Venter på eit nytt år:-)

Nyttårsafta er tid for ettertanke hos meg
Revy over året som har gått
Ikkje det at det er dei store forandringane
Men litt skjer jo i livet om ikkje anna.
Som vanleg har eg dumma meg ut nokre ganger,men sånn er det jo.Ingen er perfekt og må ta det med eit smil
Håper eg har gjordt litt positivt og.

Litt anna tilverelse for alle med denne virusen.Vi har på ein måte lært oss å leve med den.
Nyttårsløfter er eg slutta med.
Kiloane har auka litt iår og.Tenkjer alltid eg må skjerpe meg med denne etinga,eller søtsakene ..
Gjer eg det…langt ifrå..Dess meir eg tenkjer på det,dess meir stapper eg inn..

Grått og regn ute.
Har hatt meg ei lita runde etter vegen.Gjer godt for kropp og sjel..Litt godt med regndråper som renn etter kinnet.
Mildt og fint ute idag…skummelt føre å køyre på om kvelden når det vert kaldare

Snart gå inn til mammaen min med hekletøy og kryssordblad og tilbringe kvelden der i fred og lage mat ilag.
Pinnekjøtt..Har lyst på å sitte å nyte maten i fred og ro…Godt med fri ikveld sidan eg jobba julafta.
Fekk mat der og,men er litt anna når ein ikkje kan ete maten ilag med andre grunna munnbind og avstand:)
men sånn er det no om vi vil eller ei..

Håper på bedre tider:-)


I morgon er det nytt år og nye muligheiter:-)

4 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg