Tåler ikkje dagens lys:-)

Kan høyres ut som eg driv med lyssky virksomheit og på ein måte så er det nok det.

Av alle tider eg skulle få behandling med laser på auget ,så var det no når det flotte veret kom

Ute er nemlig nydeleg sol.Har faktisk venta på den i vekesvis

Dei seier sola skin på dei rettferdige,så føler meg veldig urettferdig her eg går i halvmørket

Behandlinga eg fekk på Augehuset på Haukeland har medført at eg ikkje tåler sol eller dagslys på nokre dagar-

Lysømfintleg

Fekk meg nokre flotte vernesolbriller.Dei skal vere på inne og må vite

Eg brukar lesebriller frå før og ser no slik passeleg, No når eg må gå rundt her og vase med solbriller så seier det seg sjølv at det er ikkje så veldig mykje eg ser.

Tv går.Er langsynt,så har fått med meg ol og diskinga av den unge Ingebriktsen idag.Fortjent.

Kan ikkje berre bryte seg fram her i livet og iallefall ikkje på sportsarenaen.Litt synd men håper han lærer.

Ikkje noko rusk dei brillene her.Men dei gneg bak øyrene!!

Starta etter ein time! så kort veg til apoteket og få på plaster bak øyre ,men det vart forlite

Så no har eg bandasjert.Bra eg rusler rundt her aleine:-)

Men er jo ofte slik at når ein ikkje kan gjere så mykje så får ein ei veldig arbeidslyst

Så idag har eg vaska fryseboksen

Du verden kva eg fann.Der var mat eg hadde lett etter, og mat eg ikkje visste eg hadde.I tillegg var det noko som absolutt hadde vore der for lenge

Det vart kasta.Men sidan eg ikkje kan gå ut er det mellomlagra rett utafor døra.

Bra eg ikkje har nære naboar som kan irritere seg.

Baka brød har eg og.Er veldig lenge sidan sist og dei vart rett og slett smellgode

Så idag har eg ete på meg nokre ekstra kilo.No har eg frose resten:-)Vart jo plass i frysen

 

No har eg til å med klart å løyse problemet med å lese meldingar og finne bokstavane på tastaturet

Var jo berre å sette brillene utanpå solbrillene

Kjøpte meg eitpar litt sterkare på clas olsom så derfor merkelappen:-)Såg no den fortsatt er på:-)

Så no kan eg til å med blogge.Får prøve å ikkje sitte for lenge med maskina for er sikkert ikkje bra det heller.Men eg kjeder meg:-)

 

Heldigvis var eg no så pass oppegåande at eg huksa å stikke innom ein butikk å få meg tråd og pinnar som eg kan strikke uten å sjå stort:-)

Nesten så eg vart overraska over meg sjølv:-)

Skal gå slik i morra og så lurer på kva eg då skal finne på

 

#humor #ironi

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg