Tja…sånn går no dagane


Innom grava til pappa sånn i farten på veg til fysio..
Hølja ned,så var rask.
Veldig fint på kirkegarden.

Fekk panta flaskene og.Har til og med rydda litt..
Er lat .

Sjølv om det er regnbyger er det flott temperatur.
Er litt sånn uverskråke.
Endelig starter fotballen seier dei på tv..em
Kan ikkje sei eg har venta på det.Norge er jo ikkje med..
Har ingenting mot det men så volsomt gira er eg ikkje.

Klarde knekke den eine grønne planta mi idag
Skulle berre gi den litt jord..
Så tok den med ut..
Under ompottinga skjedde det eit uhell…det var den planta..Hatt den mange år..
Men var vel ei meining med det som alt anna.

Flinke med hager denne gjengen.
Ha ein super fredag

Koreis går det?Og kva tenkjer du på?

Desse spørsmåla dukker opp på nettet rett som det er.Idag og
Nett rette dagen å ville vite det på tenkjer eg.Eller er det strengt tatt nokon som vil vite det i det heile.?Det er eit anna spørsmål.
Men, sidan dei spør..Rett og slett ein dårleg dag.Iallefall no på morningen.
Stiv og støl og dundrande hovudverk,Synet på venstreauget er kraftig redusert etter endra behandling…
Sur og morgongretten og bør ikkje ha kontakt med folk på nokre timar:-)
Det er statusen:-)

Funne fram kaffikoppen og ser på godmorgen Norge:-)
Reven er ein snill fyr visstnok. Har ikkje tenkt å ha noko kontakt med rev. Ser dei av og til.Bur jo i naturen.
Mange dyr å sjå om ikkje så ofte.Dei fleste held seg jo unna oss menneske.
Heldigvis fysio idag.Det er nett det eg treng. Brukar ikkje direkte å vere smertefritt, men godt gjer det..etterpå.


Grå dag med vind og regn:-)
Treng ein innedag for å få unna litt rydding å kaste ut alle hybelkaninne som har flytta inn.
På høg tid eg tek meg sammen og får gjordt litt ..
Blir så mykje bedre etterpå.Passelig innedag.
Visst eg no klarer å få med meg panteflaskene på butikken,så er det toppen.Så veldig lett å gløyme å ta dei i bilen.
Har ein tandens til å samle seg opp.Er glad i farris og cola uten sukker..Burde nok heller drukke vatn frå springen.Sikkert spart ei formue.Men kan no i det minste få att litt pantepeng.

Litt må ein unne seg,tenkjer eg

No har eg fått sagt ein bitteliten del av det nettet lurte på:-)

Håper de får ein super fredag:-)Vert nok bra min og når ting går seg til:-)

Det er frihelg❤❤❤

Hatt ein lang politikarmøtedag.
Gjekk fort igrunnen sjølv om 3 møte tek ti.
Men kjekke folk og gode refleksjonar.
Lærer no litt etterkvart
Når ein då er kjempesvolten og får servert raspeballemiddag hos ho mor etter dysten er det himmelsk.
Vart alt for mykje…
Eig ikkje matvett..
Grått men flott ute så har rusla ein tur.
Hagen og naturen har hatt godt av litt regn.
Lukter friskare..
No har eg funne sofaen og gjett kva eg kjøpte idag…

Er berre lekkert..
Ha ein super kveld

Ferdig for iår

bursdagen er over.
Fann fin sjølvplukka bukett på trappa då eg endelig kom heim etter lang kurs og læringsdag.
Bursdag er koselig.

Hatt koselig telefon frå eldste barnebarnet.
Han er på leir på Hauglandssenteret.
Heldig med veret.
Kosa seg han.

God mat og sommerhytta på tv.
Til og med slått plenen.
De veit den følelsen når ein spør..
Burde eg slå plenen?
Og ein håper på neidå…det treng du ikkje
Og så får ein eit kjappt..ja…
Men no er det gjordt før regnet kjem.
Burde nok ta meg ein rusletur..
Etter lang dag inne og seint heim så gjer det nok godt
burde nok hatt meg ein fjelltur att.
Lenge sida..

Søvnlause tider

Trur eg vert heilt sånn tussete.
Trøtt som fy,men sove det får eg ikkje.
Dvs..Har sove tungt eitpar timar.

No trur eg ikkje at webinar om traumer,og vold mot eldre om dagen og økonomiplan til seine kvelden hjelper på.
Vert ei rar blanding i hjernen når dette skal bearbeidas nattestid..
Skjønner hjernen streikar😉


Fekk meg bok igår.
Viktig å ikkje gløyme.

Får litt høstfølelse

Og det 9 juni..
Bursdag har eg og.
Begynnt å komme opp i åra som det heiter..
Nærmare pensjonsalder..
Rart kor mykje fortare tida går når ein vert eldre..eller det følest slik..

Klokka er 04 og eg vurderer om eg skal koke kaffi eller gjere eit nytt soveforsøk..tek det siste..
Ha ein fin dag😁

Gjesp og uff…

Ei lang søvnlaus natt er heldigvis over og snart jobb.
Er eit eller anna som ikkje heilt stemmer med venstre auge etter injeksjonen.men går seg vel til

Myggver ute men fint..

Brukt våkentida til blogglesing og nyheiter
Kven vert statminister…
Ja det ser vi etteer valget tenkjer eg
Gjette kan ein jo såklart..
Og Linnea har fått ny kjæreste..
Det er jo kos.
Ikkje dei store tinga med andre ord.
Kanskje like greit..

Her bør eg kanskje få pussa tenna og fikse meg litt..
Trur det blir ein lang dag

Slutt på sommaren?

Vore ute og gått meg ein tur for å nyte resten av sommaren.
Litt grått ute og var godt med god jakke.

Nyeskoa har fått kjørt seg og er fornøgd med kjøpet..
Har lært litt..

Flotte i blomst men har sett sine beste dager..Trur eg må sage den ned til høsten.

Denne har vore i stova i vinter..Håper den overlever.

Ingen grønne fingra men litt må ein ha

Kanskje det er greit det kjem regn så eg får gjordt noko inne..
Ser rett og slett litt forsømt ut..
Og rotete..
Eg mangler eitpar ryddegen

Hyttekos på ein mandag

litt kjekt med hytte som nærmaste nabo.
Ta med kaffi og jordbær og nyte litt kvalitetstid i hagen med mamma.

Flotte rododendron.

Dette kaller vi parken til mamma😘
Burde vore slått der..
Gidd eg ta fram kantklipparen..
Kaller den hurra..
Slit med å få start på pokkerskapet..
Ikkje idag..

På køyretøyet skal storfolk kjennast..
Rett koselig time i sola..

Stjal med meg ein bukett heim.Plukka ein til mamma og..liksom bedre samvittigheit.
Viktig med dei små kjekke øyeblikka

Augepool og Sivilisasjonen …

Visst det er noko ein ikkje vil når ein har fri så er det å få injeksjon på auget…men ein dyd av nødvendigheit.

Er ikkje der ein vil vere når det er sol og fint ver..
Gadd ikkje nedom Førde sentrum..
Men tråd på sparkjøp og litt mat på coop..tek det som er nærast..
Sentrum får eg ta når eg slepp gå med solbriller..
Men joggeskoa mine har sett sine beste dager..
Går på hælen..så den er litt rufsete
Var slett ikkje billige men vel anvendte peng..
Så stopp i Dale i sunnfjord.
Der finn ein forskjellig..Sportsbutikken er flittig besøkt..


Når alle vel Hoka så vel eg noko anna..
Hoka hadde dei ikkje trur eg..
Vart mykje prøving,men desse satt..
Kjempegod test i joggeegenskapar..sa han..
Ser eg ut som det er aktuellt..
Men no kan eg jo starte..står ikkje på skoa.
Koster flesk med gode sko.Aldri på tilbud når eg treng dei..
Men sko må ein ha..
Og går nok an å la vere å jogge…Har ikkje lyst..men er ein racer å gå på flate vegen

Litt viktig å støtte butikkane nær meg syns eg..
Plutselig er dei borte vekk

Litt for tørt..treng regn

Ikkje så ofte eg tenkjer det her i vest.
Men skummelt tørt og stor brannfare..
Har privat brønn..Heller ingen fordel.
Klart eg nyt varmen og godveret..
Hjelpe meg..
Fregnene sprett ut overalt
Men håper skyene slepp ned litt regn.
Har ikkje nok vatn til å vatne..

Men nyte gjer eg før jobbehelg.
Har sine fordeler med seinvakt.
Litt vind gjer det behageleg å vere ute.
Finaste tida no før solsnu

Ser ut som det vert mykje rognebær og lite snø til vinteren..
Gjenstår og sjå
God helg