Fridag1❤

Ja fri og fri fru blom.
Digitalt kommunestyremøte.
Har sine fordeler at det er heime.
Slepp lang køyring.
Kan til og med gå i joggebukse.
No har det sine innkøyringsvanskar..
Møte med mange deltagara i digitale nettverk,har det..
Men vi sto han av.

No er dytten igang.
Greit med slike felles sosiale tiltak som kan gjerast kvar for seg.
Start idag og målgang eingang i juni.
10000 skritt for dagen er eindel.
Eg berre nevner det..
Så her har gamla gått.Dytt.no

Vindfullt.
ikkje dagen for mange pauser.

Har sine fordeler med litt surt ver..
Hadde heldigvis med hanskar.

Godt fornøgd med meg sjølv.
Klarde til og med å få sett litt poteter i ein kasse.ja det var no etter eg kom heim😊
Trur eg må ha meg fleire…
Avslutta med å gryte i meg alt for mykje middag…
Var svolten må vite.
Nydelige natronkaker frå mamsen til dessert.nystekte
Overmett ,men godt sliten.


Blomster frå prinsessa mi…❤❤❤

Sett på symesterskapet.
Kjekt med litt anna enn korona.
Men ser på debatten.Litt må eg få med meg

Godt å kunne slappe av litt

Roleg start

Litt overskya og dogg på marka.
Sola bryt nett gjennom skylaget.
Søndag❤

Høyrer små lamb brekar etter mamma og fuglekvitter
Litt småkalt
Glad i rolige morningar med kaffi og frukost.
Kose meg heime dag.
Berre lese og kanskje rydde litt.
Spørs veret.
Sol betyr null rydding inne.
Litt godt at landet åpner litt etter litt,men er litt engsteleg for at vi gløymer avstand og handvask.
Meir trafikk betyr fulle busser,tog og fly.
Men vi må jo fortsette livet utanfor 4 veggar.
Litt kjekt å sjå folk på hyttene og feriehusa att.
Det er jo det vi er vane med.
Frisøren min er igjenn klar til innsats, og eg ser håp om å få ordna opp i hårmanken.
Fått ny time på sykehuset…
Landet er begynnt å starte opp att.
No gjenstår det å sjå kva som skjer.
Krysser fingrer og tær.

Ha ein super søndag

Kor vart det av kondisen

Kom an då ..Gale Lise var på høgget idag.
Hjelp då søren meg ikkje å stønne over for mange kilo og dårleg kondis,når det einaste ein gjer er å sitte på reva å ete..
Ho har så rett…Kva gjer ein uten eit alterego..
Eg berre spør
Fy søren so tungt det var.
Pusten gjekk så ein høyrde meg ut i Bulandet.

Mange stopp for å nyte utsikta🙂Kan ein no sei..

Vakkert for auge og godt for kondisen.
Fekk pusteproblem.
Allergien gjer det ikkje bedre.
Noko må ein skulde på.

Utsinta gjer noko med ein.
Kom meg no opp til slutt.
Der var det rikelig med luft
Steik kor det bles.

Litt greit å gå nedover att.
Men når ein først kom opp var slitet glømt.


Kjekt med slike pærler i nærområdet.
Så får det våge seg at det er i nabokommunen
Angrer ikkje.
Godt å vere litt fysisk sliten.
Det er helg❤.

Endelig sovetid


Endelig kan eg sove
Har sove litt.ca ein halvtime..
Lagt meg på sofaen,for skal ikkje sove så lenge er planen.
Må innatt i normalt sovemønster.
Vart forlite søvn igår..Er ikkje 20 lenger og nattevakter kan ta på..
Men no er det helg.
Skyene har meldt seg på…
Jaja…får no gå…
Gidd ikkje gå på fjellet uansett.
SOVE LITT TIL

Ha ein super fredag og hald avstand❤

Er ikkje til å tru

Vi har ikkje vore bortskjemde med sol og godver her i vest
Men altso..no skin sola for tredje dag på rad.
Litt kaldt på morningen.
Bjørka formeleg vert grøn mens ein ser på og pollensesongen er i full gang.
Hivd innpå allergimedisin og kaffi.
Eg er klar.
Stiv og støl etter å ha gått på fjelltur dei siste dagane..kondis er mangelvare..

Trur eg tek ein roleg dag.
Litt bekymra er eg og.
Redd for oppblomstring av koronaen no.
Nydelig ver.mykje folk ute.
Vi løyser opp eindel strenge tiltak..
Folk får ein meir…det skjer ikkje meg haldning.
Er jo ikkje noko her med oss..
Nei,men kan fort bli.
Skremmande denne koronaen.

Men vi må leve med den lenge endå.
Prøve gjere det beste utav det

Nyte godveret mens det er her.
Glad i våren.

Held meg til godt merka stier.
Mykje folk på fjellet igår.Bør nok gå på mindre populere stader

Dagsturhytta i Fjaler ligg nydelig til.

Nyt godveret og hald avstand❤

God helg❤

Sola skin.
Gamla har fri og godt fornøgd.

Til og med vore sosial i koronaen.
Ikkje .med mange.men kos med altankaffi hos naboen😍
Gjorde godt etter fjellturen
Har nemlig jaga meg sjølv ut ,med hjelp av alteregoet Gale Lise.
Ho berre flytta innatt eindag.
Kom med godveret.

Sjelden eg ser nokon på tur.
Verken folk eller fe.
Men eg går tungt oc puster som ein kval,så vert vel vetskremde

Vått i marka men går fint…nesten

Fint å sitte å nyte utsikt og appelsin.

Men pass opp for små glatte stokkar.
Havna med eit brak uti lyngen.Reine jordsjelvet..
Skalv litt sjølv og etterpå.
Plutseleg låg eg der som eit slakt.
Gjekk bra.
Kjenner det litt,.en sånn går det når ein ikkje brukar vet.

No nyt eg sola og samler fregner,i ly for vinden.

God helg

Har fått blomster❤
#fjelltur#sol#vår

Glad i heimepåske eg

Ikkje har eg hytte og ikkje bruker eg ha ferie.
Eg jobber i helsevesenet,og der jobber vi når andre har ferie.
Første gang eg tenkjer det er ein fordel.
Dessuten er ikkje påskeveret det store.
No ligg eg fulleten i sofaen og tenkjer på den tida matlysta var minimal og kiloa minus 20.
Ikkje er det så lenge sida heller..
Jaja.Ilag med etterveksten gjer det susen.,Madam Mim
Kjekt men travelt på jobb.
Lei meg for coronatider som gjer at familiane ikkje kjem inn på sjukeheimane og får besøke sine.
Ikkje så lett å forstå for alle.
Men vi får håpe på bedre tider,og litt varme så ein kan vere ute i hagen

Gamla har fri imorra og godt er det.
Skal hjelpe dei som ingenting gjere,trur eg.

Glad i våren der alt spirer og gror

Men ikveld er eg berre trøtt.
Lyst og fint ute og eg tenkjer at eg berre legg hovudet på puta ei stund

Planting og elvevandring

Gamla i farten.
Må antageleg vere vårluft.
Dagen starta som vanleg..
Trøtt i trynet og med kaffikoppen.
Ikkje mykje sprell og nyheitene gjorde det no ikkje bedre..
Rusla meg ein tur..
Var då eg kom på at eg burde hatt meg eit til plommetre…og litt .mold..
Eig ikkje grønne fingra..Men gjer ikkje noko
Må vere koronastress.
Så då Hjertebladhagen opna kl 12 var gamla på plass.

Vart litt meir enn plommetre
Så no har eg planta rododendron.
Den siste tok vinden ein gang den rydda
Plommetre er kommen i jorda og gulrotfrø er sådde.
Om det kjem opp gulrøtter det gjenstår å sjå.
Fekk no løyst svetten.
Mens eg held på så kom våren.
Eg fekk rett og slett energi.
Iallefall eit snev.
Så på med fjellsko og vindtette kler.

Har ikkje vore på fjellet detta året..
Elvevandring

Var så eg venta på Elvegris kom padlane med brødrene Dal

Vakkert i naturen

Stille.Høyrer kun vatn som renn

Steinbrua

Vakkert

Endelig oppe.Her var det luftig.
Ikkje ein plass ein er lenge idag.
Held på å blåse utfor…Og eg er tung

Skikkeleg støvleturver
Rann vatn overalt.
Men gjorde godt for kropp og sjel.
Spørs kortid neste tur vert…kan ta tid.
No er det sofa og god mat.
Kunsten å glede seg over dei små tinga i ein skummel verden
#naturbilder#fjelltur

Hurra for videosamtaler

Utruleg godt å sjå jenta mi.
Oslofrøkena har ikkje bil eller lappen.
Å reise kollektivt til mamsen i vest i desse dager er russisk rulett.

Men no har vi hatt litt kvalitetstid på messinger.video er flott
Eg har ikkje ifone,så ingen facetime herigården.
Litt kjedelig å vere arbeidsledig.
Mange som er det no desverre.Ho er i godt selskap
Gadd vite korleis verden ser ut etter koronaen har herja rundt.

Glad eg sjølv har jobb.
Håper ikkje koronaen tek tak der..skrekk å gru.
Men vi veit ikkje.
Den spør iķkje først..

Lufta vetet litt idag og.
Det vesle som er.
Aprilver
Men det spirer og gror.


Gir håp om vår og bedre tider.
Viktig at vi tek smittespredning på alvor og hensyn til kvarandre.

No er det innekos og strikketid

Ikkje særlig flink men det gjer ingenting.
Er til meg sjølv.
Visst den passer då…kan verte spennande.
Viktig å kunne nyte augeblikka

Fredag og påskever


Vel heime frå nattevakt.
Vinter i april.
Verda er no så alikavel på skeiva.
Ekkelt rett og slett.
No lever eg no sånn normalt litt for meg sjølv,men har no ikkje vore redd for å handle.
Skremmande denne coronaen.
Durer iveg.
Så om det snør eller ei er liksom ikkje så nøye.

Imens får eg pynte litt til påske.
Jakte på hybelkaniner før eg finn fram påskepynten kanskje.
Ser ut som eit rotehus …
Er litt rotete av meg.
Først skal eg sove litt trur eg..
Ute laver det ned.
Godt eg har fri til mandag❤❤❤
Skal nyte frien og slappe av.
Gjeld å ta vare på dei små gledane mens ein kan.
God helg