eg rekk å verte skikkeleg sur

Er sikkert mykje eg kunne finne på å gjere
Ikkje berre sitte og fundere i mi eiga svere
Men har eg lyst berre syte å klage
Gremje meg over min voksande mage
Sjå ut som gravid når ein er over 60
Er ikkje det minste kos eller seksi

Bør kanskje heller finne på noko kjekt
Gå meg ein tur eller besøkje litt slekt
Kanskje ta meg ein tur å handle
Ikkje at det er noko eg ser ut til å mangle
Treng ikkje alktid vere det store
Gamla er ikkje så vanskelig å more
Hjelp iallefall ikkje å syte over veret
Er berre bortkasta og overdreve

God lørdag

Kor vart det av sola,?

Syns so tydelig at det var meldt sol idag…
Kjem nok no..men..for seint altso..
Eg har ikkje kveldssol..
Jaja..
Etter å ha lagt på sofaen i to dagar.
Jobba nattevakt og ete døgnet rundt..
Så vart eg uvenner med badevekta..
Ikkje at eg trur ho lyg,men kunne tatt litt hensyn til ei sart sjel..
Så idag har eg prøvd å vere litt aktiv.
Ingen fjelltur..
Men gjekk no stripa mi etter vegen.
Fekk unna noko eg måtte gjere..
Så kanskje like bra sola held seg vekke.

Var kjempegodt med mat..
Er igrunnen trøtt,så har krope oppatt i sofaen.
Kanskje eg skal gå på fjellet imorra..
Får sjå.
No er det strekk ut på sofaen.

God fredagskveld

Kose meg inne dag

Må innrømme at idag passa det bra
Jaudå..ynskjer meg sol og sommarver eg og,men det styrer eg ikkje.
Og idag syns eg sofadag er topp.


Høstver

Skremmande med eksplosjonen i Beirut,og samtidig godt det er ei ulykke og ikkje påført.

Coronasmitten tek seg opp og vert nok snart meir bruk av munnbind i Norge og.
Sikkert lurt.
Ingen veit kven av oss som kan vere smitta ..ikkje alle vert sjuke

Er ei veldig spesiell tid.
Hurtigruta har påført seg sjølv litt dårleg omdømme, for å sei det pent.
Fort gjordt å trakke i salaten.
Starta oppatt på strikkeprosjekta mine.
Har eindel såkalla ufoar liggande.
Er sånn med meg..strikker eller hekler i perioder,og som lyn frå klar himmel er lysta vekke.
Då berre ligg det der..i ein haug.
Gjeld å passe på mønstera til lysta dukker oppatt.
Det kan ta tid.
No har eg mest lyst å sove
Godt med sovedager innimellom

God onsdag

Trøtt i trynet

Dette er ein sånn dag eg har lyst til å bli liggjande i senga med dyna over hovudet.

Er berre det at då stivner eg heilt til.
Liksom ikkje så mjuk å smidig lenger…
Litt surt,men sånn er det.
Har kravla meg inn i sofaen og får med meg nyheitene..
Corona og Brann.
Hatefulle ytringer på Facebook.
Og andre mediaplattformer.
Utruleg kva ein kan skrive på nett.
Der har vi alle eit ansvar.
Korleis ein vert kvitt det…
Ikkje enkelt.

Trur dette skal verte hovudbeskjeftelsen idag.
Fri💞og surt ute..
Bør nok vere litt husmor ser eg…
Men ikkje no.
Litt meir kaffi først.

Godt med slike rolige dager.
Morgenfugl har eg aldri vore.

Nyt dagen

Sommar og leselyst

Veit ikkje kvifor,men syns bøker og sommaren høyrer saman.
Trivst ute i sommarlyset med boka og kaffikoppen.
Ja når det er godver altso.
Ellers tek eg det inne.

