Kjekt å sjå

Treffte nokre sauer då eg var ute og loffa

Dei såg rart på meg og lurte nok på kva dette her var for spettakkel

Stirra på meg lenge og ga frå seg eit lite brek.Flytta seg ikkje ein cm:-)

 

Hadde nok ropt på resten av gjengen for plutseleg dukka det opp tre til.

Dei berre sto der og såg på meg:-)

Prøvde å snakke med dei,men var nyttelaust

Hadde sikkert ikkje lov å ha kontakt med fremmande. Noko som er fornuftig:-)Ikkje hadde eg med noko godt til dei heller:-)

 

Ikkje så ofte ein ser dyr no lenger

Synd igrunnen for landskapet gror att

Men slik er det når det er små gardsbruk og ein ikkje kan leve av det.

Ikkje alle vil vere hobbybønder med jobb ved sida av.Vert for tøfft

Så ein får glede seg over dei få som fins

Refleksvest og hjortejakt

Er litt forsiktig når eg går tur

for kan jo ligge ein jeger på lur

ikkje at eg trur dei vil skyte meg

Må  vere noko bedre dei finn på sin veg

 

Kan nok oppføre meg som ei kyr

Men går ikkje akkuratt som eit dyr

Men har alltid refleksvesten på

Slik at dei ser meg når eg er ute å går

 

I dag var det godver og jakt i lufta

så nokre toppar får vente til dei er fordufta

Gjekk litt etter vegen og så til fjells

Men valde den toppen der ein kjem ned før kvelds

Er no berre kos at folk går på jakt

Det må eg altså no få sagt

Men prøver å ikkje rote det te

slik at dei får jakte på dyra i fred

 

Dikt om livet

I dag har eg berre luffa litt rundt

sett på naturen og gått Bordvika rundt

Kan anbefalast å rusle omkring

Ein ser forskjellig og tenkjer på ting

Kom på at eg kunne hatt bryllaupsdag 

Ja me er sjølvsagt ikkje lenger i lag

Det gjekk med det, som med treet her

Litt ribba tilbake men står no her:-)

Blomstrar fortsatt i vegkanten.

Då tenkjer eg at jammensante

Det er ikkje så verst å bu her ute

sjølv om det knapt nok går ei einaste rute:-)

Sto ein vakker og litt oppeten sopp

Minner meg på at ein ikkje må gi opp

Om livet er tøfft og alt er svart

så går det over om ikkje så snart:-)

Vill vakker og våt, er fossen her

Forandrar seg om det er fint eller stygt ver

Slik er det også med oss igrunn

Viktigast er at vi er god på bunn

 

God helg

#natur #dikt

 

 

 

Latskap

Lurer på korleis eg før i tida fekk unna alt og i tillegg hadde tid til overs

No får eg ikkje gjordt nokon ting.Går veldig seint og kjem aldri i mål

og no er eg aleine…

Kan ikkje skulde på nokon verdens ting.

Får liksom ikkje ting unna..Kjem ikkje igang heller

Der eg før var rask er det no som eg vaser rundt i sirup

igrunnen veldig irriterande

Trur rett og slett eg har det for godt

Ingen som maser og rotet kan flyte…

Skummelt igrunnen

Er nok hovudgrunnen til at kiloa renn på

Hadde eg fått reva i gir og jobba meir både inne og ute så hadde det nok hjelpt på

Lite hjelp  i å sitte på reva å gafle i seg mat og søtt og gremje seg over kiloa:-)

Kvifor er det så vanskelig å gjere noko med det ein igrunnen veit..

Mangel på sjølvinnsikt er det ikkje. Heller mangel på sjølvkontroll og ork til å gjere noko med det

Her har eg nok ein jobb å gjere

prosjekt Kjeftsmella

 

Ingen bønn:-)

Ja Idag har eg vore veldig trøtt

Ikkje for det.det er eg støtt

Men grunnen i dag var vel lite søvn

Måtte jo hjelpe til å ta min tørn

 

Vaska ei hytte ,det gjekk forferdeleg seint

Skulle jo tru, at eg i det var trent

Hjelpe meg for ein latsabb du er

ropte Lisa og tok eit bringebær

 

Altså no får du komme deg ut på tur.

Ikkje berre daffe og føle deg lur

Gale Lise var i støtet idag

Så vi tok oss ein tur på Vardeheia ilag

 

Starta litt seint skulle det vise seg

for oppe med demma fekk eg regnet på meg

Hadde no heldigvis regnjakke med

for regnet riktig hølja ned


Gjorde igrunnen berre godt,sjølv om det føltes ganske vått

Einaste er at ein må passe på

kor ein set føtene når ein skal til å gå

Glatt på berga og ellers søkk vått

tar litt på for ein gammal skrott:-)

Regnet det stoppa då eg kom opp

på denne flotte og nydelege topp

No var det berre tenkje på, kor eg skulle nedatt gå

Forsiktig rett ned, eller litt på skrå

 

For det var sleipt som f og ekstremt glatt å gå

i tillegg vått og skummelt på berga blå

 Skoa var lekk og eg var søkka blaut

Følte meg nesten som eit gammalt naut

Men alt i alt ein hærleg tur

Eg kjenner eg er trøtt og ikkje sur

Det gjekk ikkje fort og eg brukte veldig lang tid

men gjer ingenting ,eg er like blid:-)

 

#Humor #friluftsliv#dikt

 

 

Sovedag

Vore ein nydeleg dag ute idag,men eg har sove:-)

Sånn er det berre. Har jo fått nokre timar i godveret,men søvn må ein ha når ein jobber natt

Vurderte om eg skulle ta meg ein tur,men er igrunnen så trøtt i kroppen at eg har ein latmannsdag:-)

Gjer godt det og

Er forresten lat kvar dag så er igrunnen ikkje noko nytt:-)
Får heller gjere ein innsats både ute og inne i helga.Visst eg gidd:-)

 

 

Gale Lisa:-)

Eg har eit alterego ,la meg kalle ho Lise

Ho er søkka dum og går rundt her og knise

Ho er aldri fornøgd uansett kva eg gjer

aldri har eg gode nok klær

 

Eg fann ut i dag at eg kunne gå meg ein tur

Gjekk jo alikavel her og var sur

Ute var veret faktisk ganske så flott

Litt mykje vind men uten knott

 

Var faktisk ganske varmt i lufta

Så kosa meg godt eg gjekk rundt der å luffa

Gjekk ikkje så langt for eg var jo litt trøtt

Og hadde igrunnen litt lyst på noko søtt

 

Kom heim og var glad og ville sette meg ned

Då kom det frå Lisa.:,ditt dumme fe

Gå ein tur på fjellet og få deg litt trim

Du er jo trillande rundt rundt magen din

 

 

Ho ga ikkje fred så eg vart fly forbanna

Eg gjekk meg ein tur,eg kunne ikkje anna

Det var veldig med vind,det må eg sei

Men eg kom meg no opp over lyng og hei

Ser jo ut som eg er spika galen

Er ikkje slik at eg er etter malen

men vinden den bles det sure vekk

så følte meg liten der som eg gjekk

 

Eg tenkte på orda til gale Lise

Kjende eg nesten fekk lyst til å fnise

For er ikkje så verst å vere litt gal

så lenge ein er ute og ikkje på ein sal

 

Tok på meg jakka det var ganske kaldt

Var av og til glatt og var tett før eg fallt

men var faktisk ein hærleg og koseleg tur

jammener detgodt at eg har Lisa på lur

 

 

 

 

 

 

#dikt #tur #friluftsliv #humor

Dikt om latskap

Eg burde gått tur men eg orker det ikkje

ute så bles det  og eg har ikkje bikkje

Då hadde eg nok måtte gått meg ein tur 

og ikkje sote inne og vore sur

 

For i tillegg til vinden så regner det ned

at vi aldri kan få liv å nyte godver i fred

Er så sliten at eg snart må sove

om eg gjer det det tør eg no ikkje love

 

Har såte inne i heile gudskapte dag

og igrunnen ikkje gjordt detminste slag

Men har lært eindel om k-leane og slikt

men hjelper lite på snue og gikt

 

Nydeleg lunsj fekk vi og servert

Kursfolk veit og sette pris å slikt

På hotellet i Leirvika kan dei mat

Og vi fekk det servert på kvar sitt fat

#dikt#humor

 

 

sliten.no

Utruleg kor sliten ein kan føle seg av kun ha såte på baken heile dagen:-)

Kurs og møte til langt på dag gjorde at eg følte meg heilt tom.

Vart litt seint og sola var omtrent vekke.Mange skyer samla og eg fann ut at her var det berre å køyre heimom,skifte og ut å tur

Turen på Einingsfjellet tek ikkje meir enn vel timen for meg då,Merk vel:-)Men må jo først køyre:-)

Var aldeles nydeleg å få bevege kroppen etter å ha såte heile dagen.Kurs i morra og men då er det meldt regn,så ikkje turver. etterpå

Må utnytte dei dagane vi har

 

Er vel snart berre meg som ikkje vert lei av denne utsikta:-)

Men var veeeeldig svolten så kasta noke kylling inn i bakarovnen og fann meg salat

Smakte himmelsk:-)

No er det sofa,71 grader nord og hekletøy:-)

#tur #salat