Trim for eldre

No veit eg at eg grem meg over latskap og kiloer som bit seg fast..
Treng trim,men no trur eg at eg har vorte bønnhøyrt om enn på feil måte..
Var ikkje snømåking eg tenkte på..

Vakkert er det jo..
Rusla meg ein tur før eg tok fatt på muskeltreninga..

Vore flink..
Kjekt dei pløyer høvudvegen,men må dei leggge alt i min oppkjørsel?
Vel ferdig med oppkjørselen høyrde eg plogen kom att..
Der stod eg..med eine handa i sida og snøskuffa i den andre og nistirra på plogskjeret som kom i full fart mot meg..
Såg sikkert ut som ei furie..
Underet skjedde..traktoren sakka farten,snudde skjeret og null snø på meg og oppkjørselen..
Då helste eg..
Sikkert ei komisk stund for sjåføren men make my day❤
Snillt..må gjerne verte ein vane..Er mildare ute,og snøen er våt..Meir sludd i

Kjekt med innetid..
God lørdagskveld.

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg