Livet med oppussing😊

I kveld kom eldstemann. Med flytteøsjer og malekoster..
Skal male kjøkkentak.

Barnebarnet lurte på om besta skulle flytte.
Går ikkje an å sove hos deg besta meir…sa han, og såg på alle øskjene som er stabla på soverommet der han brukar sove…
Måtte no sei at det ordna seg nok til slutt…
Har sleppt sønnene laus og gitt dei fritt spelerom…
Så her ryk den eine veggen etter den andre…
Mitt oppi rotet sit eg og gomler knekkebrød..
Akkurat no er det ein fordel at eg ikkje har støv på hjernen❤

Trur eg bør ha ein skikkeleg opprydding i saker og ting.
Er nesten utruleg kva eg får plass til i skuffer og skap…
Og eg har pakka vekk ting før🦊

Så imorra skal det rivast og malas
Eg får flytte til naboen så eg ikkje går i vegen eller seier dumme ting😉

Ute har vinteren igjen gjort sitt inntog…glatt og fælt..
God helg😊..

Kor henn med ting?

Ikkje så enkelt å pusse opp..
Dvs.det gjer jo andre..
Men kor henne med ting..
Er stabla fullt overalt hos meg…

Må jo rydde stova visst vi skal legge nytt golv….
Jau…
Er jo her eg har alt eg treng og meir til…

Dette er minste problemet.. .
Må nok ta halvparten om gangen..
Har store tunge møbler i lita stove..
Veldig upraktisk når det skal flytta på..
Ikkje at eg klarer det..
Men må ha ein plan..
Så no sit eg rett opp og ned og planlegg…

Må nok kanskje rømme til naboen ein periode…
Rett og slett ikkje plass til meg❤
Men går no endå..
Kanskje det er ein fin anledning til å få orden i kaoset…

Mykje styr

Mykje ver ute.
Litt spent på om det gamle rasket vi har kasta ut ligg i ro i stormen..

Ja skal jo vekk Men må ha hengar og litt bedre ver
Eg klarer ikkje å flytte på det..for vinden er det nok ikkje eit problem..

No må eg rydde ut av veggseksjonen i stova og…..Ikkje fred å få:-)
Men altså…har ingenting å pakke det i og veit ikkje heilt korleis eg skal løyse problemet.
Får ta det fredag….fullt overalt liksom…
Men pusser ein opp så gjer ein det…

Vert nok ei råd…
Fått middag hos mamsen❤
Ikkje gjort ein skit…
Burde tenkt på det med veggseksjonen …
Dvs….eg tenkte på det så vidt, men gadd ikkje.
Armen krangler litt fortida..
Ser jr har ein plan, og til helga kjem broren…
Så innen den tid må eg ha rydda  
Tek det fredag føremiddag..
Så kan dei flytte kassane😂
Har ikkje att nokon på hjul

Vore meg ein tur til sjøen i vinden. ..

Godt å komme ut av støvet…
Blir nok bra til slutt men tek si tid😊

Fått fyr i lysa…ute er det eit ulande liv

Veggen er vekk..

Kom heim frå seinvakt og syns det var litt åpent på eit vis.

Veggen frå stova til kjøkkenet er borte vekk…
Trur det vert flott til slutt.
Heier på jr❤
Var ein høg smell på kjøkkenet Istad.. .
Mulig det var ei mus som kom frå oven…ikkje veit eg kva som går for seg …
Så lenge eg ikkje ser nokon går det greit…
Ein smule støvete her i stova for å sei det forsiktig  ..

Men slik er det når ein bur på ein byggeplass❤
.
Litt spent på fortsettelsen

Oppussing

Kjøkkenet mitt nærmar seg 37…
Vorten voksent..
Og ber preg av tidens tann..

Var fin tapeten då syns eg…
No gleder eg meg til lyse vegger og nymalt tak😉

Godt eg har snille søner..
Vert nok mest på han som er nærmast…
Eg kan no rydde vekk litt…så lenge det ikkje er for tungt

Skal ha ein blanding av nytt og brukt…
Litt usikker på korleis vi skal få det til ..

Ting tek tid…no er stova full.Må jo ha litt mat og kaffi så lenge:-)
Er plass til meg i sofaene heldigvis…
Der er eg no…

Får halde ut slik i nokre veker…
Vert nok flott til slutt..Gleder meg:-)
Skikkeleg surt ute.
Vind og sludd

Snart farmen♥

Endeleg !!!Vil ingen ende ta

I dag står det faktisk om litt anna enn politikarar på villspor i avisene.

Litt lei av å lese og høyre om personar som antageleg lir av hukommelsestap…
Merkeleg korleis mange kan gløyme same tingen…

Ingen har høyrt og ingen har sett…

Skremmande at det har vore og til dels er slik, og på tide ein ruskar opp..

Vore på tur med Kasimir…
Snakk om å få opp adrenalinet mitt…
Heldigvis går han med kun til hyttenaboen…
Han skit loddrett i om eg kjefter og skjenner og er redd for å snuble…

Glatt på vegen.Broddeføre..
Men vakkert ute

Gir ro i sjela…
Skyene har gjort sitt inntog no i kveld så kjem nok nedbør

Gjer litt godt med frisk luft og avslapping.

Johannes Ble vann i skiskyting og gjorde dagen fullkommen ♥

Tande vann vm gull og nettopp.
Flinke gutar.

I morra må eg gjere ein innsats med rydding trur eg…
Mester i å utsette ting..

Går ikkje fort….
Men ….ein dag vert det nok ferdig

No er det avslapping og kos resten av dagen og:-)

God laurdagskveld:-)

Heksa og katten❤

Alle hekser med respekt for seg sjølv har ein svart katt

I grunnen  ikkje min.Ingen sin.
Gitt han navnet Kasimir
Han freser først og ber om mat etterpå.
Passer på meg og naboane..
Går gjerne på tur rett framfor beina mine…i håp om at eg skal ligge flat.
Skikkeleg utekatt. Bur i garasjen når han føler for det.

Kom heim til masser av tung og våt snø..
Kjempeglad for at eg har ein son som rydda veg.
For tungt å måke med hand for meg fortida…

lite snø i Førde..
Er med kysten vi har fått den.

Litt usikker på om eg syns dette er kunst…rusta og trasig…

Fuglane har fått påfyll til helga..
Var godt å komme heim…
Brukt vel mykje peng denne veka….
Jaja…
Går utover meg sjølv😉

Ikkje noko særleg føre på vegen..
Til å med litt tungt å gå

Og der hadde plogen vore. så det tok eg sjølv❤

Fint med snø så lenge eg slepp køyre.
Burde laga snømann og snølykt❤

Men no skal eg berre slappe av.
Godt sliten har eg  krølla meg opp i sofakroken.

No er det fredagskveld💟og heksa tek helg:-)

Kor skal det ende….

Skjønner ikkje kva eg skal fortelje hjernecella mi, så ho skjønner at ein kan tenkje på anna enn mat…

Faktisk litt dyrt å heile tida måtte kjøpe større klær..
Det er altså ikkje enkelt..er svolten støtt og et for 4….
Håper det snart vert lysare om kveldane så eg torer gå ut litt meir…

Fint med sjøen…
Handla meg plastkasser…
Mulig det kan verte litt orden i systemet og at gamla får reva ut or sofaen😉

Skal ikkje stå på klassane iallefall…

Måtte opp i L i jakke og genser idag….
Jaja…ka skal ein sei…

Fekk nydelig raspeballmiddag hos mamma idag..
Åt like mykje åleine som dei andre ilag…..glad i mat😂Ikkje rart at størrelsane går opp:-)

 

Heklinga tek ti…rekt oppatt to ganger…har lenge og godt arbeid

Ledigang er rota til alt vondt❤

 

Reise kollektivt

Ikkje berre berre det.
No har eg og Larris hatt privatsjåfør til Dale..
Larrisen ville vere med jr.. så eg tok bussen.
Dyrt..
Når ein skal få att peng på nav får ein for kortaste veg ..med bil…
Får ikkje att det bussen koster for å sei det slik.

Viktig med mat før tannpleiaren bedøver så ein ikkje får følelsen att før til kvelden😉
Uten er håplaust…
Brukt peng eg idag…på meg😚

No venter eg på bussen….slepp skifte buss til Dale no…måtte eg idagtidleg

So no står eg her og høyrer på arabisk musikk og høyrer på eit språk eg ikkje forstår…
Slik våre nye landsmenn må føle det når vi snakker…
Men no må snart bussen komme…
Klar for handlerunde i Dale eg😚

Vil ikkje

Ikkje ti ville hestar får meg ut på tur idag.
Bles fortsatt godt sjølv om det har roa litt ned..
Dårleg med søvn i natt.
Vinden hadde fest!!
Utruleg sterke desse naturkreftene.. .

Jobbdag ,så får no litt bevegelse .
Trimturer min brukar gjere underverker den …ikkje no..Men veit eg burde..

Ha ein fin mandag