Orkar ikkje ein skit

Av og til har ein vel slike dagar…
Kroppen funkar ikkje
Hjernen vil ikkje
Og gamla har vore på sofaen..

Sove middag til og med…
Småtufs

Frustrert over kilo som baller på seg og har grapsa i meg to skåler med chips😎

Her er det langt mellom fornuft og handling…
Trøsta får vere at det er lørdag…
Problemet er at eg har lyst på meir😎

Har hatt meg ein tur etter vegen.
Traff på ein kvit nysgjerrig røyskatt…
Lett å få auge på i vegen før han skulda seg oppi snøhaugen😉
Flott i naturen. Men sofaen var bedre idag:-)

Funne fram den evinnelige heklegardina

På tide å gjere den ferdig…

No fekk eg lyst på sjokolade….
Dette her lover ikkje godt😇

Skittdag

Ute iallefall.
Gamla føler seg tufs og har krølla seg  godt opp i sofaen.

Ute bles og regnar det ..
Sofaver😊
April er her.
Vi skal vel få igjenn for godværet

Telen slepp taket og vegane er tildels reine galskapen.
Hopp og sprett.
.vart plutseleg så bløtt og framkommekeg i marka😎

Det er vår
Eg venter berre på eletrikar og at kjøkkenet skal komme.. .
Får liksom ikkje gjort noko før eletrikaren er ferdig…
Litt småfrustrert…
Ikkje er eg sterk nok til å bere ut det som skal vekk heller..
Generelt ubrukeleg😊

Uffameg…

Nei.. .skal drikke litt meir kaffi og fundere over livet.
Ha ein fin laurdag😇

Helg😍

God fredag folkens😊

I latskapen tegn og for å sleppe noko anna rusla gamla seg ein formiddagstur i flott solskinn

Etter det kom snø😄
April her og der
Gamla nyt kaffekoppen etter inntatt tidleg middag🤥
Seinvakt i dag:-)Jobbe litt innimellom

Kan ikkje berre surre rundt😊

Heksa og katten

Ute på oppdrag.
Heilt ærleg så er ikkje stemninga alltid god.
Vi er sterkt uenige om korleis vi skal gripe an arbeidet

Han nekter å hjelpe til
Ansatt som oppsynsmann.

Og resten er opp til meg.
Katten gjekk betre i vegen og protesterte på det meste..

Men nekta å gå ifrå meg…
Mulig han var redd eg skulle ta for lange pauser…
Litt att men tom for sekker😉

No har heksa dusja..
Håret står ende til vers som på madam mim🤣

No ligg eg strekk ut på sofaen😉
Livet er ikkje så verst

#humor#ironi

Heksiken

Var det einaste og første eg tenkte då eg kikka ut glaset 06..

No ser det slik ut og er flott føre…
Det var det ikkje då eg tok laust…
Rett og slett drittføre…
Første gang eg har ringt 175..
Stakkaren var forkjøla og hadde nok aldri høyrt om Skifjorden.. .

Kor var det du sa du va.. .
Fylkesveg 65 visste han kor var…
Å…der ja…har snøa mykje i natt.. .
Heldigvis kom plogen etter 3 kilometer og uten hans hjelp…
Hosta og sukka stakkaren…
Og trur i grunnen ikkje han forsto kva eg snakka om…

Så lenge vegane er bare er gamla fornøgd…

Ikkje fekk eg den store restskatten heller…
Den skal eg stå i😙
No er det avslapping…
Lyse fine kveldar..
Snø eller ei..
Det går mot vår

#foto

Heksa og katten

Alle hekser har ein svart katt..
Denne katten har valgt heksa.
Ikkje heilt tamme nokon av dei.
Mykje fresing og styr men gode på botn..
Idag har vi hatt litt ved i sekkar…
Istedenfor å køyre på styrketrening..
Orka ikkje milevis i bil idag men var godt med frisk luft…

Småsurt ute og snø i lufta.
2.5 plussgrader…
Det går på fram😉

Her er det sofakos resten av kvelden..
Katten er på musejakt..trur eg…

Hovmod står for fall😉

Gamla var tøff igår…
Ja i fleire daga til å med…

I natt har eg ikkje sove..
Stiv som ein pinne og verker overalt..
Føler meg tett oppunder 100…

Sånn er livet…
Ligg i stresslessen med kaffekoppen og vurderer korleis eg skal få kroppen i sving..
Godt eg har fri idag😊

Går seg vel til…
Får kle på meg og rusle ruta mi…
Prøve å få spetakkelet igang…
For idag er eg ikkje flink😊

Steike kor flink eg er😂

Kognitiv terapi😁
Viktig å skryte av seg sjølv

Rusler og går

Yeti😎
Må passe meg.
Skareføre idag

Vilt og vakkert og heilhjarta

Glad i Vardeheia

No er eg trøtt😚
Og kva trur de eg fekk som premie…
Rømmegraut og spekemat 😊

Er nokon som har det

Nei og nei…

Ikkje rart kroppen er stiv og støl.
Berre minus 2 no og sola skin..
Enn så lenge…
Skal ikkje på fjellet idag..
Men var tenkt altså😎

Skal luffe den vanlege turen etter vegen…

Krokuser dukkar vel oppatt om litt..
Er 2 april og eg vil ha vårtemperatur.

Men påska har vore flott den.

Får vel bruke denne dagen og til opprydding i rotet mitt😊
Men først må eg ha noko kaffi..

Ha ein fin dag😊

Ny trapp😊

Perfekt å sitte på å nyte vårsola…
For det er vår.😉

Kaldt ..det må seiast..men nydeleg i solveggen…
Eg driv og rydder på plass…eller rydder meg plass…
Må starte ein stad i kaoset…
14 dager til kjøkkenet kjem…

Prøver å tenkje over kva eg i grunnen treng og kva eg burde kvitra meg .ed for mange år sida….

Det tek tid…
Så innimellom nyt eg sola…
Rett og slett berre lekkert…
Er jo 1 påskedag så kan ikkje overanstrenge meg😉