Fjelltur i vått terreng

Hadde nattevakt inatt.

Litt sånn sære desse vaktene der ein går av om morningen og skal snu til vanleg tid att.

Har jo frihelg og har ikkje tenkt å sove den heilt vekk,så starta med to timars søvn

Litt lite sikkert.Det må eg innrømme,så eg måtte halde meg i aktivitet:-)

Handledag.og klart eg måtte kjøpe meg skillingsbollar .Elskar skillingsbollar og åt så klart ikkje berre ein:-)

Har eg godt av dei !?..Nei!!,men syns eg det smakar fantastisk.?.Ja!!

Lenge sidan eg har vore på Vardeheia ,og det sjølv om eg berre kan ta på meg skoa og gå omtrent rett opp..

Veit ikkje kvifor eg er der så sjelden, for stortrivst på desse turane.Mulig fordi det alltid er vått og når det har vore slikt ver som i det siste så er det ikkje berre litt vått og gå

Må innrømme at det tok på å gå oppover.Kunne høyre meg kilometervis:-)
Men er så fantastisk å kjenne roa som senkar seg når eg er kommen opp dei første stigningane ,Traskar over myra og kjem inn til vatnet. Magisk.!!

Er eit eller anna med denne naturen som når fram til det beste i meg:-)Mulig det er fordi eg er på heimebane. Sola kom oppi første bakken og det vart nydeleg:-)H)adde rett og slett ein fantastisk tur:-)Burde sikkert gått litt fortare men fekk det liksom ikkje til idag.Må jo sjå om det er orm og stige litt utenom dei verste bløytene.


Den følelsen når ein er oppe ved varden og kan nyte utsikta 

Skjønner de no kvifor eg stortrivest på dette fjellet

Litt påfyll må til

I dag var det hett og godt på toppen.Sat lenge og berre kosa meg og let blikket kvile å den flotte naturen og utsikta ut i havet


Skjelefred

 

Til og med vorten brei over skuldrane:-)

Flotte kvite striper i fjellet


Kven er det som bankar på mi bru…?

Lifjellet i det fjerne.Snart heime 🙂

Vel nede og høg å meg sjølv og naturopplevelsane slo det meg….Skulle eg kanskje ta Einingsfjellet i same slengen?

Heldigvis for meg så var det eitpar friske hjerneceller att  som ga beskjed om at dei trudde kanskje eg skulle gi meg mens leiken var god

Tok med meg avisa i forbifarten,låste meg inn.Sette på kaffi og såg eg burde ta inn litt klær..Så vart gjordt

Planen klar.Dusj,kaffi og avis i sola.

Det første gjekk greit.men så vart spørsmålet…Kor var avisa?Borte vekk..Fann den absolutt ikkje, men av ein eller annan mystisk grunn hadde eg plutseleg to fulle kopper med kaffi.

Etter å ha leita etter den hersens avisa i all den tid ,tenkte eg at skit i den.Eg tek kaffi uten avis..

Kva låg ute på altanbordet…Jau,avisa

Men no hadde eg lett så lenge at sola var forsvunnen den og og vorte erstatta av kald skoddevind

Så tusla innatt,Laga meg middag og tok meg ein ,trur eg,nødvendig middagslur:-))

Så no har eg funne avisa,kokt meg ny kaffi og funne fram strikkerøyet.Snart ete opp 250 gram nøtter.Har dårleg samvittigheit og tenkjer…

I morgon skal eg starte på eit nytt og bedre liv ….trur eg

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg