Trist

Vert så trist å lei meg av nok ei skuletragedie i USA.

Det at det liksom er tryggare med eller uten våpen, og at ein berre kan skaffe det er uforståelig for meg.

Er det våpenindustrien som styrer…Skremmande.

Flystyrt og kongebryllaup…

Sofadag på meg som de skjønner.Sove har eg og.

Best å gi kroppen ro.

Går mykje papir…frys…Rett og slett stappa forkjøla…

Tidlevakt i morgon….går nok greit med litt febernedsettande:-B 

Kven vinner av alle talenta skal tru?

Flinke alle frå sang til dans.

Lar meg imponere…

No må eg hente meir papir…

Klar for siste etappe av talentfulle utøverar

 

God pinse<3 

 

 

 

Slik kan det gå😂

Her ligg eg som eit slakt.
Vårfornemmelsen vart til forkjølelse.
Litt av eit syn med rennande auge og nase og vondt i halsen…
Ikkje har eg hatt forlite klær på meg heller…
Tolde nok ikkje 17 mai.
Får håpe eg er litt bedre i morra.. .
Ellers vert det ein tung dag på jobb..
Men har det no ok eg .Bra her oppunder pleddet.
Nydeleg ute.god kletørke i det minste..
Gamla får nyte dagen så godt ho kan
Trur eg må trekke litt meir kaffi.
Litt varme gjer susen.
Kan no syns synd i meg sjølv litt.
Ikkje at det er mykje hjelp i.

Til og med rosene heng med nebbet😊
God fredag

Tek kvelden eg

Kunne nok reist for å sjå revy eller skodespel…
Men syns det er ok å lande i godstolen…
Fått ilt i halsen av ein eller anna grunn…
Håper det går over like fort som det kom..
Kjennes ut som eg har fått ein klump nedi der som prøver tette att…

Flott 17 mai😙
Sol…og litt kald vind…
2 plass i natursti…om enn delt…
Nydeleg mat og koselig selskap.

Flotte pynta bord.
Rømmegrøt og flotte kaker…
Flink komité.
Lenge leve dugnadsånd…
Kva hadde bygdene vore uten.

Flott restaurert veteranlastebil😙
Lekker rett og slett.

Godstolen og hekletøyet resten av kvelden😊
Fri i morra og eg…
Er fordelen med å kun gå i 50 prosent…
Men nok endå…
Pinsa like om hjørnet…
Berre helg fortida…😊
Jobbehelg.

God kveld frå gamla som kjenner ho ikkje er 40 lenger😊

Gratulerer med dagen😊

Heia Norge😚

I år har eg fri.
Ingen jobb og ingen komite😚
Skal starte dagen med ein kaffekopp og nyte flott ver.Stillheit og ro.
Ingen champagnefrukost på gamla…

Trur eg tek og går ein lang tur etter vegen.Kanskje eg burde ta med eit flagg i hånda og late som eg går i tog.

Orker ikkje køyre til kommunesenteret for felles samling og tog
Bedre eg tusler rundt i mi eiga verd på morgonen😚

Skal slå til med ein bedre frukost.
Nyte kor heldige vi er som bur i eit fredeleg land😚

Skal på grenda sin tilstelning seinare.
Rømmegrøt og sosialt samvær gjer susen😊

Båter på sjøen.
Sola skin
Vakker dag

Heia Norge !!!

Vill i augene😊

Skyvedørsgarderobe er Inga enkel sak….
Men…nok lurt med litt speil i døra antagelig.. .
Men kun når eg ikkje har brillene på…

Gamla ser desidert best ut i dårleg lys og på avstand….
Men …den døra var ikkje så verst…
Aner ikkje kva prisen var…
Sto ingen plass det eg såg…
Kanskje eg skal overlate handlinga til han som har måla😎
Eg er i grunnen god på å handle…
Verre å verte blakk….så må styre meg😂

Snasen kar

Vart som snarast kjend med denne karen idag.
Snasen kar🙂pen å sjå på…
Men….treg…
Mulig han hadde kvaliteter eg ikkje la merke til,men takke meg til Larris😊
Spretten og lett til sinns.
Kjapp på labben og lett å ha med å gjere😊

Kva han andre heiter veit eg ikkje.var ein Peugeot…

Hadde vaska Larris og sa dei…trur dei har sandblåst…
Aldri hatt så mange striper…
Men vi er trygt heime…
Var no innom Møbelringen att.
Tok ein titt på sofaen og handla likegodt meir..
Fornøgd med servicen…
Men sikkert ikkje dumt når gamla er i handlemodus😚
No har eg gitt meg sjølv handleforbud
Dvs…treng skyvedørsgarderobe😚

Heilt tett

Skodda har pakka inn fjorden og det meste av landskapet rundt.

Skikkeleg trolsk.
Ny dag og nye muligheiter.
Gjeld å sjå lyst på livet😊
Få opp humøret før jobb…

Lite med søvn.Er inne i ein litt dårleg periode…
Men men…

Medisinen min😉
Ikkje berre skodda som er tett😙

Verden er urolig og nyheitene får meg til å grøsse….
Uff..
Skremmande…

I vesle Norge har vi det bra.Enn så lenge…

Ynskjer alle ein fin dag.

Skeiv i kjeften og bedøvd i nasa

Ikkje berre berre å ta full opprensking i tannkjøttet skal eg sei dåke..
Høgresida idag…oppe og nede…
Ikkje hadde eg vore flink nok med mellomromsbørsta heller…
Betennelsen hadde auka….
Kan kun skulde på meg sjølv…
Nett fått i meg litt mat…
Litt og litt fru Blom.. .
Nett fått i meg alt for mykje middag etter å ha venta i 6 tima…Bedøvelsen sat i.
Ikkje heilt gått ut av nasa endå😄

Uten bedøvelse er ikkje noko alternativ…
Neste veke er det venstre sida….

No kjøpte eg meg sofa idag….
Litt vel dyr…men…..er litt usikker på om eg valde rett farge…
Den var utstilt i lysegrå…
Pent….men eg vil ha ein mørkare…

Men valde eg rett…
Dei hadde ingenting utstilt i den eg tok ut….jaja…vil no vise seg…
Seljaren var skeptisk….og vel så det…
Uten å direkte sei noko så framheva han den som var der…..fortalde forsiktig kva dei selde noko av…
Så kan ikkje klage på servisen 😊
Handla som vanleg fort å gale
Og på billigsalg var den ikkje…
Men putetrekka kan vaskast😂

Jaja…
Får den ikkje før om ein mnd.

I det minste var det no flott natur på turen

Vakkert i Dalsfjorden😉

#humor#ironi

Ære vere morgonfuglane😋

Sit  her sånn halvdau og myser ,med kaffekoppen i hånda
Fortsatt i morgenkåpa, i håp om eit under…
Orker ikkje kle på meg ein gang.

Ute høljer det ned og vinden ruskar i hushjørnet…
Same humøret som på meg…
Ikkje det som var meldt…
Men ….eg skal i bil så samme for meg…

Gamla må få på seg litt klær😊
Korleis vert folk A menneske?
God mandag😚

Gamla på fjelltur😉

No veit eg ikkje om det var så god idé å ete seg stappa mett før turen…
Men når ho mor inviterer på pinnekjøt og raspeballer …
Eig jo ingen brems for mengde heller…
Men…har ein bestemt seg så har ein det..
Fantastisk dag.
Sommarfølelse😘berre å nyte

Gjekk ikkje nett så fort…
Men .skulle ikkje nå ei ferje…
Mauren jobba flittig på stien opp gjennom skogen.
Hvitveis overalt.vakkert

Alltid kjekt å nå toppen.Sette seg ned å ete mandarin mens eg nyt utsikta

Premien var kaffi og bløtkake på altanen hos naboen🤡
Ikkje akkurat slankekost eg har levd på idag

Måsen held vakt…
Litt usikker på kva den passer på oppi flaggstanga.

Godt å kvile beina😁

#tur#foto#trim