Kva eg les er litt forskjellig.
Glad i krim,men les gjerne bøker som rører ved følelselivet.
Godt lys og ute om sommaren.
Vurderer å ta meg ein luftetur

Regkleda bør nok på.
Men friskt før jobb

Ha ein super søndag

Allergimedisin og smertesalve

Har omtrent sove meg gjennom heile dagen…
Tett som ei nøtt og med rennande nase var eg litt redd det var noko alvorleg ivegen.
Når då musklaturen i ryggen slår seg vrang er gamla litt ille ute.
Men har tatt maxdose av zyrtec og nasespray.
Ryggen er innsmurd med voltarensalve utvendig og fått paracett innvendig.
Eg føler meg som eg har vore på rangel lenge..
Kolapsa på sofaen.
Men medisinen hjelp.
Skal ikkje alltid så mykje til for å vippe ein av pinnen.
Men går over om ikkje idag.
Fekk meg nye sokker av mamma som trøst

Godt fornøgd.
Kjekt
Heilt fortumla og om mulig meir forvirra enn før.
Ta meg ein smertestillande og strekke ut litt kanskje.litt må ein ha lov å sutre
Irriterande.
Får no med meg litt nyheiter om ikkje anna.
Skal bli litt småpent ver i morra ser eg.
Jaja..det vil no tida vise.
Ikkje noko vi styrer uansett.
Jobbehelg,så her må ryggen på plass att.
Treng nok berre litt ro og kvile.
Ha ein fin torsdagskveld

Sliten.no


Ikkje mykje futt i gamla merkar eg.
Vore til Førde ein snartur…
Og her ligg eg som eit slakt.
Var rett og slett alt for svolten då eg kom heim.
Heiv innpå så ein skulle tru nokon ville ete opp for meg..
Kjøpte meg kylling på Sande..Åt den heime
Var ikkje noko særleg smak på den…men er ein svolten går det meste ned…
Burde gått ein tur istadenfor sofaen..
Trur eg må ta ein alvorsprat med meg sjølv…
Etterpå..
Kor sløv kan ein bli..
regn i lufta…
Betyr vestlandsbunad..Men….får skjerpe meg

Grøss og gru

Her var eg flittig med klevask på torsdag.
Rusla opp til klesnora..
Sånn i sidesynet ser eg ein bevegelse i graset til høgre…
Mus…
Grøss og gru..får gåsehud idag og.
Der kjem det eit langt uhyre av ein hoggorm glidande framfor meg..
Rygga meg ut av vegen…
Den var diger…

Tok ei tid før eg fekk på meg støvlar og henta kleda.

Var nett begynnt å bli litt glad i hagearbeid…
Det tok ein brå slutt.
Vert ikkje gjordt meir før til vinteren når pokkerskapet er i hi..
Her er rikelig av dei,men syns dei kan ta ein smule hensyn til eigedomsretten.
Allemannsretten gjeld ikkje hos meg…

Heretter vert kleda tørka på stativ på altanen.
Berre den ikkje kjem der og.
Ekle kryp.Og nei…bilde tok eg ikkje

God lørdagskveld

Dei gylne augeblikka

22 juli er ein dato som for alltid er brent fast.
For nokon vart verda snudd på hovudet.
Idag tenkjer eg på dei som overlevde og familiane til dei som aldri kom heim❤

Håper det aldri skjer igjenn..

Her hos meg er ferien over.
Samler på dei gylne augeblikka på jobb og på fritida.
Trivelege dagar på jobb.
Idag skein til og med sola etter arbeidsslutt..
Sjølv om det nok kunne vore pittelitt heitare so er eg fornøgd eg..
Til og med klart å komme meg ut og litt opp.

Vakkert uti ytre Fjaler.
Her var det tydeleg denne fuglen som var sjef

Ekstra godt å komme ihus etter ein luftetur.
Berre litt mykje mas på meg sjølv for å komme igang.

Håper på nydeleg ver i morgon
Har nemlig fri