Ytre Fjaler på sitt beste

Flott i mange kommunar på kysten av vestlandet:-)Ellers og
Veldig glad i å gå tur i Ytre Fjaler
I dag gjekk eg den lengste vegen til Dagsturhytta
Igrunnen er det reine omvegen:-)Men er vel den som er lettast å gå visst ein er litt dårleg til beins
Skodda eller tåka låg lenge her idag.For meg spelte det sånn sett lita rolle..Eg var på jobb:-)

Men vart heilt nydeleg.Så gamla fann fram turskoa og sette seg i Larrisen.Grei sånn bilen.Den køyrer der eg bestemmer.



Er igrunnen ganske sutaløst å gå på skogsveg.Går liksom litt slakt oppover.Og denne går omtrent helt opp på fjellet.Supert sånn sett.Sikkert flott å jogge visst ein gidd det.Eg har meir enn nok med å gå.
Går nett ikkje så fort heller

Denne stakkaren har fått tre både under og ved sida.Skal berre sjå vi bokstavelegtala får ein trebenk om nokre år

Sakner igrunnen sauer som beiter .Eller kanskje geiter.Hadde vore bra for landskapet.Alt gror att.
Sånn er det jo mange plasser

Her skulle ein hatt besøk av mannen med ljåen:-)ikkje misforstå:-)


Er heilt magisk på toppen.Var berre nydeleg og rekreasjon for kropp og sjel.
Men litt langt,litt dårleg merka ,litt vått,flygemaur og svette:-)
Men gjorde ingen ting.
Skjønner godt eg klarde å gå meg vill oppå der,for stien ned til skogsvegen frå varden ,er for meg heilt ulogisk:-)
Idag gjekk eg opp og nedatt same veg.Måtte teste om eg fann fram.
Men kjem nok til å gå mest den stien eg har brukt til no:-)Gammel vane er vond å vende.
Men verdt å gå om ein ikkje har det travelt
No ser eg at siste bilde er frå Einingsfjellet,men ytre Fjaler:-)Så innafor No skal eg ete middag.Seint,men …mat er mat:-)

1 kommentar

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg