Pokkers gangsperr

Nett så vidt eg klarer å gå….
Er noko som heiter utstrekning har eg høyrt…
Den gløymde eg.
Er vel ikkje vand til å gå fleire kilometer rett til vers…

Var jo verdt det då…
Lurer på om eg og skal strikke klær til trea mine….?
No er eg redd det vert uoverkommelig..
Har jo ein heil skog…

Dette her er heller ikkje kvardagskost..
Og når ein då skal vere litt pen dame og vaser rundt med sko med hæl på brustein, ja då får ein ilt…

No hadde eg altså joggesko til fløyen😊
Men går seg vel til.
Våren er her og ny veke på gang

Byen er Bergen

Fantastisk flott helg i Bergen er over
Og no ligg nesten gamla å sover

Bergen i sol er jo berre lekkert.
Klarer no å komme meg opp på Fløyen…
Som om det ikkje var slitsom nok så tok eg ei ekstrarunde😎
Du veit når nokon du hadde gått forbi lenger nede, plutseleg var langt oppi lia…..ka fakerten.. …

Rett og slett tom for luft og med svetten silande som ei elv så smakte softisen magisk

Utsikta er magisk og det same var veret

Og like vakkeet på Bryggen😙
Godvershelger i byen det er supert😉
Gjer seg med godver og familietid❤

Gamla på konsert med delillos🤣

De lillos..
Det skal dei ha.
Dei leverer😊
Flott konsert på Verftet

Ikkje ofte eg er ute med både barn og svigerbarn.mor og niese  og fleir😚
Berre det er ein opplevelse.
Burde ein nok gjere oftare😊

Viktig å kose seg iblandt

Med hjartet i halsen 😊

Den følelsen ein får når telefonen tek av 06 og ein søv tung og trur ein er trygg
At eg aldri lærer å avstille …
Skulle no vel for p… Ikkje stå opp så tidleg eg..
Skjelv endå.
Kjapp noko voldsomt der eg drømde om heilt andre ting☺

Litt sur vind på altanen..
Vurderer om eg burde gå meg ein tur for skrotten er alt anna enn god på morgenkvisten.
Fredag den 13.
Satser på det er min lykkedag😊

Det er vår😊
God helg frå heksa og katten

Pengesluket i harnisk

Eg har lært noko nytt idag eg..
Føremiddag er kvart over åtte…
Takk Gud for at gamla ikkje fekk sove og var oppe før fuglane sang…
For meg er det morgon på den tida.

Ringde då han sto på tunet..
Snakka engelsk må vite…
Lurte på om det var eg som hadde ein Volvo..

Sa eg kom om 5 minutt.
Slenger på meg jakka og gjekk det fortaste eg kunne
Han kunne jo ikkje vite at eg ikkje var heime…

Stakkars Pengesluket..
Sto der livredd og pottesur..
Hadde friskt i minne gårsdagen då fremmede menn hadde skubba og flytta på han uten hans tillatelse☺

Ikkje berre er han avskilta, men her vert plassen invadert av store bilar i tide og utide:-)

Gamla gjekk seg ein tur i same slengen…
No tek eg frukost på altantrappa til ho mor

 

#humor #kvardagsliv

Fy fasan….men det er vår

Dautrøtt.. .
Lite søvn og dundrane hovudverk

God morgon verden
Sola skin og det er 5 grader😊
Litt meir i sola då..

Utendøra skal leverast idag.
Føremiddag…
Elsker slike tidspunkt.
Er håplaust…
Er då ein må halde seg heime frå 08 til minst 12..
Eg et middag lenge etter det…
Jaja..
Får vere glad den kjem…

Er vel no eg burde ta med meg kaffekoppen på altanen og nyte  godveret….prise våren liksom…
Naij.. .

Trur eg skal nyte den inne…
Snart få på med sko og jakke og rusle meg ein tur.
Hjelper nok på muskler og humør😉

#humor#ironi

Der kom kjøkkenet😉

I dag har det vore liv i huset til gamla.
Eletrikaren har jobba på spreng og i tillegg flytta bil og bord for at desse danskene skal komme fram

Ikkje ofte eg har slike store bilar på tunet😊

Sterke flotte og effektive danske menn😊

Imponerte meg

Vår gutta som kunne jobben sin

No problemo😙

Men vart utruleg fullt

Misunner ikkje han som skal sette alt på plass😙
Eletrikaren jobber fortsatt på.
Blir no bra når alt kjem på plass

Det er vår😁

Fest og trening🎃

Fantastisk å køyre heim ikveld…
Sliten i beina…
Fått  gjort mykje idag unntatt å nyte vårsola..

Jaja…kan jo ikkje få med meg alt

Måtte få litt orden på topploket…
No kan desverre frisøren ikkje utføre under …

Heks er eg uansett…
Vore på trening før fest på avdelinga.. på jobben:-)

Kosa oss med mat og levande musikk.
Dans til å med…nesten katastrofe..
Strikka meg skjørt.. .litt vidt i livet
Med glatt strømpebukse som held det meste på plass, så trudde eg det var bankers…
Men held ikkje på plass strikkaskjørt…
Treng ikkje sei meir…
Må sy i strikk…

Gjeld å kunne le av seg sjølv…

No har eg slengt meg ned i sofaen

#humor#foto#frisør

Slutt å syt😎

Av og til treng eg litt tilsnakk
Godt eg har gale Lise..
Irriterande alter ego ,men har eit poeng…

Inne i ein litt tung periode merkar eg..
Det meste går meg hus forbi og har ikkje lyst til nokon ting..
Går nok over
Brukar det….men gjer seg med eit spark bak…

Gale Lise  fekk meg etter mykje styr ut døra…
Er no for pokker berre litt yr..!!!!
Der er vååååår menneske…

Kyss meg her og der☺
Men var godt med frisk luft og appelsin som belønning…

Sånn går no dagane…
Og kjøkkenet?
Kjem nok ein dag…
Det og eletrikaren…
Kanskje han og har ein down periode?
Ikkje godt å vite….
Trur eg berre skal ha ein kose meg inne dag😊
Prøve å få ferdig gardina😉

Lite med søvn ,og gamla er sur

No er ikkje eg nokon morgenfugl..
Når søvnen har vore fråverande er eg ikkje tilsnakkande😎

Straffa for å sove middag…
Men men…

Så funne sofaen att og ser på kakekrigen…
Kan ikkje bake eg men kjekt å sjå på.

Kaffi er tingen for gretne gamle damer😊

Trur eg får prøve å bevege skrotten meir idag….
Men…..ikkje endå…
Ting tek tid.

God søndag

#ironi#humor