Funderingar

Sit litt å funderer ein onsdagsmorning

Ute er veret grått

Det har roa seg etter Karl kom forbi,men fortsatt vind og ruskever

Det er haust:-)

Då er det igrunnen godt å sitte inntulla i eit pledd,ha kaffikoppen ved sida og berre vakne i stillheit

Sjå litt på tv,nyte utsikta og skrive litt på dataen.

Litt greit å få med seg kva div.aviser skriv slik på morgonkvisten

 

Dei siste dagane har det no gått litt på debatten i Usa. Må ærlig talt sei at for meg virkar han Donald som ei udetonert bombe, som kan gå av kortid som helst,og ikkje noko eg ynskjer som president .

Syns rett og slett tanken er ganske skremmande

Får håpe det er bedre enn det verkar som .Utfallet er det jo heller ikkje godt å sei kva blir

 

Så skal vi verte stort vestlandsfylke der vi vert ein liten utkant samanligna med dei sterke andre fylka med store byar.

Mulig det og kan gå bra.Kva veit eg.Men for meg vert det for stort

Og veret er jo det store temaet idag.Vind og regn.Og det vert kaldare og snø på fjellovergangane

Rett og slett normale tilstandar

Kom på at eg treng fire nye dekk til vinteren.Piggdekk.Noko anna nytter ikkje

Har ikkje bevega meg stort dei siste dagane så idag må eg kanskje ta på meg vestlandsbunaden og gå meg ein tur:-)

Men ikkje nett endå.Litt meir kaffi og kos:-)Viktig å ta godt vare på seg sjølv:-)

 

 

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg