Ut på tur,med hinder på lur

Godt med langfri.
Sein frukost,tid å vakne.sol og nydelig:

Turver.
Tid til ettertanke
På grava til pappa med mamma.
Ut med sommerblomster og planta lyng.

Er ei eiga ro på gravplassen
Mange fine graver.

Så bar det rett over vegen og opp lia.
Torgeirsletta neste..
Vart litt vel hett,så knytte jakka rundt livet..
Er bratt og litt vått,men eg syns denne turen er kjempefin.
Har liksom ikkje komme meg opp her i høst.På høg tid med snøen rundt hjørne.

Rekreasjon for kropp og sjel

Vakkert

Var litt kaldt…berre litt til no så på med jakka..

Det var då eg oppdaga…
Jakka og bilnøkla var borte vekk…
Og det bles godt.
Vurderte å snu,men valde og fortsette.

Hadde med kaffi og sjokolade eg.
Skulle kose meg på toppen.
No hadde eg kun eit mål.
Nå varden,skrive meg i boka og jakte på jakke og nøkler.
I denne vinden og med litt isete løype var det beinkaldt og surt..
mål..
Fy søren so kaldt…

Forruten at det var kaldt var det no ikkje krise med jakka…
Men i lomma låg nøkler til bil og hus.
Speida rundt meg…vinden kunne jo fått den langt vekk.
Kor eg hadde mista den….ante ikkje.
Glømde å sjå meg for og fekk meg ein heller ekkel opplevelse på isen…gjekk bra…
Så heretter såg eg her og der.


Gleden av naturen slåst med tankane om bilnøklane..

Tunga beint i munnen og augene fyk rundt i full fart🙂rart korleis tankane på problem blokkerer for godfølelsen…
Fekk liksom ikkje lyst på kaffipause..

Når alle håp var ute.
Eg hadde sikra meg folk som kunne hente bilnøkkel hos meg og komme med den…ja då låg den der..
Langt nedi lia.Trudde eg hadde den med lenger ooo..
Letta og glad,men forseint for kaffipause.utsikt må til.og sola var vekke


Vakkert og kjenner at denne turen har gjordt godt.vel var det litt tungt,glatt og kaldt..
Krisemaksimering og høg puls..
Men har forhåpentlegvis lært ei lekse.

Godt å vere nede.

Tok kaffikoppen med meg og rusla bort til grava til pappa.
Hadde meg ein liten prat med han før eg kjørde heimover
.
Heim i solnedgangen.
Tidleg mørkt

Godt å krølle seg opp i sofaen etter ein super dag.

God lørdagskveld
#natur#fjelltur#turløype#foto

1 kommentar

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg