Godt stekt

Akk ja
Når ein får ånden over seg og har lyst på nystekt brød så er det jo berre å sette igang
No er eg ikkje nokon mester på kjøkkenet
Når eg då gløymer heile brøda i min iver til å hjelpe påskeharen, så vart dei litt godt stekte:-)
Korleis smaken er veit eg ikkje
Akk ja
No mangler påskeharen eit egg, sa han, og eg har godt stekte brød..Litt frustrerte begge to
Skal ikkje vere enkelt
Har litt for mykje heva brød i ovnen no, så korleis dei vert aner eg ikkje

Men men.Ingen er perfekt
og smaker nok heilt ok med brunost på:-)
Ingolf seier det spelar ingen rolle.
Han skit i brøda og påskeharen:-)
Ha ein fin fredagskveld

Frihelg:-)

Tre dager fri til og med
Kjenner berre tanken gjer at eg smiler
Ikkje det at eg har tenkt å gjere noko spesiellt
Har ikkje flytta meg frå sofaen etter eg kom frå jobb
Skuldar på regnveret
Men trur igrunnen mest det kun er latskap:-)

Men ,imorra skal eg skjerpe meg…trur eg

Litt lov å vere lat innimellom men verre når det ser ut som det vert ein vane:-)
Har brukt ettermiddagen til å sett på bakemesterskapet og andre ting eg har gått glipp av i det siste:-)
Avslutta med å sjå 71 grader nord:-)

Gjer godt med slike dagar og innimellom
Berre stenge alt ute og koble av
Anbefalast

Kva gjer du meg!

Ingolfen her:
No er eg altså ganske så opptrekt
Måtte ut eit nødvendig ærend idagtidleg
Ingen sa noko om at gamla hadde tidlegvakt
Katteluke er jo noko som er fråverande her på bruket
Så her har eg vore ute og venta..Og venta
Ihelsvolten…

Endeleg kom no dette skabrakkelet heim
Eg møtte ho ved bilen
Fortalde kva eg meinte om heile opplegget
Gjekk framfor og mellom beina på ho for å vere sikker på ho fann vegen opp trappa

Takknemleg? Det kan du gløyme
Sur og gneldrete
Skunda meg inn på kjøkkenet og var klar for middag
Ga tydeleg beskjed
Men her var det avkledning og toalettbesøk og veit ikkje kva..
Drog i meg, men då fekk eg høyre det
Egoistisk katt som berre tenkte på ein ting
Mat og seg sjølv
Det er to ting,spør du meg

Endeleg etter mykje mas kom maten i fatet

Kan det vere så vanskeleg?

ha ein fin tirsdagskveld:-)
Eg slapper av på sofaen.
Grenser for kva eg gidd finne meg i

Når kroppen ikkje vil

Når smertene vinn over søvnen er det berre å stå opp..
03
Mat..Frukost?
Ingolf er superklar,men det er ikkje denne dama som kun treng smertestillande,vatn og fred
Ingolf må gi tapt om motvillig
Frukosten utsett
Gamla skifter frå seng til sofa..
Håper på litt meir søvn på morgonstunda.
Svart på coronaundersøkelse
Noko skal ein jo fordrive tida med😄
Snart starten på ny dag
Heldigvis fri

Ha ein super mandag

Sakn

Av og til vert saknet etter mamma veldig sterkt
Skulle gjerne hatt den gode samtala,dei gode råda eller berre det å vere der saman

Tida vil nok hjelpe men saknet vert nok der alltid

Ofte er det dei små ting som minner oss på dei vi har mista
Høyrer liksom i hovudet kva dei ville ha sakt og meint
Vondt og godt på same tid

Godt å ha nokon ein kan minnast på ein positiv måte..

Sorgprosessen tek tid og går i bølgddaler..

Rart når bautaen og samlingspunkta er vekke
No er det viktig å ta vare på kvarandre
Gi ein blomst og eit hyggeleg ord mens det fortsatt er tid.
Ikkje utsett til i morgon det magefølelsen seirr vi skal gjere idag

Smil til verden og gi deg sjølv ein klem
Ha ein super lørdag❤️

Kvinnedagen

Feirer den på min måte her hos meg
Fjelltur med dattera i eit nydeleg ver
Lykketrollet vårt var selvfølgeleg med
Lilly:-)
Ho syns gamla var i ekstremt dårleg form.Er einig

Første fjellturen min iår og den tok si tid
Glad det er eit lite fjell


Det viktigaste med dagen var kvalitetstid med dattera og stille og nydeleg ver
Viktig å berre vere der i naturen uten for mykje styr

