Uffameg:-og 6timars dag hadde vore tingen:-)

6-timersdag hadde vore nett passeleg no i desse mørke trasige tidene,
Frå 09 til 15..Med full lønn sjølvsagt
Hadde vore midt i blinken for halvgamle ,støle og morgongretne personar som meg.

Hadde meldt opphald og stille idag
Det bles og bøtter ned.Nokon har misforstått
Eg sit no her og snufser og syns synd i meg sjølv.Er ikkje bygda og lite på:-)
Slurper i meg kaffi og tenkjer at..
Det går seg vel til
Rett og slett sånn ikkje heilt i form

Nyheitsbildet er prega av tragiske ulykker og skyting.Trist
Kjenner eg får tårer i augene .
Klokka skal tilbake i helga og eg tenkjer…nei og nei
Har ikkje behov for lysare morningar,men treng sårt litt dagslys på ettermiddagen
Trudde vi skulle slutte med dette tullet eg.Men det dreg ut

Denne veka er det kommunesytret og budskjettet skal framleggast.
Kan bli spennande tider framover
Reknar ikkje med det er rom for 6timarsdagen min akkuratt:-)
Hadde vore noko det.Å budd i ein kommune med romsleg økonomi
Så heldige er vel dei fleste ikkje
Men vi skal ikkje klage.Kunne vore verre
Koronaen aukar og det er tid for influensavaksine og influensa…Viktig å ha noko å sysle med.

Ha ein super tirsdag
Blir nok min og når eg våkener til liv:-)

1 kommentar

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg