Med hovudet under armen og armen i bind

Fekk koseleg føremiddagsbesøk idag😊
Skal ikkje meir til før å få humøret opp eit hakk
Og det nydelige veret då
Fantastisk
Tok med meg armen ut på tur...
Og han er ikkje enkel

Nydelig nede med sjøen.
Vakkert rett og slett

Stor flo...smerter eller ei
Gjer godt med frisk luft

Fann ikkje heilt roa med boka...armen fann ikkje stillinga så bar han med meg  på tur

Hadde meg ein tur på utsikten...
Kor lurt all den bevegelsen var for armen veit eg ikkje...
No er den iallefall puss sur...
Jaja...gjordt er gjordt og resten av meg hadde godt av det...
No har eg slengt meg ned i stolen sånn delvis liggande...
Mangel på piloter...
Nord Korea og USA
Vm i Bergen er jo ein fryd å sjå på..det er nyheiter på TV.. .
No venter eg på skal vi danse..
Litt må ein jo drive med om dagane😂

Mormora mi hadde hatt bursdag idag❤
Tid for litt ettertanke.
Ha ein fin lørdagskveld😚

F.....heller

Trur eg vert sprø og det som verre er
Av all den verken som herjer her
Trur ikkje heilt at alt var så bra
Av det som legen på torsdag sa

Der slenge eg rundt på armen min
Skulle berre fortsette og slenge den i sving
Uten fatle skulle alt gå bra
Jau takk det skal du f..meg ha

Verker gjer eg som aldri før
I tillegg så er det noko som på ryggen klør
No trur eg at eg roar armen ned
Skal få vere nokre dagar heilt i fred
Bedre å lytte til fysioterapeuten min
Kanskje eg så slepp gå heilt i soinn

På tvers av kommunegrensene

No kjenner eg at eg vert varm rundt hjarterøtene og stolt av politikarar og administrasjon i Hyllestad kommune😙
Det er ikkje enkelt å bu i utkanten og vi har i haust hatt ein barnefamilie som flytta.
Glad det no er åpna opp for kryssing av kommunegrensene og håpar nabokommunene gjer det same...
Vil ikkje gjelde mange men gir håp om at fleire vil busette seg i grenseland😙

No vært eg stolt av å bu i kommunen😉
Med eit bilde frå Lammetun i nabokommunen

Flott i bunkersane og godt vedlikehald..
Kjekt å besøke naboane og innimellom.
Her heier vi på folk med initiativ og pågangsmot🤓

Mygg og knottfestival😙

I fortet på Lammetun.
Allsang med Marit😆
Intimkonsert..vi var ikkje mange men det var kos.
Fekk myggspray til bekjempelse av knotten og gode puter og sitte på
No kan de angre de som ikkje kom😉

Kjekt at nokon lager ting noko utenom det vanlege..
Har hatt ein drittdag med smerte..
Så då både mor og sønn spurde om eg ville vere med så eg først nei...
Men så tenkte eg...
Kan ikkje verte verre ...
Angrer ikkje..

Magisk

Nydelig på Lammetun og på fortet😙
Tusen takk for opplevelsen.
Kjem att eg altso

Nei og nei

Enkelte dagar kunne ein med fordel hoppa over.
Trur det vært for mykje bevegelse av det gode ...for idag er det ikkje dagen for å sei det mildt....
Får håpe det vert bedre dag i morra...

Nye legar og nye skikkar

Røntgen og lege idag..
Og venting i timesvis....på overlegen

Ja stakkars turnuskandidaten som ville ha litt råd..

No har eg visst brote både overarmen og har eit brudd i skuldra..visstnok ikkje noko pent..
No hadde visst legen sist sagt han ville operere men eg hadde nekta.
Sto det i papira..
Etter min hukommelse fraråde han operasjon..men sidan eg verka så sa han at operasjon var eit alternativ for å unngå smerter...då sa eg at eg avvente..
Mulig ein bør ta samtaler opp på band..

Sist fekk eg kjeft før manglande fatle og for mykje bevegelse...
No var det omvendt.. .
Inga fatle og bevege meir...men under 90 grader...
Ikkje grodd..sist fekk eg tilsnakk fordi eg ikkje hadde vore  hos fysio..
No fekk eg beskjed om at det skulle eg først etter 6 veker...
Lettare forvirra og trur at eg no gjer det som følast greit for meg...

Verker gjer eg iallefall.
Fatla har eg no lagt vekk og håper det er rett.
Kjem til å bruke den når eg går tur...
Er  ikkje berre berre å slepe rundt på denne armen...

No sit eg her lettare forvirra
Ser dei hadde ringt frå sjukehuset halv fem...kvifor aner eg ikkje..og der er resepsjonen sitt nummer som kjem opp.Dei aner ikkje kven som har ringt...

Så no sit gamla her og føler seg sånn passe..Gruar meg til natta

Ikkje berre berre å vere pasient

Var innom og såg på stoler og sånn i farten...ikkje til meg altso men får nok sitte i den eg og ved behov..

No har eg flata ut....
Sliten.no

Surren i hove

Sliten og trøtt og litt sliten i hove
Har eg rett og slett lege strekk ut og sove
På TV er sykkel og Bergen i rus
Fantastisk å sjå og høyrer kun brus
Litt stolt av å vite at eg er i frå vest
I Bergen der kan dei det med å stelle til fest

Har vore hos fysio og det gjorde meg godt
Massasje på muskler for å løyse litt opp
I morra på røntgen og der håper eg på
Endeleg lite granne positivt å sjå

I natt sov eg nesten sitjande i sofaene min
Måtte det for å skåne kroppen og sinn
I dag ligg eg flat i stolen og søv og håper på at armen ikkje finn på noko tøv

Venstrevridd

Armen verker som berre f...om dagen
Jaja...
Fysio imorra og røntgen torsdag
Kjedelig  å ikkje kunne gjere så mykje.Hadde hjelpt for å avlede smertene..

Her går det i Wordfeud og suduko😁
Er elendig i begge deler og ekstra vanskeleg å skrive med venstre

Øving gjer meister seiast det

Nåja....men står ikkje på innsatsen..
Er sikkert litt uforsiktig i bevegelsen til tider..Pokkers arm😎
Lett å gløyme seg..håper det gror rett eller gror i det heile...kjennes ikkje slik ut😉
Venter på 71grader nord😙
Ser på mitt kjøkken rusler.. .
Imponerer meg at folk kan lage mat😉
Sånn går no dagane

Varmepumpa montert

Den kjekke og greie karen frå Fjordane varmepumpeservice😊
Rydda oppatt etter seg gjorde han og..
No tok eg like godt å kjøpte hus til varmepumpa når eg først var igang..
Kan no ikkje stå åleine ute stakkar😂

Fint hus😉
Fekk enkel og grei forklaring på bruk.
Måtte gjere det sjølv så han var sikker på at eg forsto det.
Nok ymse vand..

Slik fekk eg pumpe.😉
No må eg vente på at mine håpefulle skal hjelpe meg med kjøkkenet og eletrikaren kjem og skiftar sikringsskap..vart litt utsatt sidan gamla ikkje held seg på føtene

Men vert nok...ting tek tid...
Men har fyrt i ovnen og har det hett og godt eg.
Ingen frostskader...

Helsikes.. ...

Kjenner at no er eg drita lei
Av mangel på søvn og armen på snei
Det terer på tolmod og alt som er
Mangler berre at eg no får ilt i nokre tær

Verken om natta den røyner på
Er berre å stå opp å starte å gå
Må sei eg no er veldig spent
Kva som i grunnen i skuldra har hent

No drikk eg kaffi og prøver på
Å tenkje på anna enn kor dette skal gå
Snart kjem jo han fyren med varmepumpa mi
Får prøve til den tid å få smilet på gli

Varmepumpe

Har visst kjøpt meg varmepumpe😉
Vert montert i morgon..
Har desverre ikkje så mange plasser den kan henge...
Jaja...vert istedenfor maleri...
Godt eg har søner som meiner at mora ikkje skal fryse😀

Ja må no betale...
Idag har eg vore på jobben ein tur..
Armen syns visst ikkje noko om det...
Drittlei smerter men Sånn er det...

Gjorde no godt for resten av kroppen å sjå folk...

No er det ro og TV resten av kvelden

Bitte litt misunneleg

Sit og ser på utlagte bilder frå venner som nyt helgas godver i fjellet..
Eia var eg der..
Men er vel ofte slik..
Det vi ikkje kan frista mest..
Slett ikkje sikkert eg hadde gått på fjellet hadde eg kunna
Men gått tur hadde eg og Gleder meg til å kunne rusle rundt litt lenger enn 100 meter..

Fått nydeleg lammefrikase til middag.
Berre velstand med søstrene heime på helgebesøk.
Kiloa som forsvann dei første vekene er komne på plass att desverre.
Lett med trøsteeting.
Sykkel vm.
.Litt imponert over folkehavet på Askøy og Bergen idag..
God reklame☺tommelen opp

Funne fram ny bok..

Armen knurrer litt ..misfornøgd med tilværelsen.
Gamla er lei men Sånn er no tingenes tilstand.

Nydeleg helg.

Kaffi og knekkebrød😉

Nyt morgonstund med kaffi og knekkebrød
Enkel og grei frukost som går flott å lage med ei hand

Har til å med dusja å vaska håret..
Burde hatt pumpekanner til sjampo og balsam...
Er jo reine akrobatøvelsn.
I natt har eg putta i meg Max Paracet og klart å finne ein vetig stilling innimellom..
Har til å med sove godt nokre timar😉
Kjenner meg straks litt bedre..
Så får eg no heller ha meir ilt om dagen

Nydelig speilblank fjord og sola skin

Ikkje så god å ta bilde med venstre😙
Skal prøve nyte dagen maks.
Sosialt samver med familien.
Gjer seg og ein klarer skubbe smertene litt vekk.
Går seg vel til til slutt😙

No skal eg krølle meg inn i teppet og lese litt

God søndag og nyt livet❤

Sommerdag

For ein dag
Nydeleg sol.sommerfølelse i september er ikkje å forakte.
Kosa meg med søstre og foreldre.
Litt kjekt med positive innspel i elendigheita

Fått god fårikålmiddag og kosa oss på altanen..
Rett og slett godt.

No har eg havna hos meg sjølv med krimbøker..
Prøver stenge vekk smertene..

Her må ein vri tankane til det positive

Sol og kaffi får gjere susen😙

Ha ein super laurdagskveld

P0kkers netter

Er så lei mykje smerter og lite søvn.
Maks paracetinntak hjelper lite..
Lurer på korleis dette brotet i grunnen ser ut..
So no sit eg her...
Trøtt i trynet og i krigshumør...

Fjorden er spegelblank.
Vakkert syn og ser ut til å verte ein fin dag
Håper brotet gror finare enn det følast

Får håpe humøret mitt og tek ein vri😙
Får få i meg litt kaffi og prøvde finne ein ok stilling til at armen roar  ned

Går seg  vel til

God laurdag😙nyt kvart minutt

Auge pol😉

No er det  no litt kjedelig å kun feile ein ting
Litt variasjon må til.
Har alltid vore legar som har satt injeksjon på auget...
Men idag var det ein sjukepleiar.
Noko nytt dei er starta opp med.
Merka ingen forskjell eg altså 😙

Vel det tok litt lenger tid  men øving gjer meister og ho var flink..
Er jo kva ein vert opplærd til som tel.😉
Tommelen opp.
Syns ein av og til er  altfor opphengt i utdannelse og ikkje i kva folk faktisk kan😙

Reiste i skodde og kom heim til nydeleg høstver😊
Armen er vrien men er som det er..
Kjenner at det er greit å ikkje måtte forhalde meg til andre men småbanne for meg sjøl..

Fann meg eit par jordbær og nyt sola på altanen..
Den varmer godt

Ha ein super fredagskveld

Høst

Våkna til sol og nydelig ver
No regnar det litt og det dryp i frå treer
Ustabilt ver det er haust her hos oss
Men vakkert er det ,veret til tross

Sola skinner når den får det til
For skyene er ikkje alltid så snill
Temperaturen den er no slett ikkje verst
Men lurt å alltid ha med sydvest

Morgenstund har gull i munn

Mulig det er slik for nokon men ikkje for meg
Fått fyr i ovnen og er langt nedi kaffikanna

Men ute er det nydelig.
Ser ut som vi får ein kjempefin dag
Her er det smertene som tvinges meg opp..verre å ligge.
Ser på god morgen Norge.
Per Fuglelid var ein veldig klok mann.
Sterkt intervju
Vi kan alle lære mykje av hans visdom

Nokon har mykje å lære til mange.
Livet er ikkje evig.Vi må leve mens vi kan.

Sola skinner ute.Kjem nok til å verte ein nydeleg dag

Ting tek tid

Og gamla er drittlei.
Er ganske mange som bryt overarmen har eg funne ut..
Ikkje det at det gjer ting bedre..
Verker og kjenner at det terer  på humøret

Har altså dusja å vaska håret idag..
Det tek tid og all ære til dei som klarer alt med ei hand😉
Vart no på det viset det vært..
Lukter no i det minste bedre😉
Håper det vert litt bedre med tida...
Lurer på om det i det heile er begynner å gro...
Men 3 veker er ikkje så lenge normalt.
No føles det som evighet

Nydeleg ver ute men formen er ikkje sånn kosemegute

Vert nesten kriminell av krimbøker og kortfilmer.. .
Treng hjelp til å få nye dynetrekk på..
Ga opp..
Men lærerikt på eit vis.
Kanskje eg skal rusle ned etter posten..
Litt bevegelse skader vel ikkje😙

God morgen

Valget er over og kvardagen er som den har vore
No gjenstår det å sjå kva dei neste åra kjem med

Sola skinner no inn glaset om ikkje anna
Gamla har det ikkje fullt så bra..
Litt usikker om det er eit bra eller dårleg tegn..
Hadde liksom tenkt smertene tok litt av og ikkje på..
Jaja..
Litt skal ein ha😉

No er spørsmålet..
Kor og kven har bomma i valgkampen..
Og kvifor ikkje minst..
Sikkert mange grunnar tenkjer eg
No sakner eg Aarebrot og hans oppsummering.
Den var i det minste med glimt i auget.

TV kvardagen går nok tilbake til det vande og vi får vite kva som rører seg ellers i verda.

Bruk stemmeretten

Har vore i stemmelokalet
Viktig å bruke stemmeretten.
Borgerplikt meiner eg.
Kven ein stemmer på er eige valg utifrå kva ein legg mest vekt på.
Men stem😙
Heldige vi som bur i Norge

Har og vore hos fysio..no er eg i gang.
Kjem til å ta tid men vi har trua😙
Litt for smertefullt til tider og eg vert sliten men det går på fram😙

I huset lukter det godt lapskaus..
Kjenner eg er svolten😙
Godt tegn I grunnen..
Kanskje eg skal ta meg ein lur
Lang valgkveld🤡
Spennande 😚

Ha ein fin mandag

Utfordring

Det følast så einsomt å stå utafor

Ikkje å vere eindel av gjengen

Ser vi folk rundt oss

Slepp vi nye inn eller passer vi på vår eiga vesle gruppe

 

 

 

 

 

 

Trist nyheit på morgonkvisten

Frank Aarebrot er død
Hadde ei evne til å formidle som var unik
Kunne få det mest kjedelige emne til å verte spennande.
Takknemlig for å ha opplevd han live med eit fantastisk kåseri som fekk meg til å gløyme at skulen og lokalet var iskaldt..
Verd å fryse for...
Trist for familien men og for oss som no går glipp av kunnskapen hans..

Stormen raser vidare og forsaker skade..
Valg i morgon.
Skal kose meg med familien idag og kjenne på kor heldig eg er❤

God morgen😉

Tidleg oppe og ser ut på blikkstille fjord

Høst.
Elskar høstfarger  men ikkje mørke kveldar.
Likar å sjå rundt meg.
Må sei eg er glad valget er mandag.
Litt lei av all personangrep.
Spennande valg.

Lite søvn på gamla..
Lange dager..vel mykje TV og lesing
Kjede meg i lengda .
Lite eg klarer med venstre.. er veldig høyrehendt merker eg.

Ser på tv-program frå Lasarote..
Skjønner at folk emigrere i vintermånadane😙
Er vakkert her og men kulde og vinter er ikkje mi greie
Gamla bør finne seg litt mat og håpe  på ein ok dag🤡

God lørdag❤

Frustrasjonane må ut:)

Det er ikkje synd i meg

Veit det kan høyrast sllk ut.:-P 

men det er godt å skrive ned frustrasjon og få sagt at er ikkje berre berre med broten overarm 

uten gips eller støtte så skal det lite til før det skjer seg.

No har eg alltid vore noko for meg sjølv. Reagerer ikkje som folk flest på medisin.Snarare tvert om

Rett og slett ei plage og vanskelig å forstå både for meg og andre

No slit eg med det faktum at eg ikkje toler smertestillande..

Kva er verst.  smerter eller kvalme og oppkast

Det skal ikkje vere enkelt .

Så idag får smerter vere smerter..prøver ta minst mulig..litt må til

Så litt kvalm er eg nok...men men

Har fått med nydeleg middag .oppskoren.].Hjalp på humøret

Er ikkje enkelt å mestre det alltid...Det går men tek tid...Mange som klarer det utrulege med ei hand

Eg beundrer dei eg

Kjenner at eg syns det er greit at det snart er gått 3 veker

Fysio ,trening,banning og kvalme...

Men det går seg nok til

Håper det er noko bra på tv...Lange dager

God fredagskveld

 

 

 

 

 

 

Rett fokus😙

Når ein av ein eller annan grunn er sjukemeld er det viktig å ha kun eit fokus..
Bli  frisk og komme tilbake i jobb
Alt anna er uviktig.
Alle må ha det fokuset..
Venner ,familie,den sykemelde og arbeidsgivar
Det å få positiv feedback..oppmuntring og positivitet er alfa og omega

Ein er så sårbar ...alt vert tolka derifrå
Eg er fullt klar over mine eigne utfordringar med helsa..
Når eg i tillegg har skada meg ved fall to ganger på kort tid så har eg uflaks..
Det .minste eg no treng er at nokon dreg i tvil at eg skal komme meg i jobb att
Den minste antydning så går gamla i kjellaren .Depresjonen slår til og tårene renn..
Sånn vil eg ikkje ha det..
Eg vil ha positive folk rundt meg som heier og seier att dette fikser du
Ting tek tid...
Var på røntgen idag..var ti minutt venting så dei..
Eg satt ein time ...til slutt så eg at eg ikkje orka meir..

Vart alt for sein til legen
Der fekk eg kjeft før heilt feil fatlebruk
Den var alt for lang...
Skadeleg...
Greit å vite etter nesten tre veker

Du går til fysio..
Nei...
Har vel fått rekvisjon...
Nei...
No har eg fått det..grundig innføring i fatlebruk  ved overarmsbrudd og demonstrert korleis eg skal trene..
Ikkje rare øvelsen..
Grei og dyktig lege med rett fokus..

Ting kan skjere seg men den tid den sorg.
Skal det vere fokuset no  ..så går det galne  vegen. Eg må ha tru....
Veit at alle vil meg vel...
Eller lever i trua..
Men ein tenkjer ofte ikkje over korleis det ein seier virkar på mottagaren

Beundrer mamma og dei flotte blomstene hennar  og pappa som sat godt i godstolen og syns det var topp å vere heime.
Gjorde godt😊

Må ta meg ein strekk kjenner eg og håper at neste veke er det litt bedre.
Tek ein dag av gangen

Går seg nok til

Nyvaska hår😙

Føler meg nesten som eit nytt menneske😙
Snille mamma har vaska håret mitt så no er det reint...

Prøver kutte ned på smertestillende i håp om at litt av kvalmen gir seg...
Litt usikker på om det er lurt...
Jaja..ikkje enkelt å vere menneske

Vert iallefall lei av å ligge på sofaene..
Men er i grunnen den beste plassen😙
Kanskje eg slit den ut så eg kan skaffe meg ein ny😙
Ikkje for det...den er god å sitte og ligge på

Men men...tida går og gjensidige består

Lange dager når ein ikkje orker nokon ting..full forståelse for pappa der...eg kan no i det minste lese..
Har tross alt berre brote armen...
Men smertefullt er det like forbanna .. .håpar det går fort på fram...
Sjølvopptatt vert ein iallefall..ser jo dei rundt meg men lite eg kan vere til hjelp...trist det og

Kjenner eg tenkjer meir over kor lett vi har for å sei...det kan då ikkje vere så gale...og kor mykje vi meiner og tenkjer når andre er sjuke eller har brote noko..Korleis ting virkar og korleis ein reagerer på medisin og smerter er forskjellig frå person til person..vi er ikkje like..

Eigne erfaringar er bra som ballast men andre kan reagere ulikt...
Vi takler og ting ulikt..sånn er det berre

Er lov å syns synd i seg sjølv men hjelper lite😗

Hårvask med forviklinga

Søren ta meg ikkje lett å vaske håret kun med venstrehanda og med ei høgre som lagar eit sørens liv berre eg leear på den

De kan tru eg ser ut på håret

Hadde nok vore ein fordel å ha kort hår...No har eg ikkje det

Er ein sammenfiltra hårvase i beste madam mim stil

Lukter ikkje godt heller...Uff

Må nok gjere eit nytt forsøk idag men eg gruer meg...

Trur kanskje kanskje eg må be om litt hjelp.

Irriterande å vere så hjelpelaus..men høgrearmen er vond så ikkje så Enkelt

Igrunnen så er det mykje ein kan trene seg opp til

Må berre senke krava og ete det som går greiast med feil hand..

Kjenner eg vert irritert av å ikkje få ting til

Litt usikker på korleis dette brotet gror ihop.

Kanskje eg berre har ein dårleg periode..

Røntgen torsdag heldigvis..Håpar det beste. 

 

Ormfritt😊

🤓fordelen med sofalivet er at det er lite orm å sjå
Vore eit aldeles fantastisk ver
Fører jo til at eg og har lyst å vere ute litt.
Lett å gløyme at det er kun 14 dager sida eg fekk eit stygt overarmsbrudd

Så sofan har vore god å ha...
Sikkert og vorte formykje kaffi.
Eller i kombo med tabletter..
Spyr gjer eg iallefall  
Sånn går no dagane..
Men får no lese innimellom
Kva skulle eg ha gjordt uten gode bøker.

Håper det gror rett😙
Heldigvis berre ei veke til valget
Vel er det viktig men vert lei..
Ikkje alltid så enkelt å vite kva ein skal tru på.
Verden vil bedras

Men gleder meg over nydelig ver som går over i regn.
Har fått utsatt infeksjonen i auget..
Ikkje lurt men klarer ikkje to førdeturar denne veka kjenner eg.
Går seg nok til
Pengesluket er fornøgd.
Formelig gliser over at gamla må utsette innkjøp av ny bil.

Får trene meg i å halde meg på føtene🤠
Får sjå på TV og gjere det beste utav det.
Viktig å få skjønnhetssøvnen og.
Så mykje som eg søv fortida vert eg nok reine skjønnheita😊
Visst ikkje rynkene av smertene tek overhand😙

Merkelige greier

Kvifor er det slik at det er når eg ikkje klarer noko verdens ting at eg får slik voldsom trang til å rydde😉
Det er liksom no eg ser alt som eg burde ha gjordet noko med for lenge sida😊

Einaste eg får no er liggesår og tresmak i reva🤥
Kjennes iallefall slik ut...
Burde nok lese litt fagstoff og oppdatert meg litt.Hadde nok vore lurt.
Ikkje heilt der endå kjenner eg.
Og eg har berre brote ein arm.
Det einaste nyttige er at no veit eg korleis det kjennes...kan no ta det med i jobben min..vi har vel lett for å tru at ein klarer meir enn ein gjer

Ikkje så gale at det ikkje er godt for noko
Det eg har lyst til er å gå meg ein fjelltur...men sikkert like godt eg ikkje kan..
Hjortejakta er jo starta og er litt utrygg i marka den første tida..
Litt usikker på nervøsiteten til jegerne første veka...
Hjortejakta gjer noko med folk har eg merka meg og ikkje alltid positivt😊

Jakt er ikkje mi greie.
Held  meg til å ta knekken på fluge.
Men kjenner at dei virkelig kan få fram sinnet i meg...
Så nå kan det kanskje vere lurt eg ikkje går på jakt..

Har no i det minste fint ver.stille og fint både på land og på sjøen😉
Har det fint her i godstolen og🤠
Må berre  ha tolmodigheit og halde meg på føtene. Vore litt mykje fall i det siste🤔

Les mer i arkivet » September 2017 » August 2017 » Juli 2017
kjeftsmella

kjeftsmella

58, Hyllestad

Heilt vanleg dame med forskjellige interesser. Slutta å røykje for snart eit år sida.La fort på meg 10 kilo og det gjekk oppover heilt til eg tenkte eg fekk gå for å prøve halde vekta i sjakk. Erstatta røyken med mat og er fortsatt alt for glad i mat og småeting:-) Ellers er eg glad i å lese romaner og helst krim.Hekler litt sånn innimellom Liker humor og mykje sjølironi:-)

Kategorier

Arkiv

Siste innlegg

Siste kommentarer

Lenker

hits