Det gryr av dag

Tja..
Klokka nermar seg iallefall så smått 06
Søvn er oppskrytt men hovudverk er inn.
Kjem lett den når ein har mangel på søvn
Jaja
Forhåpentlegvis så klarer eg å halde meg vaken i dag og
Søv nok neste natt:-)

Blir ein vane men går jo rundt i mi eiga verd.
Merkeleg kor hjernen jobber om natta…

Kalde netter og fine dagar
Nydelig ute no her hos meg
Bakdelen med vår og sol er at no er hoggormen her
Og her er det mykje av den
Grøsser berre ved tanken,men den har jo livets rett den som andre
Berre at eg godt kunne klart meg uten desse krypa
No var vel og merke den første eg såg påkjørd,men det betyr at neste nok er temmeleg nær

Gjesp
Kva skulle eg ha gjordt uten den kaffikoppen…dvs det vert fleire
Volsomt med telehiv på vegane etter denne kalde vinteren
Så ein har jo fått rista litt opp i innvollane den siste månaden
Slitsomt for bil og folk

Snart dukkar skattemeldinga opp.Gleder meg ikkje for reknar med eg får restskatt
Ender oftast sånn rundt null,men ser an til at denne ganger vert minusen større

Men ,sånn er det no
Ha ein super torsdag
Eg skal prøve komme meg gjennom min:-)

Onsdagsstemning:-)


Ser ut som vi får ein fin vårdag idag og
Eg for min del sto opp sånn i halvirritasjonen
Rart med det når tankane svirrar rundt og irritasjonen over ting og tang tek over…Då er det berre å stå opp
Men har sove godt nokre timar,trur eg:-)
Inntil drømmeverden starta irritere seg over den virkelige verda

Gjesp

Ingolfen er gått ut..Så tidleg gidd ikkje eg gå tur,men trur eg treng ein idag
Han med hentesveisen ser ut til å vinne valget i usa iår og…Eg seier ikkje meir
Penger er makt
For meg er det Amerikanske valget reine sirkuset.Og valget kan ha skremmande utsikter

Dette her kan ta tid.Heklelysta mi for tida er heller laber.Ein omgang i ny og ned.Eg har mykje att.
Energinivået mitt er ikkje det det eingang var
Himmelen vert meir og meir rød og det lysner av dag
Kaffien gjer godt mens eg nyt utsikta

Ha ein super onsdag

Imponert

Eg er så imponert over all dugnadsinnsatsen som vert lagt ned overalt i samfunnet vårt
Alt ifrå salg av diverse som toalettpapir og kjeks til rydding av stiar, bygging av båtar og trening av diverse idrettsaktiviteter. For ikkje å snakke om all planlegginga som må til:)

Rett og slett fantastisk med desse eldsjelene som står på.
Eg kunne vore flinkare. Det må eg ærleg innrømme.
Var meir av det før når ungane var i skulealder og med på visa versa. Då stillte ein jo opp:-)
Gjer det jo innimellom no og, men ikkje den store bidragsytaren

Skal hjula gå rundt er det lurt om alle gir ein skjerv av fritida si. Iallefall på landsbygda.Ting gjer seg ikkje aleine desverre. Hadde vore sutalaust

Hipp hurra for frivilligheita

Her får eg prøve ta meg sammen så eg får på med kler og komme meg på jobb.
Ha ein super dag

Og kjekt for oss som kan nyte innsatsen av andre si jobbing:-)

Seint oppe:-)

Sov litt lenge idag eg.Om det var godt eller ikkje det veit eg ikkje.
Iallefall er eg utsøvd.
Trøtt er eg stort sett heile tida.
Skya og sol og nydeleg marsdag
Vår:-)
Skal snart prøve komme meg ut av pysjen og ut i sola
Tek si tid
Kongen er endeleg på Norsk jord.
Greit å ha han heime når helsetilstanden ikkje er den store,tenkjer eg.
Hadde iallefall eg sjølv syns visst eg var sjuk

Ser at alle hagedamene har våkna til liv.Treng nok at nokon våkner til liv hagen min og,men den ventetida har vist seg å vere lang
Har ikkje den store given.
Men eg brukar sette poteter:-)Dei klarer seg jo stort sett sjølv

Ikkje alt som ligg for alle tenkjer eg
Men syns flotte hager er nydelige.
Ellers kjenner eg på at uroa i verdensbilde pregar meg meir enn eg syns er greit
Ein vert så hjelpelaus i slike tider

Ha ein super marsdag