Romjulsdikt

Litt trist at når eg endelig har fri
Så reiser oslofrøkena mi
Sånn er det berre i jobben min
Den passer ofte ikkje til andre sin

Men skal vase rundt og tanke krefter
Gå litt tur og sjå på naturens krefter
Lese bøker og ete snop
Ingenting er som ei spennande bok

Lever meg inn i det eg les
Ser for meg bilder og kan bli mykje pes
For er det skumle med å lese krim
Kan skikkeleg få fart på sjel og sinn

Må nyte nissane før dei må vekk
Snart vert dei stua ned i ein sekk
I lag med anna julepynt
Og fram med ting som eg no har gjømt

Har funne fram eit nytt prosjekt
Litt enkel hekling er berre kjekt
Strikka på ein genser ,men det gjekk ikkje bra
Så den ligg i korga og der ligg den bra

No ser eg på tv og åndenes makt
Der er det mange som har noko dei vil ha sagt.
Ikkje det eg foretrekk å sjå
Men det er no det som var noko å sjå

6 kommentarer

Siste innlegg