Draumar er så mangt

Vakna heilt utsleten og med vondt i magen
Sånn skikkeleg uggen følelse

Men,etter å i søvne ha draksa på kassar og flytta er det vel ikkje så løye:-)
Problemet mitt var stort
Eg hadde bil med hengar og skulle rygge ned ein bratt bakke…
I tillegg var det ganske så trangt mellom dei bilane som sto der.
Gjekk fort på skeiva kan ein sei
Så eg tutla innatt og ba veslesysta om å vere så snill å overta køyringa..Ho var der no heldigvis ilag med andre eg ikkje veit kva hadde der å gjere:-)

Høyrer med til historia at eg ikkje har lappen for tillhengar og ikkje er glad i å rygge uten at eg må:-)

Vakna.
Sjekka e¨posten
Åpna ein frå Gjensidige
Og der står det til overskrift:
Er du vorten fotgjengar?

Skal eg ta det som eit varsel eller eit hint?

I nattens mulm og mørke

I nattas mulm og mørke er alle katter grå
Kan godt vere
Her er det søvnen som er fråverande
Kjennes ut som eg er fillerista
Men,går seg vel til
Er vel berre kroppen som seier frå at no vil den ha litt fred og ro får eg håpe

Ute bles og regner det så det halve kunne vere nok
Innever
Så idag trur eg altso eg skal halde meg ganske så nær sofaen:-)

Putin ynskjer storkrig med nato les eg på nett
Ikkje noko bombe
Har vel lege i korta
Skummelt syns eg
Verdensbilde har forandra seg og lite vi kan gjere med det følest det som

Påska står for døra,så eg burde vel sikkert funne fram påskepynten og handla litt.
Litt magert i kjøleskapet.
Har prøvd å ete opp det eg har.Bli litt flinkare .
Men,har fortsatt brunost:-)
Jobbepåske:-)
Er ingen påskefjellperson uansett ver og forhald
Dei einaste skia eg hadde gjekk best bakover:-)
Er det vår så er det vår. Vinteren er eg ferdig med
Gledar meg over alt som spirer og gror

Og det sjølv om eg ikkje har fått eit snev av grønne fingra:-)

Håper på at regnet tek seg ein pause så det i det minste er mulig å hente ved:-)Dette bilde er frå igår.Idag er det ikkje nokon stas å gå ut:-)

Ha ein super fredag
Ta vare på kvarandre og følg magefølelsen:-)

Bygdas orange tyrann!

Ingolfen her:

No er eg altså så forbaska irritert å forbanna på denne orange typen som dukker opp overalt og kun vil ein ting
Slåst
Stakkars Dagny har måtte til dyrlegen og igår vart ho nesten uten pels

Kva slags type er det som mishandler damer?Kva gjer du meg
Eg får jo ikkje gå i fred…
No er vi omtrent jamstore,men den grådigheita han utviser den er litt vel dryg for meg og
Men eg er kjempegod på å klatre i tre…
Så igårkveld så havna eg høgt oppi i toppen på eit tre
Lykka var jo at nokon høyrde meg skrike for livet i kampens hete
Svaia godt oppi der og å komme ned var både spetakulert og utrykt
Ikkje hadde eg rapeleringsutstyr heller

Så gamla vart varsla og ein ting skal de vite
Akkuratt då var eg glad for å høyre stemma hennar
Eg ropte ned at eg trengde hjelp å det fort

Altso,sa ho
Eg har høgdeskrekk og opp der kjem ikkje eg

Så det var berre å bruke tida og prøve sjølv.
Men,eg fortalde tydeleg undervegs i prosessen at dette var noko eg syns ho burde spart meg for

Den oransje flotte katten som trur han eig bygda aner vi ikkje kor høyrer til ..
Hjelp lite å vere pen utapå når du oppfører deg som ein idiot,spør du meg
Tryggast på sofane til gamla

Ha ein super dag,men pass dåke for udyret:-)

Det gryr av dag

Det gryr av dag
Surt
Småregn
Snø på fjella
Ingolf kikker ut og tenkjer
Bedre å nyte naturen frå stoveglaset:-)

Naturen våkner til liv
Det spirer og gror
Stillheit og ro
Snart starter dagen
Kaffien er inntatt
Carpe diem

Akk ja

Så sit eg no her og småhangler i sofaen på morgonstunda
Godveret i vest har reist sin veg og Ingolf gidd ikkje gå ut
Skjønner eg godt

Putin har gjordt brakvalg i Russland
For ein overraskelse
Var vel få som hadde trudd noko anna

Verda er og blit uttrygg

Nedslåande påskebeskjed sto det på Vg
Påska avlyst?
Tenkte det minst måtte vere ei stor nyheit:-)
Skiftande verforhald…Akk ja..Det er vel heller normalt vil eg tru

Eg våkna med vondt i beina så tipper vi får snø eg:-)
Det er for meg ei dårleg nyheit
No vil eg ha sol og plussgrader.

Israel har rykka inn på sjukehus i Gasa.Venter på utfallet
Krig er aldri ein positiv ting
Berre tapara

Lonnsforhandlingane er igang…Utfallet ser vi no om nokre månader

Lite positivt å få auge på i nyheitsbilde
Men,sånn er det no
Vi surrer no på med kvart vårt og lar som regel livet går sin gang..
Verden har best av å ikkje møte meg ein tidleg morgon før kroppen har løyst litt opp og eg har drukke nokre koppar kaffi:-)
Ha ein super mandag

Tidleg ein søndagsmorgon:-)

Tidleg vaken her hos meg fortida
Har alt ein time bak meg ,men litt har eg no sove:-)
Meir enn nok ro,seier kroppen
Så no er paracet inntatt og kaffi i koppen
Dagen kan starte

Nytt vulkanutbrudd på Island og denne gangen uventa
Skremmande med lavaen som velter utover
Her i vest ser det ut til å verte nok ein fin dag
Vi tre søstrene held oss no mest innadørs
Rart når eit heilt liv skal delast kor mykje det blir
Følelselada og fint på same tid

Og vi har mykje att:-)

Snart påske og.Tidleg iår.
Skal ha jobbepåske og heilt greit
Har ingen planer uansett og kjekt på jobb og
Kjekt med vår og lysare tider
Alt spirer og gror.Iallefall hos andre
Naturen forandrer seg frå grå og trist til grøn og frodig:-)
Elskar denne årstida

Ha ein super dag
Skal eg og berre eg får denne kroppen i gang:-)

Søvn er eit framandord

Ein time var visst nok inatt ser det ut til
No er eg lei av å ligge å vri meg og kjenne etter kor det verker 🙂
Så har likegodt stått opp.Mulig eg sovner på morgenstunda,men ingenting å stresse med.Då sovner eg iallefall ikkje

Vi er midt i deling av ting og tang,så er nok grunnen
Minnene surrer rundt i hovudet og det går liksom skikkeleg opp for ein at mamma er ikkje meir
Ting tek tid og er utruleg kor mykje som skal gjerast.
Vi er nett starta
Men er noko av det ein må gjennom
Sånn er livet


Brøda vart no etande dei,med brunost:-)
Dvs har berre smakt på ett,men antar smaken er lik
Satt på tven med program om oppussing av hus i Australia.
Mulig det kan vere søvndryssande
Nyheitene skal eg unngå.Gjer meg berre engsteleg:-)
God natt

Godt stekt

Akk ja
Når ein får ånden over seg og har lyst på nystekt brød så er det jo berre å sette igang
No er eg ikkje nokon mester på kjøkkenet
Når eg då gløymer heile brøda i min iver til å hjelpe påskeharen, så vart dei litt godt stekte:-)
Korleis smaken er veit eg ikkje
Akk ja
No mangler påskeharen eit egg, sa han, og eg har godt stekte brød..Litt frustrerte begge to
Skal ikkje vere enkelt
Har litt for mykje heva brød i ovnen no, så korleis dei vert aner eg ikkje

Men men.Ingen er perfekt
og smaker nok heilt ok med brunost på:-)
Ingolf seier det spelar ingen rolle.
Han skit i brøda og påskeharen:-)
Ha ein fin fredagskveld

Frihelg:-)

Tre dager fri til og med
Kjenner berre tanken gjer at eg smiler
Ikkje det at eg har tenkt å gjere noko spesiellt
Har ikkje flytta meg frå sofaen etter eg kom frå jobb
Skuldar på regnveret
Men trur igrunnen mest det kun er latskap:-)

Men ,imorra skal eg skjerpe meg…trur eg

Litt lov å vere lat innimellom men verre når det ser ut som det vert ein vane:-)
Har brukt ettermiddagen til å sett på bakemesterskapet og andre ting eg har gått glipp av i det siste:-)
Avslutta med å sjå 71 grader nord:-)

Gjer godt med slike dagar og innimellom
Berre stenge alt ute og koble av
Anbefalast

Kva gjer du meg!

Ingolfen her:
No er eg altså ganske så opptrekt
Måtte ut eit nødvendig ærend idagtidleg
Ingen sa noko om at gamla hadde tidlegvakt
Katteluke er jo noko som er fråverande her på bruket
Så her har eg vore ute og venta..Og venta
Ihelsvolten…

Endeleg kom no dette skabrakkelet heim
Eg møtte ho ved bilen
Fortalde kva eg meinte om heile opplegget
Gjekk framfor og mellom beina på ho for å vere sikker på ho fann vegen opp trappa

Takknemleg? Det kan du gløyme
Sur og gneldrete
Skunda meg inn på kjøkkenet og var klar for middag
Ga tydeleg beskjed
Men her var det avkledning og toalettbesøk og veit ikkje kva..
Drog i meg, men då fekk eg høyre det
Egoistisk katt som berre tenkte på ein ting
Mat og seg sjølv
Det er to ting,spør du meg

Endeleg etter mykje mas kom maten i fatet

Kan det vere så vanskeleg?

ha ein fin tirsdagskveld:-)
Eg slapper av på sofaen.
Grenser for kva eg gidd finne meg i