Smak og behag

Har no fått nok søvn for ei stund,for var ikkje så mange timane kroppen min ville ha inatt.No har eg gitt opp å sove,så har trekt på meg tjukk genser over pysjen og tjukke strikkasokker.Tulla pleddet rundt meg og sit og høyrer på veret..Mykje ver idag.Regn og vind og ..eg held meg inne ver:-)

Delfinalane i Melodi grand prix er starta opp.
Må innrømme at det eg huksa frå gårsdagns er flamingoane.
Totalt ellevillt,men stemmene var bra.
Ingen sang som virrer rund i topplokket idag.

Har bestillt meg meir tråd.Må ha noko anna å gjere på enn hekletøet mitt,men bør nok velge eit mønster eg klarer uten hjelp..Det er lov å leve i håpet.

Tett idag og.Lurer på kva det er eg reagerer på på soverommet.Har vaska og tørka støv,men noko må det vere.Kanskje eg må starte med zyrtec att,men vert så trøtt av den..Til natta er vel kanskje det erin fordel:-)

Hver gang vi møtes…Såg litt på den og,men syns det vert vel mykje om livet til den enkelte og mindre sang…Ikkje alt eg treng vite,men for nokon er sikkert det ein viktig del.Eg valde det vekk.
Enda opp med ein krim….

Syns verden er litt utrygg …Konfliktane skremmer meg og utfallet er usikkert.
Vi lever i ei skummel verd,og pandemien den er berre ein liten del av den.
Krigsfaren er nok større ein nokon gang i nabolanda våre…

Han Boris borte i England har rota det skikkeleg til for seg sjølv…Litt av ein type…Nesten så ein ikkje trur det ein les…

Her hos meg er det kun dårleg ver idag,og det er ein liten bagatell
Avslappingssøndag er heilt greit.
Turver er det ikkje ,iallefall ikkje no…
Kanskje eg skal lese litt og ta meg ein morgonstrekk på sofaen,mens nyheitskanalen surrer i bakgrunnen…

God søndag:-)

7 kommentarer

Siste innlegg