Gale Lise

Av og til kan det vere greit med eit alterego.Andre ganger meir slitsomt
Skikkeleg sliten då eg kom frå jobb.Det einaste eg tenkte på var mat og så sofaen
Følte eg omtrent gjekk i svart
Låste meg inn i gangen og sparka av meg skoa då gale Lise plutseleg trona framfor meg som den burugla
Kor ska du?Spør du meg så er det einaste du treng ein spasertur i frisk luft…Ho var ikkje nådig
Så gamla fekk på seg joggesko.hue og refleksvesten og tusla avgard

Mykje vatn i bekken sjølv om eg syns det har minka sida igår
Kjenner det er kjøligare i veret.men vi er jo kommen i november så det er inga bombe.
Fortsatt er det litt lauv att på trea om ikkje så mange

Gale Lise har rett av og til.
Var godt med ein spasertur.
Skodda har lagt seg over fjorden og det er godt å komme inn.
No gjeld det å få fyr i ovnen og middagen ferdig😊
Svolten og litt kald og ikkje minst sliten.
Skal bli godt å krype opp i sofakroken

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg