Morgongry

Stille og roleg og slåande vått
No har vi endeleg regnet vårt fått
Igår var det fint og ikkje ein dråpe
I dag må eg nok ha på mi regnkåpe

Skal ikkje klage ,men håper jo på
At vi seinare litt sommar og varme kan få
Veit mai var flott men kva hjelper vel det
Visst vi resten av sommaren skal vasse til kne

No er det vel dei lengst nord som har grunn til å klage
Her vert det berre syting og surmaga klage
Er ikkje våken og har mest lyst å sove
Skal ikkje gjere stort det kan eg love

Fjellsko og rabarbrasuppe😍

Hadde meg ein roleg start på dagen idag..
Sånn skikkeleg kosa meg med kaffi og god frukost❤
Søndag…
Var då gale Lise dukka opp…
Ga på å plaga mi dårlege samvittighet og synkende form…
Så på med sko og på fjellet bar det…
Vert mykje pusting og småpauser for å hive etter luft

Vakkert er det om det desverre er tilbake til våte og litt småtrasige tilstander…

Men kom meg no opp i dag og

Like kjekt å nå målet kvar gang.
Er noko eige med det å stå på toppen og speide rundt seg.
Er jo ikkje høge fjellet
Litt anna med dei som går Lihestklyvet idag.
Har ikkje vore der.Ser det frå stoveglaset sånn laaaangt borti der…
Mulig eg går ein dag.. .kven veit

Var godt å lande på altanen til ho mor.

Nyte blomstene og ikkje minst.
Få servert nydeleg rabarbrasupoe

Rett og slett kjempegod.

Har landa i sofaen.
Fått med meg at Serbia vann sin kamp.
Funne meg kaffi..
Tulla meg inn i teppet..
Livet er ikkje så verst

 

#foto #tur

Skremmande

Ser på nyheitene.
USA og flyktningpolitikk.
Ungar vert tatt frå ulovlege imegranter på grensa
Satt i eigne leirar
Er så eg ikkje trur det eg høyrer…
Går det an…?
Skremmande
Kva gjer det ikkje med små ungar som er utrygge frå før…
Håper den lova forsvinn…

.. .

Kontrast til min kvardag.
Har jo sove lang middag ,så her er eg lys våken.
Krig og elendighet i verden i kontrast til fotball vm.
Slik er kvardagen

Ute er det ganske kaldt .
Skyene er omtrent vekke
Lyst som dagen nesten.
Fin tid dette no før sola snur.
Finaste tida på året ,syns eg.
Kanskje fordi eg er junibarn og lite glad i den mørke årstida.

Kunne glatt hoppa over den mørkeste årstida eg.

Gamla sovna

Litt sånn slakk dag…
Syns det var litt sånn småsurt ute så slengde meg nedpå sofaen…
Skulle berre strekke meg litt..

Tek på med denne fotballen.
Kjempa heile vegen med Island…
Og vi klarer det…uavgjordt…

Våkna opp til nydeleg solskinn ute.
Fekk akkurat med meg målet til Danmark…
Har klart å legge på meg fleire kilo på nokre dagar….
Det gjekk uten problem kan ein sei…
Sånn går det med ferie i sofaen😊

Uffameg…
Kunne jo tatt meg ein liten fjelltur men har ikkje lyst…
Latskapen lenge leve…

Men men…..sånn er det av og til

Det er noko med denne motivasjonen…
Hadde sikkert vore greit å ha nokon som ga meg eit spark bak av og til…
Drog meg med på tur når motivasjonen var fråverande…
Men …får ta meg ein alvorsprat med meg sjølv..
Håpe gale Lise dukkar fram av og til…

Fotball😎

Midt inni kampen Spania og Portugal..
Sånn utav intet merkar eg at eg vart dritglad då Spania utligna og så no leder dei til og med..
Visste ikkje at eg heia på dei ein gang eg…
Sånn kan det gå…
Sikkert fordi eg ikkje er så veldig glad i  Ronaldo…
Spør ikkje kvifor☺
Strikkar litt sånn innimellom…
Kommuniserer kun med meg sjølv.
Kan vere gale nok berre det…
Når eg ikkje heilt skjønner kva eg i grunnen tenkjer og gjer😊
Diskusjon er nytteslaust.. .
Argumenterer villt med alteregoet😚
Så her er det stille.Litt roping innimellom får gå

Sola skin på hi sida fjorden etter torden og regn.
Vakkert.
God fredagskveld

Viktig at mottakar og sender er på same frekvens😄

No er kommunikasjon ikkje alltid så enkelt.
Ein bør først og oppfatte kva den andre parten seier.
Helst vere god på kroppsspråk og lurer ein…spør oppatt…

Ofte er det eit slit med denne kommunikasjonen.. .
Vi forstår kvarandre ikkje ,og i tillegg så verker det som vi bur på kvar vår planet…
Av og til er det ting  rundt ein som forstyrrer…ein høyrer berre halvvegs etter…eller ei  høyrer tungt…

Her er dagens frå heimen😊

Var ein tur nede ved sjøen..
Vinden hadde ruska godt.
Junioren hadde sikra med tau i alle retningar😙
Tusla meg oppatt og innom ho mor..

Skikkeleg sikra med tau der nede så eg…
Ja…han var nede i går kveld.. .
Men han skada eit kne….
Hm…kva sa ho…tenkte eg…

Hadde han ramla då?
Ramla?korti kom det frå ho mor….
Men du så no han hadde skada eit kne..
Nei…da har eg ikkje sakt…mor mi såg på meg..eg sa det var bra han gjekk ned…

Så kom resten av forklaringa til det…
Godt eg spurde oppatt😊
Sånn er det når ein høyrer sånn halvvegs…
Fort gjordt…
Lett att det oppstår misforståelser 😎

Fytti katta

Ikkje Berre Berre med desse kosedagane…
Har brukt ettermiddagen til sofasliting og eting…
Skulle tru eg var utmagra og ikkje har sett mat på lenge…
Uteaktiviteter freista ikkje ei heller innendørsaktiviteter….
Kun sjokolade og mat….og meir sjokolade og mat…
No har eg vondt i magen og er kvalm…
Sånn kan det gå..
Ledigang er rota til det meste😎

Tomt…visste ikkje eg likte dei ein gang eg…
Uffameg…
Trur eg må finne på noko anna i morgon…detta går ikkje…
Men fekk no sjå Russland vinne 5-0 og skiløparane nyte regnværet i Oslo…
Sånn går no dagane…

Trur eg bør gå å legge meg før eg et endå meir…
Røyksuget vert erstatta med mat..
For etter 3 år har eg det fortsatt…
Merkelege greier…

Skal sei det vært fart i sakene😊

Her går ein frå sommar til høst😊
Men det regner…
Endeleg litt vatn på meg og sa Larris.
Stakkaren var nærmast attgrodd😎

Kom i god tid til sjukehuset idag.
Antagelig sjebnen😍fekk med meg flott korsang frå desse damene her.
Veldig flinke.
Og når auge i tillegg held seg stabilt
Og gamla slepp sprøytene, er det jo reine feststemning.

Fått meg blomst og heime venta brev i postkassa.
Kortet gjorde susen .😊

Så no sit eg her blid og fornøgd og ser ut på ruskeveret😊

Premie og allting🤗
Berre lekkert
Russland skal starte Vm.
Reine reklamesendinga…
Sånn passe fotballgal
Men litt får eg no med meg…

Burde nok heller tatt på meg vestlandsbunaden og rusla ein tur…er jo mildt😊.. .etterpå…kanskje😁

På loffen😊

Ute og farter litt.
Reist litt lenger inn i landet i håp om mindre mygg og vind😊
Misunner dei litt uteområdet framfor huset

Triveleg😊
Vert sikkert mykje brukt

Fått med meg avslutning til skulemusikken.
Slikt er litt stas for ei bestemor😊
Om eg har gått glipp av nokre fotballkampane så fekk eg no med meg dette😊
Dei har til og med nok vatn😊
Stooore ting for meg som sparer😂
Finne glede i dei små tinga er viktig har eg høyrt…
Ligg nokre bøker framme

Veit ikkje om det er eit hint😊
Vert freista å lese og sjå kva det handler om😊

Men eg har med meg strikk😊så treng ikkje lese😊
I morra er det meldt mykje ver.
Merkar at det er varmare her enn heime.Mindre vind og…
Men regn treng vi.Meir skeptisk til sterk vind.

Tenkte meg inn til nærmaste by imorra.
Har litt vanskelig for å tenkje på Førde som by…men den er jo det…
Larrisen er klar for meir utfart…
Gleder seg til å få ein dusj han og

Gamla i vinden😊

Bokstavelig talt.
Var rett og slett hårreisende på toppen av Einingsfjellet i ettermiddag

Flott er der jo

Men å sei det var koseleg der idag er å overdrive

No er no varden heller ikkje noko å skrive heim om stakkars…Går ikkje an å gjømte seg bak den eingang😊

Men gjorde mitt beste slik at eg fekk skrive meg inn i mantalet😊
Flotte tillagt løyper i ytre Fjaler.
No er det i tillegg knusktørt😊

Var kjekt å gå.sånn passeleg hett..
Unntatt på toppen😊

Koseleg liten steinbenk.
Er jo unnagjort på vel timen sjølv for gamlemor..
Halvparten er nok normaltid opp og ned for dei trena.
Brukar nesten lenger tid nedsatt eg.
Mykje pusting men gjer godt for sjelefreden.

Blomstrende mine lir stakkars..
Men har ikkje vatn å dele..
Veldig tørt

Og sjå kva eg har funne😚
Kvelden er redda…

Her er det eg burde gjordt ferdig…
Hm..har heklesperre trur eg..
Tja…får sjå…
Vi ligg under i håndball.. .det er verre…
Vert berre feilhekling av slikt😊
Så lar vere

#tur#foto#natur