Smart eller kanskje litt dumt?

Kva som er bra og ikkje når ryggen knirkar er ikkje godt å vite
Held eg meg i ro,så stivner all musklaturen…
Så tenkte eg at,,,mulig skogsveg var tingen..

Om det var lurt…litt usikker,men var deilig med frisk luft og sol:-)

Angra litt undervegs..Ærlig skal ein jo vere,men med litt pauser og fart som ei skilpadde gjekk det no på fram..
Naturen er så flott fortida.Hadde altså kledt meg i lett synlege fargar,for hjortejakt skal ein ikkje spøkje med…Og ein kan aldri vete.No ser eg meir ut som ei heks enn ein hjort,og heksejakt er vel ikkje direkte in i tida.Verre før

Når eg først var igang så gjekk eg til Varden:-)
Då var eg rett og slett litt pumpa.Og hadde brukt skremmande lang tid.Vel og merke er det ein lang omveg,men alikavel:-)

Bles godt så gjekk ned til Vidsyn,dagsturhytta.

Bles ikkje nett mindre der heller om sant skal seiast.Men litt vit er det no under topploket endå,så vindjakka var med.Og fann meg ein lun krok

Uten stavar hadde det ikkje vore så greit idag.
Og i veska var det saft og Kvikklunch:-)Berre lekkert og godt med ein lang pause

Pausebenkar er ikkje å kimse av:-)
Tok opptil fleire timar .Og når ein må gå litt etter vegen for å komme til bilen så hender det ein ser folk
Hadde meg ein lengre prat med ein eldre herre som var i hagen sin.Gjer seg med hyggelege folk 🙂

Dusjen etterpå var det beste med heilt greia.
Middagen gjekk ned på høgkant.Det er aberet med frisk luft.Får sånn matlyst.
No er det Sommerhytta på tv og eg ligg på sofaen.
Så får natta vise kor lurt det var med fjelltur…

men gjorde no godt for psyken:-)
Må nyte sola når ho ein sjelden gang viser seg

1 kommentar

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg