Innesperra og smågal del 2

Ein ting eg har lurt på no desse timane eg har måtte halde meg innadørs er?

Korleis i all verda føler dei seg dei som sit inne store deler av livet?

Eg kjenner at berre tanken på at eg ikkje kan ut, får meg nesten til å klikke

Hadde sikkert ikkje følt det slik visst eg kunne gått.Tvert om.Sikkert kunne vore inne uten stress

Kan jo vere at solbrillene gjorde sitt.Gnog jo både her og der:-)

Må ærleg innrømme at då eg sto opp idag og såg skodda låg tett så tenkte eg

Hipp Hurra…!! Men så kom eg å at det var igrunnen temmeleg egoistisk.

Og sola dukka opp den-

Igjenn var det å stenge den ute og gå rundt her halvblind grunna brillene:-)

Sidan eg ikkje har markiser som stenger sola heilt ute var dei et must

Kom plutseleg på at eg hadde fått eit skriv der det sto kor lenge eg måtte gå på denne måte

Full gjennomgang av veska og jippi

På med briller :-)Og der sto det…48 timar…

Var som eg hadde vunne i lotte:-)Så klokka 14 kasta eg solbrillene .Den følelsen:-)

Sidan sola fortsat skein så våga eg meg ikkje ut.Med mi frå før av sarte hud er det ikkje verdt å ta sjangsar

Men som om eg fekk hjelp frå oven.Der kom skodda

Må seie eg jubla:-)Ikkje pent det heller ,men altså.Litt egoistisk har eg lov å vere

Kjenner at medisinen eg fekk i årane ikkje berre gjer godt.men har ein vore innesperra så må ein ut

 

Fram med mi nye treningsbukse.Fått den av dattera.Kari Traa-Kjempegod .Eg er altså ikkje sponsa men buksa er rett og slett behageleg

Desverre så verken held den oppe eller strammer inn, så noko pent syn er eg ikkje  i den heller:-)

Ikkje verdt å ta bilde av resten:-)Men har måtte innsjå at det er ikkje så enkelt å få av desse ekstra kiloa eg har ete på meg.

Får konsentrere meg om å halde vekta den eg har tenkjer eg ,sjølv om det sit langt inne.

Så då er det greit at ungane kjøper meg treningsklær som passer:-)

 

Var mykje skodde,men så lenge ein ser kor ein går er det greit

Flott kart 🙂

Var steike tungt idag.

Småsvimmel og pusta som ein kval,men var jammen godt å komme seg ut ein tur

og utsikta den kjenner eg jo frå før så var jo berre å sjå den for seg.

Kjenner at turen tross alt har gjordt meg godt.

Kroppen har fallt til ro

Kanskje ein har godt av å av og til kjenne på manglande friheitsfølelse for å skjønne kor godt ein har det

No har eg laga meg nydeleg salat og kotelettar:-)Her gjeld det å hive innpå i tilfelle eg har mista nokre gram

 

#Trim #humor #friluftsliv

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg