Aldri godt å vite kortid den dukker opp.
Idag har eg fri❤
God tid å studere landskapet i håp om å få auge på den.
Imens les eg vidare i boka mi
Fuglane syng,måsen skrik.
Kobben koser seg i sjøen nedenfor huset.
Ser berre hovuda som stikk opp.
Rekreasjon for kropp og sjel.
Nokon nyt båtlivet.
Sein påske betyr ofte aktivitet på sjøen.
Eg syns det er topp her i solveggen.
Kjenner eg er litt sliten.
Folk i hytter og hus.
Litt meir liv og røre enn sånn til vanleg.
Fortsatt ikkje sett haren…
Men no kjem barnebarna..
Då er det håp
0 kommentarer